Ordføraren i retten: – Har ikkje oppfordra nokon til å saksøke Trondheim

2 weeks ago 12



Dagen før utbyggarselskapa sende varsel om milliardsøksmålet til kommunen møtte styreleiar Kolbjørn Selmer opp på ordføraren sitt kontor.

I retten får ordførar Kent Ranum spørsmål om kva han sa om søksmålet den gongen.

– Eg som ordførar i Trondheim kommune har ikkje oppfordra nokon til å saksøke Trondheim kommune ved ordføraren, svarar Ranum.

  • Kvifor er Trondheim kommune saksøkt?

    Tre selskap har saksøkt Trondheim kommune for over 2,5 milliardar kroner fordi dei ikkje får bygge bustader på eit jorde.

    Saksøkarane meiner dei med rette kunne forvente å få bygge ut området fordi politikarane i 2019 vedtok at det kunne brukast til utbygging.

    Derfor sette selskapa i gang med investeringar og planlegging av å bygge bustader, men i fjor haust vedtok politikarane at området ikkje kan byggast ut likevel.

    Saksøkarane seier at politikarane har lov til å ombestemme seg, men dei meiner det er erstatningspliktig i dette tilfellet.

    Kommunen avviser krava frå utbyggarselskapa.

  • Kven saksøker Trondheim kommune?

    Saksøkarane er Overvik Eiendom AS, Overvik Lokalsenter AS og Blekkan Utvikling AS. 

    Kolbjørn Opsahl Selmer er styreleiar i alle dei tre selskapa.

  • Kva er Trondheim kommune saksøkt for?

    Trondheim kommune er saksøkt for 2,55 milliardar kroner av selskapa Overvik Eiendom AS, Overvik Lokalsenter AS og Blekkan Utvikling AS, for tapte utgifter.

    Utbyggarselskapa har lagt ned følgande påstand:

    i. Trondheim kommune betaler Overvik Eiendom AS erstatning fastsett etter retten sitt skjønn oppad begrensa til kr 1.911.000.000.

    ii. Trondheim kommune betaler Overvik Lokalsenter AS erstatning fasteatt etter retten sitt skjønn oppad begrensa til kr 322.000.000.

    iii. Trondheim kommune betaler Blekkan Utvikling AS erstatning fastsett etter retten sitt skjønn oppad begrensa til kr 322.000.000.

    iv. Overvik Eiendom AS, Overvik Lokalsenter AS og Blekkan Utvikling AS tilkjennast sakskostnader.

    Subsidiært ber dei om 688 millionar kroner for utgifter til utbyggingsselskapa.

  • Kan politikarane berre ombestemme seg for kva området skal brukast til?

    Begge partane i saka meiner at politikarane kan ombestemme seg.

    Trondheim kommune meiner dette ikkje er erstatningspliktig, medan utbyggarane meiner dei har rett på erstatning.

    Det har lenge vore ueinigheit blant dei politiske partia i Trondheim om kva området skal brukast til. Enkelte parti ville at det skal byggast ut, medan andre ville at det skulle brukast til landbruk og fleirtalet har variert mellom desse to standpunkta.

    Først var området definert som matjord, så vedtok politikarane at det skulle brukast til bustadbugging.

    Men i fjor vedtok eit einstemmig bystyre i Trondheim kommune at området skulle definerast som landbruksareal.

    Difor har utbyggarslskapa no saksøkt kommunen.

3. november i fjor, like etter at politikarane vedtok ein ny områdeplan og hindra utbygging på Overvik i Trondheim, møtte han styreleiar i utbyggarselskapa på sitt eige kontor.

– Sånn situasjonen var 3. november med vedtatt KPA, er det sånn at enten etterlev ein jo det, eller så er ein nøydd til å ta rettslege skritt for å få prøvd det ein ønsker for retten.

Ranum forklarer i retten at han forklarte utbyggarane kva mogelegheiter dei hadde for å ta saka vidare etter at dei ikkje fekk bygge ut likevel.

Dagen etter møtet blei det sendt eit varsel om søksmål til kommunen.

Juridisk sett er det Trondheim kommune ved ordføraren som er saksøkt for 2,55 milliardar kroner av tre utbyggarselskap.

I dag er ordføraren kalla inn av dei som har saksøkt kommunen for å forklare seg i retten.

OVERVIK: Utbyggarane krev fleire milliardar for at dei no ikkje får bygge ut på deler av dette området aust i Trondheim.

Roger Myren, NRK

– Fekk beskjed om at me burde sende eit prosessvarsel

Onsdag forklarte styreleiar i utbyggarselskapa, Kolbjørn Selmer, seg i retten.

Han sa at han tok kontakt med ordføraren like etter at politikarane vedtok at området på Overvik skulle vernast frå utbygging.

– Eg opplevde eigentleg at han var ganske fortvila over situasjonen som var oppstått, sa Selmer i retten onsdag.

Han forklarte seg også om møtet på ordføraren sitt kontor 3. november i fjor.

– Han ønska å sjå på mogelegheitene for korleis me kunne kome oss vidare med ein minnelegheit, sa utbyggaren i retten.

– Eg sa at me er interessert i å kome til ei einigheit. Og spurde om korleis ein såg for seg at det skulle skje. Då fekk eg beskjed om at me burde sende eit prosessvarsel til Trondheim kommune.

Dagen etter, 4. november, blei eit prosessvarsel sendt til kommunen.

– Det var eigentleg berre eit grunnlag for at me skulle sette oss ned og ha ein dialog, sa Selmer i retten.

Men det enda altså i eit søksmål mot kommunen, som no går for retten frå 10. til 20. november.

Befaring på Overvik i rettssak. Kolbjørn Selmer og dommer Kristin Rognan sitter i en minibuss.

Kolbjørn Selmer og dommar Kristin Rognan under synfaring på Overvik i rettssaka.

Foto: Bjarte M. Johannesen / NRK

Avstod å møte utbyggarane etter dei varsla om søksmål

Selmer presiserer torsdag at det ikkje var ordføraren som anbefalte dei å gå til søksmål mot kommunen.

– Det var vårt val. Det var ikkje sånn at han sa at «no skal de saksøke Trondheim kommune».

Som ordførar i Trondheim snakkar eg med alle innbyggarane som vil snakke med meg,

Trondheim-ordføraren seier i retten at det allereie var kjent, via media, at utbyggarane kom til å gå til milliardsøksmål mot kommunen.

Då låg det på bordet på to ting. Enten å etterleve KPA sånn som den ligg, eller å ta ut søksmål, gjentar Ranum i retten.

Ranum er inhabil i behandling av arealplanar i kommunen fordi han har eigarinteresser i eigedom. Difor har han ikkje vore med på vedtaka i forbindelse med utbygginga på Overvik.

Likevel skal utbyggarane ha halde fram med å kontakte han om saka.

Har det vore noko kontakt mot deg frå saksøkarane etter at det blei varsla om søksmål?

Det spør kommuneadvokat Lars Marius Heggberget.

Ja, det har vore førespurnader om å treffast og møtast. Eg fann det mest riktig å avstå frå det og la den rettslege behandlinga gå utan å treffast noko meir i forkant, svarar Ranum.

Politikarane i Trondheim har tidlegare fått kritikk for å la seg påverke av utbyggarane i saka.

Ueinige om politikarane snudde i tide

Saksøkarane og kommunen er ueinige om kommunen er pliktig til å betale erstatning til utbyggarselskapa.

Kommunen meiner politikarane endra områdeplanen i sin fulle rett og før prosessen om utbygging hadde gått for langt.

– Arealpolitikk som all anna politikk, er dynamisk. Det ligg i korta at det kan endrast.

Det sa kommuneadvokat Lars Marius Heggberget i si inneleiing i retten.

Utbyggarane er ueinige.

Dei meiner endringa kom for langt ut i prosessen og at kommunen er pliktig til å betale erstatning for tapte utgifter og framtidig forteneste.

– Det er ei så sterk og velgrunna forventning og når dei då berre ombestemmer seg, så utløyser det erstatningsplikt, argumenterte advokat Anders Flaatin Wilhelmsen.

Publisert 13.11.2025, kl. 15.23

Read Entire Article