Partiet FOR: Glenn Diesen trekk seg som førstekandidat i Akershus

1 day ago 9



Glenn Diesen trekk seg som førstekandidat for partiet Fred og rettferdighet (FOR) i Akershus, opplyser partileiar Marielle Leraand i ein e-post til NTB.

Han trekk seg på grunn av stor mediemerksemd dei siste vekene, skriv partiet i e-posten.

Geir Christensen frå Nesodden rykker no opp på førsteplass på lista.

Partiet har fått stor merksemd for ein reklamekampanje på t-banen i Oslo der kritiserte den norske våpenstøtta til Ukraina. Kampanjen var finansiert av milliardæren Atle Berge.

Fleire kritikarar har skulda FOR for å spreie russisk propaganda og stilt spørsmål ved motiva og finansieringa av partiet.

Read Entire Article