Påska nærmar seg – men fleire skitrekk har ikkje nok snø

1 day ago 1



– Det går hardt utover motivasjonen. Eg har lege vaken mange netter og oppdatert Yr.

Runar Kleppe, driftsleiar på Breimsbygda skisenter, møter NRK i eit anlegg som burde vore dekt av kvit snø.

Skisenteret på Utvikfjellet i Gloppen ligg 500 meter over havet.

Likevel har dei ikkje hatt ein einaste driftsdag sidan januar i fjor.

To portar til skiheisar står med presenning over seg. Portane står på berr bakke. I bakgrunnen er det trer, og ein veg som fører vekk frå området. Det er fleire steinar og gras. Biletet viser ein skiheis. Omgivnadene viser at det er berr bakke, med små området med snø på bakken.

Skisenteret i Breimsbygda har halde stengt heile sesongen

Linnea Fagerbakke Heggland/NRK

– Korleis kjennest det å ikkje kunne halde ope?

– Det er trasig. Spesielt for alle borna. Vi er eit familieanlegg, der dei fleste brukarane er barn og ungdom, forklarer Kleppe.

EIn mann med svart jakke og skjegg ser mot kamera. Han står i eit uteområde med berr bakke med litt snø her og der. Veret er grått og overskya,

Driftsleiar på Breimsbygda skisenter, Runar Kleppe, fortel at det tærer på økonomien å ikkje kunne halde bakkane opne.

Foto: Linnea Fagerbakke Heggland / NRK

Snøfattig i heile landet

Tuomo Saloranta er snøforskar hos Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Han ser tydelege teikn i målingane. Det er langt mindre snø enn vanleg i år.

Biletet viser eit kart av Noreg, og delar av Sverige. Det er delt inn i område med grønt, lyseblått og mørkare blått.
00 denne dagen.

Kart over snødjupna, fredag 13. mars. Snøkartet viser at det er få område i landet som har over 4 meter snø.

Senorge.no/NVE

– Heile landet ser snøfattig ut no. Særleg på Vestlandet er det mykje mindre snø enn det pleier å vere, seier han til NRK.

Ein mann i raud jakke smiler mot kamera. I bakgrunnen er det ein blå himmel, og ein skimtar fjell i horisonten.

– Det er venta at skisesongen blir kortare i framtida, seier snøforskar ved NVE Tuomo Saloranta.

Foto: NVE

Han forklarer at ein må fleire tiår tilbake for å finne ein mars månad med like lite snø i enkelte fjellområde.

– Målingar tyder på at snømengdene på fjella i Vestlandet er ei av dei lågaste i mars sidan 1960-talet.

Fleire skisenter fryktar at påska ryk

Sjølv om det fall tung og våt snø over store delar av Sør-Noreg i helga, er det framleis fleire skisenter som fryktar dårlege skiforhold i påska.

Harpefossen skisenter i Nordfjordeid har valt å halde stengt fram til dei ser ei betring i vêret.

Andre skisenter held framleis ope, men er avhengige av meir snø for ha eit tilbod i påska.

Biletet viser eit skitrekk. Det er avgrensa med snø i bakkane, og veret er grått.

Slik såg forholda på Eikedalen skisenter ut før helga.

Foto: Privat

– Vi håpar at vêret snur før påske, men vi ser på langtidsvarselet at det ikkje ser spesielt lovande ut, med temperaturar opp mot fem grader i heile perioden.

Det seier dagleg leiar på Eikedalen skisenter, Fredrik Tjønum.

Også ved Sogndal skisenter håpar dei at det skal bli kaldare før påskeferien.

– Vi er avhengige av at det ikkje skal bli for mildt og for mykje regn, for då blir vi veldig sårbare, fastslår områdeansvarleg Kristin Orten.

Lovande i Trysil og Hemsedal

På skisentera på Austlandet er utsiktene for påskeferien framleis lovande.

– Det har halde seg kaldt om nettene, så vi er heilt trygge på at det blir ei fin påske. Vi ligg jo ganske høgt oppe, seier destinasjonssjef i Skistar Hemsedal Jonatan Eklöf.

Viser Hemsedal skisenter i mars 2026.

Det er lite å seie på snømengda i Hemsedal i mars.

Foto: Kalle Hägglund

Destinasjonssjef for Skistar Trysil, Gudrun Sanaker Lohne, har trua på snørike skiforhold i påska.

– Vi har framleis alle bakkar opne, og forholda oppe i høgda er veldig gode.

– Kjedeleg

Sjølv om utsiktene ser bra ut på fjellet, er det lite som minner om vinter langs fjordane.

Borna på Breim skule er skuffa over at dei ikkje har hatt skiføre på heimebane i år.

– Eg synest det er kjedeleg at det er stengt. Skitrekket er eit fint møtepunkt for folk i Breim, seier elev Vegard Hetle (13).

Fem barn står oppstilt og smilar mot kamera. Til venstre er eit gut med lilla hettegenser. Bak han står ein høgare gut med blå jakke, og ei jente med hue. Fremst står det to yngre barn, ein gut og ei jente.

Elevane på Breim skule skulle ønske det var meir snø i år. Frå venstre: Ask Egge Bjørnereim (11), Vegard Hetle (13), Rasmus Madsen Kleppe (10), Eiril Paulen (12) og Olava Felde Sårheim (11).

Foto: Linnea Fagerbakke Heggland / NRK

– Kva trur du om påska då?

– Nei, det ser ikkje heilt bra ut. Men vi får håpe at vi kan kome oss på ski andre stader enn her, legg sjuandeklassingen til.

Publisert 16.03.2026, kl. 12.30 Oppdatert 16.03.2026, kl. 14.32

Read Entire Article