Pellegrino vann karrierens siste sprint – Heggen tok andreplassen

1 hour ago 1



21. mars 2026 kl. 19:40

Italienske Federico Pellegrino kunne toppe karrieren med ein siger på sesongens siste sprint i Lake Placid i USA. Det er tre og eit halvt år sidan sist han vann eit sprintrenn.

– Fantastisk. Det var eit godt løp, seier Pellegrino til Viaplay etter rennet.

Lars Heggen tok andreplassen etter ein spurtduell mot svenske Anton Grahn.

Heggen og Harald Østberg Amundsen var Noregs kort i finalen, men Amundsen snubla ut av starten. Han klarte likevel å hente opp feltet. Det heldt til ein femteplass.

Noreg hadde fire menn vidare frå kvalifiseringa, alle fire tok seg også til semifinalane.

Ansgar Evensen datt tidleg i semifinalen og blei slått ut. Even Northug rauk ut frå same heat etter ein tredjeplass. Evensen var tydeleg skuffa då han kom i mål.

– Eg ligg vel bak Even, og så kjem det ein spanjol og køyrer midt over skia mine. Eg prøvde å seie ifrå til han, men han var overalt. Det var jævlig irriterande, for eg følte meg bra, sa Evensen til Viaplay.

Evensen meinte spanske Jaume Pueyos forårsaka fallet. Spanjolen blei diskvalifisert for obstruksjon og fekk sisteplass i feltet.

En langrennsløper i blå drakt og lue deltar i et renn. Han bruker staver og ski, og er i en aktiv posisjon. Sportsklærne har flere sponsorlogoer, inkludert Stifel. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Foto: Robert F. Bukaty / AP,NTB
Read Entire Article