Person døydde av «svartedauden» i USA

5 hours ago 6



Dødsfallet blei bekrefta fredag av myndigheitene i Coconino County, nord i Arizona.

Personen blei innlagt på sjukehus og døydde kort tid etterpå.

Prøvar har vist at personen var smitta med lungepest, noko som gir ein alvorleg infeksjon i lungene.

Det er det første dødsfallet av pest i fylket sidan 2007, og det første i USA sidan 2021.

– Våre tankar går ut til familien og vennene til den avdøde. Av respekt for familien vil ingen ytterlegare informasjon om dødsfallet bli gitt, seier talsperson Patrice Horstman.

Et nærbilde av en plante

Mikroskopbilde som viser blodceller infisert av pest-bakterien Yersinia pestis.

Foto: [ANNE DERBISE, JOSE BARQUERO] / AFP / NTB

Det er uklart korleis personen blei smitta.

Førre veke blei det rapportert om fleire døde præriehundar i same område. Myndigheitene undersøker pest er årsaka, men seier det menneskelege dødsfallet ikkje er relatert til dei døde dyra.

Eit anna tilfelle av pest blei rapportert i Oregon i februar. Denne personen, som sannsynlegvis blei smitta av katten sin, fekk behandling og overlevde, skriv AP.

  • Kva er pest?

    Pest er ein smittsam sjukdom som kan ramma pattedyr. Den er forårsaka av bakterien Yersinia pestis. Pest førekjem i tre variantar: Byllepest, lungepest og septisk pest.

  • Korleis blir man smitta?

    Pest er ein zoonotisk sjukdom som kan overførast frå dyr til menneske. Bakterien smittar i hovudsak gnagarar som rotter, og blir overførte vidare til menneske via loppebit. Ein kan også bli smitta ved å vera i kontakt med sjuke dyr.

    Den vanlegaste forma for pest er byllepest. Infeksjonen kan likevel utvikle seg og forårsaka lungepest eller septisk pest.

  • Er all pest dødeleg?

    I dag kan pest behandlast med antibiotika, men det krev rask behandling før sjukdommen utviklar seg. Ved byllepest døyr mellom 30 og 60 prosent utan behandling, medan lungepest og septisk pest nesten alltid fører til dødsfalll utan behandling, skriv FHI.

  • Kva symtpomer får ein?

    Byllepest gir hovne lymfeknutar og byllar, ofte i lysken, armholene eller nakken. Andre symtpomer er høg feber, forvirring, kvalme, oppkast og kaldbrann.

    Lungepest gir alvorleg lungebetennelse, høg feber, pustevanskar og brystsmerter, kvalme og oppkast. Lungepest kan oppstå frå byllepest, eller ved at bakterien blir pusta inn direkte via til dømes dropesmitte.

    Septisk pest er den sjeldnaste sorten for pest, og oppstår når pestbakterien spreier seg til resten av kroppen via blodet. Den gir høg feber, og andre symtpomer som kvalme, oppkast og diaré. Ubehandla septisk pest vil føra til organsvikt og død, men kan som dei andre pesttypane behandlast med antibiotika.

    Kilde: FHI, NHI og WHO

  • Kvar finst sjukdommen?

    Pest førekjem årelg i enkelttilfelle og små epidemiar i fleire land i Afrika, Asia og Amerika, som Kongo, Madagaskar, Tanzania og Peru. Ifølgje WHO blir om lag 1000-2000 tilfelle rapportert kvart år. Dei fleste tilfella oppstår i småbyar eller på landet.

  • Er det fare for pest i Noreg?

    Pest er ikkje utbreidd i Noreg i dag. Det har ikkje vore eit utbrot sidan 1600-talet, ifølgje FHI.

Stod bak svartedauden

Pest er forårsaka av bakterien Yersinia pestis, og blir hovudsakleg spreidd av lopper frå gnagarar eller andre dyr.

Det var denne bakterien som på 1300-talet tok livet av fleire titals millionar menneske, og nærast halverte Noregs befolkning.

Dei sjuke fekk ofte mørke eller svarte flekker på huda på grunn av kaldbrann. Pandemien blei kjent som svartedauden.

Theodor Kittelsen s tegning Svartedauden kommer til gårds Foto NTB Arkiv

Kunstnaren Theodor Kittelsen laga fleire skildringar av svartedaudens herjingar i Noreg.

Foto: NTB

Den mest vanlege forma for pest er byllepest som rammar lymfeknutane. Byllepest kan likevel utvikle seg og spreie seg til lungene eller blodet.

Utan rask behandling har lungepest ei dødelegheit på opp mot 100 prosent. Infeksjonen kan også spreiast via menneske.

Førekjem sjeldan

Sjukdommen finst i alle verdsdelar utanom Oceania. Likevel førekjem sjukdommen i dag sjeldan og kan behandlast med antibiotika.

Frå 2010 til 2015 blei det rapportert om 3248 tilfelle på verdsbasis, men Verdshelseorganisasjonen (WHO) anslår at tala er underrapporterte.

Dei fleste tilfella skjer i Afrika. Pest er framleis ein endemi i land som Kongo, Madagaskar og Peru.

Spesielt Madagaskar har fleire gonger vore ramma av pest. I 2017 døydde over 200 personar etter eit utbrot, hovudsakleg lungepest.

I USA blir i snitt sju personarsmitta med pest kvart år, for det meste sørvest i landet. Totalt har 15 personar døydd av bakterien i USA mellom 2000 og 2023, ifølge det amerikanske senteret for sjukdomskontroll og førebygging (CDC).

Noreg har ikkje hatt utbrot av pest sidan 1654.

Publisert 14.07.2025, kl. 21.55 Oppdatert 14.07.2025, kl. 22.38

Read Entire Article