Ein person er pågripen av politiet etter ei alvorleg valdshending i Stavanger.
Ein mann er frakta til Stavanger universitetssjukehus (SUS) med alvorlege skadar etter ei valdshending på ei adresse på Tjensvoll i Stavanger laurdag ettermiddag.
Den mistenkte gjerningspersonen vart pågripen av politiet då vedkomande gjekk om bord i ein buss i Stavanger om lag klokka 18.00, opplyser politiet.
– Pågripinga skjedde utan dramatikk, opplyser operasjonsleiar Dag Steinkopf.
Politiet rykte ut til staden med fleire patruljebilar etter at meldinga kom inn klokka 15.43.
– Politiet har ikkje kontroll på gjerningspersonen, og tar i mot forklaring frå personar på staden, sa Steinkopf klokka 16.48.
Det er sett i gang etterforsking og politiet har avhøyrt fleire vitne.
Politiet vil så langt ikkje seie noko om kva skadar mannen har blitt påført.
– Det er for tidleg å gå ut med detaljar rundt hendingsforløpet og
relasjon mellom fornærma og gjerningspersonen. Det er ingen grunn til å tru at personen er farleg for publikum, seier Steinkopf.
Innsatsleiaren på staden, Sten Kristian Lund, seier at kriminalteknikarar vil gjere undersøkingar i løpet av kort tid.










English (US)