Vest politidistrikt ber om hjelp i etterforskinga etter drapet på ei kvinne i 50-åra i Alver kommune.
Kvinna vart funnen livlaus i sin eigen heim 16. oktober, og døde seinare på sjukehus.
Svigersonen til kvinna er sikta for drapet. Mannen i 30-åra har tidlegare sagt at han ikkje erkjenner straffskuld.
Politiet har tidlegare etterlyst tips frå personar som har vore i området mellom Holme i Alver og Frekhaug torsdag 10. oktober 2025 omtrent klokka 19.
No går dei ut med bilete av ein person og ein syklist, og ber om hjelp til identifisering. Politiet tek i mot tips på telefon 45606078 eller på heimesidene deira.
Ber om hjelp til identifisering
Det eine bilete viser ein person i området rundt åstaden i Alver kommune. Etter rundspørjing i området har politiet fått tilgang til video frå eit vitne sitt bilkamera.
Politiet ber om hjelp til å identifisere personen på biletet, som er tatt fredagskveld 10. oktober.
Foto: PolitietPolitiet er også interessert i informasjon om ein person som trilla ein sykkel i Dalavegen i Åsane torsdag 16. oktober i 18-tida. Personen går i retning Hordvik på den Trondhjemske postveg.
Ein mørk sykkel har også tidlegare blitt etterlyst, og er framleis ikkje funnen. Politiet trur den kan vere etterlaten i området Nordhordland, Bergen nord, Arna eller Osterøy, og ønsker tips om denne også.
Statusen til den sikta mannen i 30-åra er uendra etter politiet har gått ut med nye bilete. Han er framleis sikta for drapet på kvinna, opplyser politiadvokat Eli Valheim i Vest politidistrikt til NRK.
Om det er same person, eller to ulike personar på bileta er foreløpig uvisst.
– Det er personar som vi finn interessante ut ifrå etterforskinga. Eller personen/personane. Vi veit jo ikkje om det er éin eller same person. Og den sikta har fått sett dette her i avhøyr.
– Kva har han sagt om dei to personane på bileta?
– Viss han hadde erkjent at det var han, så hadde vi jo ikkje gått ut og etterlyst dei, seier ho.
Publisert 15.12.2025, kl. 14.42 Oppdatert 15.12.2025, kl. 15.33















English (US)