Privat barnevernsinstitusjon får 700.000 i bot

2 hours ago 2



6. mars i fjor blei ein mannleg tilsett på ein barnevernsinstitusjon i Rogaland slått ned på jobb.

Politiet rykte ut og saka blei omtalt i fleire medium.

Medieomtalen førte til at Arbeidstilsynet opna tilsyn med bedrifta Haraldsplass Serio Ung, etter at politiet la vekk saka.

Under tilsynet kom det fram opplysingar om at det hadde skjedd fleire alvorlege valdshendingar, både før og etter arbeidsulukka.

Ingen av episodane var melde til Arbeidstilsynet, trass i at fleire av hendingane førte til alvorleg skade.

Arbeidstilsynet

Arbeidstilsynet starta tilsyn etter ei hending i Rogaland i fjor vår.

Foto: Frode Meskau / NRK

«Regelbruddene sett i samanheng med valdsrisikoen medførte etter vår vurdering overhengande fare for liv og helse», står det i eit ferskt vedtak fatta av Arbeidstilsynet, som NRK har fått innsyn i.

Tilsynet ser svært alvorleg på at fleire hendingar ikkje var blitt varsla.

«Tilfelle at ingen arbeidstakarar er varig skadd eller drepen på jobb»

Ifølge vedtaket mangla institusjonen både naudsynt opplæring, systematisk tryggleiksarbeid og verneombod.

Bedrifta kunne ikkje dokumentera at alle arbeidstakarane hadde gjennomført opplæring før dei starta i jobben.

«Dette trass i den høge valdsrisikoen i verksemda, noko som også var godt kjent», skriv tilsynet og peikar på at praksisen medfører fleire brot på arbeidsmiljølova.

Haraldsplass Serio Ung

Haraldsplass Serio Ung AS hadde 288 tilsette då dei fekk varsel om lovbrotsgebyret.

Foto: Ingvild Stuedal Taranger / NRK

I den delvis sladda rapporten NRK har lese heiter det at summen av dei fysiske og psykiske skadane arbeidstakarane er påførte, teiknar eit «særdeles alvorleg bilete» av situasjonen ved institusjonen.

«Vår vurdering av skadepotensialet i verksemda er at det berre er tilfelle at ingen arbeidstakarar er varig skadd eller drepen på jobb».

Haraldsplass Serio Ung AS har oppfylt alle krav, og tilsynet er no lukka av Arbeidstilsynet.

Likevel meiner tilsynet at regelbrota i mars var såpass alvorlege og omfattande, at dei gir Haraldsplass Serio Ung eit lovbrotsgebyr på 700.000 kroner.

Barnevernsinstitusjon ueinig

Haraldsplass Serio Ung blei varsla om lovbrotsgebyret i vår.

Sidan har institusjonen gitt eit tilsvar i saka på over 13 sider, der dei svarar tilsynet med tiltak som er sett i verk etter arbeidsulukka.

Institusjonsleiinga viser til at dei har sett i verk fleire konkrete tiltak, og at det blei gjort risikovurderingar i tida før ulukkesdagen.

Men Arbeidstilsynet står på sitt. Dei meiner det ikkje er kome nye opplysningar som endrar saka, eller gebyret.

– Tilsette skal vere trygge på jobb

Idar Krumsvik, direktør Haraldsplass Serio Ung

Idar Krumsvik er øvste ansvarlege for Haraldsplass Serio Ung, og svarar på vegne av institusjonen.

Foto: Haraldsplass Serio Ung

Direktør Idar Krumsvik er ueinig i Arbeidstilsynets konklusjon. Han meiner også at gebyret er urimeleg høgt, i forhold til den økonomiske evna til den ideelle verksemda.

I 2024 gjekk bedrifta med eit underskot på 1,7 millionar kroner, ifølgje vedtaket.

– Dette er ei trist sak for alle involverte, både dei som jobbar der, den lokale leiinga, og sist men ikkje minst barna. Vi må hugse på at dei tilsette jobbar i utfordrande situasjonar dagleg, og ber eit enormt samfunnsansvar på skuldrene, seier han til NRK.

Han viser til at også andre barnevernsaktørar, både statlege og private har mottatt liknande gebyr frå Arbeidstilsynet.

– Men det ligg alltids læring i slike saker, og vi vil jobbe for at slikt ikkje skal skje igjen. Tilsette skal vere trygge på jobb, legg han til.

Haraldsplass Serio Ung

Bildet er av administrasjonsbygget til Haraldsplass Serio Ung, som ligg i Bergen.

Foto: Ingvild Stuedal Taranger / NRK

Store mørketal

Arbeidstilsynet har tidlegare gjennomført tilsyn med Haraldsplass Serio Ung AS, den gongen ved ei anna avdeling i 2022.

At bedrifta på nytt viser alvorlege manglar under tilsyn, er eit argument for å gi bedrifta ei større straff, meiner Arbeidstilsynet.

– Sjølv om sakene ikkje er like, er kjernen i begge tilsynssakene at det er manglar ved etterlevinga av regelverket som skal beskytte tilsette mot vald og trugslar, slår dei fast i vedtaket.

NRK har hatt kontakt med FO, som er fagforeininga til barnevernstilsette.

FO-leder Marianne Solberg. Hun står med armene i kryss på en sti. Hun har kort, mørkt hår og briller.

Marianne Solberg er leiar i FO.

Foto: FO

– Det er dessverre mykje som tyder på at alvorlege hendingar ikkje blir meldt inn. Sånn kan det ikkje vere. Ingen skal måtte tenke «ja ja, det går sikkert bra» i møte med vald eller truslar. Kor store mørketala er, veit vi ikkje, seier forbundsleiar Marianne Solberg.

Etter drapet på Tamima Juhar i Oslo nyleg, har fleire tatt kontakt med fagforeininga.

– Det er blitt meir merksemd om tryggleik på jobb. Det er bra at vald på jobben blir tatt opp og snakka om. Vi vil oppfordre folk som er bekymra på sin arbeidsplass til å ta kontakt med tillitsvalt eller verneombod. Det skal vere trygt å gå på jobb i Noreg.

Publisert 18.09.2025, kl. 20.08 Oppdatert 18.09.2025, kl. 20.46

Read Entire Article