Problem med politiet sine system i heile landet

1 week ago 18



Fleire i politiet NRK har snakka med torsdag seier det er store problem med nettet og systema deira.

Kommunikasjonsrådgivar i Politidirektoratet Roar Hansen bekreftar at dei har tekniske problem.

– Det er nokre utfordringar i systemet, men vi kan ikkje seie noko meir om det akkurat no.

Han seier det er for tidleg å seie kva del av politiet sine system det gjeld.

Også aktor i Baneheia-saken nemnte problema med datasystemet i retten i dag.

Går framleis an å ringe

Politiet presiserer at naudnummera fungerer, og det skal vere mogleg å kome i kontakt med dei via telefon.

– På operasjonssentralen virkar alle system. 02800 og naudtelefonen virkar som dei skal, så beredskapen er framleis like god, seier Tor André Gram Franck i Møre og Romsdal politidistrikt.

operasjonsleiar ved Møre og Romsdal politidistrikt, Tor André Gram Franck.

Tor André Gram Franck i Møre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Remi Sagen / NRK

Også problem onsdag

Også i går var det IT-problem i politiet. Det skreiv dei i ei pressemelding. Dei var allereie då i gang med å finne ut kva som var årsaka til problemet.

Publisert 25.04.2024, kl. 09.33 Oppdatert 25.04.2024, kl. 09.55

Read Entire Article