Natt til 28. desember 2024 begynte ein mann å skyte mot fleire polititenestepersonar i Klepp i Rogaland.
Ein polititenestemann blei skoten og drepen i skotvekslinga. Det same blei gjerningsmannen.
Ei undersøking i etterkant har kasta nytt lys over hendinga.
Politiets tryggingsteneste (PST) meiner no at gjerningspersonen ikkje berre var alvorleg psykisk sjuk, men at han også var i ein radikaliseringsprosess.
– Vi meiner er at han var i ein radikaliseringsprosess, seier Caroline Iwarsson i PST.
Foto: Jørn Tveter / NRK– Det vi meiner er at han var i ein radikaliseringsprosess til antistatleg ekstremisme, seier Caroline Iwarsson, som er seniorrådgivar i PST.
– Det vi mellom anna såg var at han hadde konsumert desse store, tunge og altoppslukande konspirasjonsteoriane over tid, og at det hadde eskalert den hausten, held ho fram.
Har gjort undersøkingar i etterkant
Gjerningsmannen på Klepp, Geir Roald Hodne, var ikkje kjent for PST på førehand, og det er kontraterroravdelinga som har gjort undersøkingane av hendinga i etterkant.
– Det er viktig å seie at vi kan ikkje konkludere med at det var den utløysande faktoren sjølve hendingsnatta, for det er også ei vurdering der om at han var alvorleg psykisk sjuk, seier Iwarsson.
Geir Roald Hodne sin forsvarar, Hans Marius Danielsen Thorsnæs, seier at han ikkje har nokon kommentarar i samband med undersøkingane til PST.
Blomar blei lagt ned på staden i dagane etter den dramatiske hendinga skotvekslinga.
Foto: Thomas YstrømHan seier han har vore opptatt av at saka skulle bli grundig belyst, og særleg å få belyst Hodnes psykiske helsetilstand før og under skotvekslinga.
Ein sakkunnig rapport har slått fast at Hodne var psykotisk den natta, og at handlingane hans var styrt av psykotiske vrangførestillingar.
PST hevdar på si side at desse forholda ikkje utelukkar kvarandre.
– Desse tinga kan sameksistere, og er ikkje gjensidig utelukkande. Vårt mandat handlar om ekstremismefeltet og den politisk motiverte valden. Då er det viktig å kommunisere at det er eit av fleire ledd som har spelt inn her, seier Iwarsson.
Systemet som stort
Fienden for antistatlege ekstremistar er i stor grad myndigheitsapparatet, staten og det dei ser på som systemet i stort, forklarar Iwarsson.
– Folk som framstår som representantar for dette kan vere legitime mål, seier ho vidare.
– Kan politiet har vore eit mål for gjerningspersonen på Klepp?
Slik såg åstaden på Klepp ut kort tid etter hendinga fann stad.
Foto: Carina Johansen– Det er vanskeleg å seie i den saka spesielt, seier Iwarsson. Ho held fram:
– Men generelt innanfor antistatleg ekstremisme, så er uniformert politi og politi i operativ teneste, tidvis dei har som har hamna i skotvekslingar og valdshendingar med antistatlege ekstremistar, seier Iwarsson.
Bistandsadvokat for dei etterlatne etter Geir Roald Hodne, Stian Bråstein, ønsker ikkje å kommentere undersøkingane til PST.
Stian Kristensen, som representerer dei etterlatne etter politibetjent Markus Botnen, stadfestar at dei kjenner til opplysningane, men har ingen ytterlegare kommentar.
Peika på radikaliseringsfaren i 2017
PST seier at dei i samarbeid med internasjonale partnarar har følgt utviklinga innan antistatleg ekstremisme over tid.
Tenesta peika på radikaliseringsfaren allereie i 2017, og i 2022 blei fenomenet klassifisert som ei eiga trugselform i den nasjonale vurderinga.
– Vi såg mellom anna i pandemien at desse konspirasjonsteoriane fekk eit større fotfeste, også i Noreg.
– Det er viktig å seie at vi kan ikkje konkludere med at det var den utløysande faktoren sjølve hendingsnatta, seier Iwarsson.
Foto: Jørn Tveter / NRKDet er framleis høgreekstremisme og ekstrem islamisme, som er dei største trugslane på kontraterrorfeltet i Noreg.
– Men det er viktig for oss å seie noko om dette, og å ha befolkninga skrudd på slik at vi kan plukke opp ting tidleg, seier Iwarsson.
– Viss ein har eit familiemedlem, eller kjenner til andre som snakkar om heile livet sitt opphengt i desse konspirasjonsteoriane, så meiner vi at det kan vere ein god anledning til å varsle PST, slik at vi kan jobbe førebyggande, avsluttar ho.
Publisert 02.01.2026, kl. 23.27

















English (US)