PST: Ingen infor­masjon om plan­lagte angrep mot pride 2024

1 week ago 16



– PST har per no ingen informasjon som seier at nokon planlegg valdelege angrep mot Pride- og LHBT+-relaterte arrangement og samlingar i Noreg i 2024

Laurdag føremiddag var over 90 pridearrangørar frå heile landet samla for å mellom anna få høyre årets trusselvurdering frå Politiets sikkerheitsteneste (PST) i høve pride 2024.

–Skeive er framleis i målbildet, men ikke eit proritert mål. Ekstremistar har altså eit utvida målbilde, men som skeive også er ein del av, seier Siv Sørensen som legger fram rapporten for PST.

Og seier det er dette som skil trusselvurderinga mot Pride-arrangement i år frå vurderinga i fjor.

Dei forventar derimot eit høgt tal trusselytringar mot pride. Dei færraste som framsett truslar har ein reell intensjon om vald, skriv dei vidare.

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl, Politiets sikkerheitsteneste (PST), politidirektoratet og Oslo politidirektorat var til stades.

Juni månad vil fylt av Pride-feiringar i heile landet. Og «Noregs største feiring av kjærleik og mangfald» skal gå føre seg i Oslo 21.–29. juni 2024.

2023: – Tok byen tilbake

I fjor møtte 90.000 festglade menneske opp i Oslo sentrum for å feire kjærleiken igjen.

– No har vi teke byen tilbake, sa FRI-leiaren Inge Alexander Gjestvang den gongen.

I forkant av feiringa var trusselvurderinga frå PST slik:

– LHBT+-personar og -samlingsstadar inngår i fiendebildet til både høgreekstremistar og ekstreme islamistar og er blitt aktualisert som mål det siste året.

22 Oslo pride 2023

Foto: Christian Breidlid / NRK

På same tid var også terrortrusselen i Noreg moderat og PST vurderte det slik at det framleis var mogleg å sjå forsøk på terrorhandlingar frå høgreekstreme og ekstreme islamistar.

Likevel møtte rekordmange opp for å ta del i Pride-feiringa.

– Eg har tenkt veldig mykje på dette den siste veka etter markeringa av 25. juni. Å få heile Oslo i gatene er ganske rørande. For det viser at heile byen stiller opp for ein utsett minoritet, sa Statsminister Jonas Gahr Støre.

20 Oslo pride 2023

Foto: Christian Breidlid / NRK

Avlyste Pride-feiringa

Samstundes som at PST legg fram trusselvurderinga i høve Pride-feiringa i år, går straffesaka mot Zaniar Matapour føre seg i Oslo tingrett.

Matapour er tiltalt for grov terror, drap og drapsforsøk natt til 25. juni 2022. Då blei 19 skot blei fyrt av i Rosenkrantzgate i Oslo sentrum. Då blei det mellom anna retta skot mot den kjende skeive utestaden London Pub. 11 personar blei skotne, og to av dei mista livet.

Dagen etter skulle den store prideparaden går føre seg. Han blei avlyst som følge av årstaket natta før.

Det blei raskt spontane markeringar over heile landet. 27. juni skulle det bli heldt ei solidaritetsmarkering. Dette blei raskt avlyst av politileiinga.

Politiets oppmoding om å ikkje samlast har i ettertid blitt kalla eit menneskerettsbrot. 25. juni-utvalet sa sjølve at det var i strid med forsamlingsfridomen etter grunnlova og menneskerettane.

Publisert 20.04.2024, kl. 11.50 Oppdatert 20.04.2024, kl. 12.00

Read Entire Article