Det skjer berre ei veke etter at to ministrar måtte gå av etter mistanke om korrupsjon i energisektoren i Ukraina.
Ukrainske Pravda-journalistar har filma korleis omtrent ti tilsette frå det Det nasjonale antikorrupsjonsbyrået Nabu har tatt seg inn på regjeringskvartalets område.
Jermak opplyser at han samarbeider med etterforskarane. På Telegram skriv han at det går føre seg ei ransaking i heimen hans.
Følg utviklinga i Ukraina her:
– Etterforskingsstega er godkjent og blir gjennomført som del av etterforskinga. Det kjem fleire detaljar seinare, skriv Nabu på Telegram.
Stabssjef Andrij Jermak har vore ein av Ukraina sin president Volodymyr Zelenskyj sine nærmaste allierte.
Jermak har leia presidenten sitt kontor sidan 2020.
Jermak og Zelenskyj under eit møte i Roma i Italia 9. juli.
Foto: Remo Casilli / Reuters / NTBKan svekke tilliten til Zelenskyj
Oleksandra Deineko er ikkje overraska over razziaen.
– Vi veit at antikorrupsjonsorganet ikkje var ferdige med saka, og at ikkje alle involverte var avslørt, seier Deineko.
– Det har vore mykje snakk internt i presidenten sitt parti og blant sivilsamfunnet om at Jermak må få sparken. Men det har berre vore rykte fram til no, legg ho til.
Oleksandra Deineko
- Forskar ved By- og regionforskningsinstituttet NIBR ved Oslo Met
- Forskar ved Institutt for forsvarsstudier (IFS)
Dersom Nabu oppdagar noko på Jermak under ransakinga, kan det påverke Zelenskyj.
– Det kjem til å ha store konsekvensar, først og fremst for Zelenskyj og hans politiske parti, som blei valt med hovudbodskapen om å kjempe mot korrupsjon, forklarar Deineko.
– Vi ser at antikorrupsjonsorgana har fått ein stor fisk. Tilliten til presidenten kan få ein stor knekk. Det er berre han som kan prøve å redde situasjonen i landet ved å sparke Jermak – ikkje forsøke å beskytte han, legg ho til.
Omfattande korrupsjonssak
For tida går det føre seg ei omfattande etterforsking av korrupsjon i energisektoren.
– Dette er ein av dei største korrupsjonsskandalane Ukraina har opplevd sidan dei blei uavhengig, seier Deineko.
Totalt er åtte personar sikta for medverking til bestikking, underslag og ulovleg innhentinga av økonomiske godar.
Jermak som snakka til pressa i Genève 23. november.
Foto: Martial Trezzini / AP / NTBKorrupsjonssaka skal involvere kvitvasking av rundt 1 milliard kroner, og kontraktar hos kjernekraftselskapet Energoatom.
Mange av dei er nære allierte til Zelenskyj.
Her møter stabssjef Andrij Jermak statsminister Jonas Gahr Støre i Ukraina i august.
Foto: Heiko Junge / NTBSjølv om Deineko ikkje trur at situasjonen kjem til å påverke vesten si støtte til landet, vil vestlege land truleg presse Zelenskyj til å ta riktige avgjerder, legg Deineko til.
– Dei som er offer i situasjonen er vanlege ukrainarar som held fram sin kamp – internt mot korrupsjon og eksternt mot Russland, seier ho.
Korrupsjonssaka er skjebnesvangert for det politiske systemet i Ukraina, som kan leie til siger mot korrupsjon i landet, ifølgje Deineko.
EU krev opprydning
Ukraina ønsker i dag EU-medlemskap.
EU-kommissæren for justissaker seier Kyiv må rydde opp i korrupsjonssakene.
– Det må vere, i kvart kandidatland, eit robust system for å handtere påstått korrupsjonssaker på høgt nivå, seier EU-kommissær Michael McGrath.
Han seier påstandane må etterforskast grundig.
EU har rundt 1000 personar i arbeid for å vurdere Ukraina og Moldova for EU-medlemskap.
– Å demonstrere ein historikk med effektivitet på dette området er noko vi krev av alle våre eigne medlemsland, og absolutt av dei som ønsker å bli med i EU, seier han.
Interessert i meir frå Urix? Høyr redaksjonen sin podkast:
Publisert 28.11.2025, kl. 08.30 Oppdatert 28.11.2025, kl. 12.55
















English (US)