Reagerer på landslagets viking-estetikk: – Andeby-versjon av norsk kultur

2 hours ago 4



– Eg synest denne estetikken rett og slett er grise-harry.

Det seier kommentator i Morgenbladet, Markus Slettholm.

Han er ikkje aleine om å reagere på korleis landslaget framstiller seg sjølv i forkant av VM.

I Klassekampen har forskar Jane Haug Skjoldli vore bekymra for at draktene kan bli tolka som «hypermaskulinistisk» og høgreekstreme, mens Hans Petter Sjøli har tatt til orde for å få «Vikingen ut av fotballen» i VG.

– Det er ein Andeby-versjon av norsk kultur som eg synest er så lite truverdig at det berre er utlendingar som kan tru på han, seier Slettholm.

Skjermdump fra herrelandslaget sin instagram

Nyleg stilte herrelandslaget opp på fotografering iført vikingklede.

Faksimile: Herrelandslaget

– For brølete og disneyfisert

– Det er jo sjølvsagt noko reaksjonært i å skule 1000 år tilbake i tid til da nordmenn var røvarfolk som drog og plyndra og valdtok i Skottland, seier Slettholm.

At norrøne symbol har vore brukt av nynazistiske og høgreekstreme grupper i seinare år, meiner han likevel ikkje er problemet.

– Der går det jo an å argumentere for at ein tar det tilbake.

– Men det er klart det minner litt om kva nynazistar var opptatt av for ti år sidan.

StåleSolbakk

Også «høvdingen» sjølv stilte opp i vikingklede.

Faksimile: Herrelandslaget

Også kommentator i VG, Hans Petter Sjøli, har vore kritisk til å la seg inspirere av vikingtida. «Få vikingen ut av fotballen.», skreiv han på kommentatorplass i april

– Eg er lei av viking-estetikken. Eg synest den er oppbrukt og har blitt brukt 100 gongar før, seier Sjøli til NRK.

Han synest ikkje uttrykket passar.

– Det blir litt for brølete og disneyfisert for oss nordmenn.

– Eg synest eigentleg at fotball-imaget burde vere ganske nedpå slik som nordmenn er. Litt forsiktige, skikkelege folk som tar på seg findressen når ein skal oppleve store ting.

Norge-fotballdrakt med landsflagget og Norges fotballforbunds merke. Drakten har et mønster av sammenflettede linjer. Et hvitt Nike-merke er synlig på brystet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)En fotballtrøye med nummer 10 og navnet Ødegaard på ryggen. Trøya er rød med blå detaljer på ermene. Den vises på en hvit mannequin. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Landslaget sine drakter har henta inspirasjon frå stavkyrkjer og runeskrift

June Erdalsdal Kolstad / NRK

Under pressekonferansen med Ståle Solbakken torsdag fekk landslagssjefen spørsmål frå TV 2 om kva han tenker om kritikken.

– Det er mange større og vanskelegare tema enn det. Det orkar eg ikkje bruke tid på, svarte Solbakken.

Mímir Kristjánsson: – Heilt herleg

Stortingsrepresentant for Raudt, Mímir Kristjánsson, er blant dei som tar landslaget i forsvar.

– Eg synest det er heilt herleg, seier Kristjánsson.

– Det er eit VM i fotball der kulturar frå heile verda skal møtast. Da må Noreg ha med seg sin eigen kultur for at mangfaldet skal fungere.

Kva synest du om landslaget sin bruk av vikingtida?

Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.

At symbola tidlegare har vore brukt av høgreekstreme synest ikkje stortingsrepresentanten er ein god grunn til å la vere å bruke han.

– Nei, eg er dritlei av at folk forbind vikingtida og det norrøne med nazisme og høgreekstremisme.

Kristjánsson seier det er heilt riktig at nazistar har prøvd å stele både runeskrift og norrøne symbol i mange tiår.

– Men den norrøne kulturen er den historiske kulturen i Norden.

– Nazistane eig jo ikkje verken Tor, Odin, runeskrift eller Valhall. Det må vi ta tilbake frå dei og da synest eg landslaget går føre med eit veldig godt eksempel.

Sjølv om referansane til vikingtida er klisjear, meiner politikaren dei er til for å bli brukt.

– Når ein skal samle heile folket bak eit landslag så blir det litt klisjefullt.

– Da kan ein ikkje sette nokre modernistiske kunstnarar til å lage kulturuttrykk altså. Det går ikkje.

NFF har førebels ikkje svart på NRK sin førespurnad.

Publisert 04.06.2026, kl. 18.13

Read Entire Article