– Ryttarane kan bli kvesta for livet, om ein tar for høg risiko.
Det seier TV 2s sykkelekspert, Mads Kaggestad til NRK.
Som tidlegare proffsyklist er han opptatt av sikkerheita til ryttarane. Sikkerheita kan settast i fare av litt for ivrige tilskodarar med mobilen i handa, og som er på jakt etter det perfekte bildet.
– Oppfordringa mi er å legge dei litt frå seg. I alle fall ikkje stå med ryggen til for å ta selfie når feltet passerer. Det er veldig dumt, seier Kaggestad.
MOBIL: Smarttelefonane er med overalt, også langs løypa i Tour de France.
NTBKlar beskjed til fansen
Fleire gonger i rittet i år har det vore hendingar der tilskodarane har komme tett på ryttarane.
I løpet av ti kilometer på søndagsetappen såg ein mellom anna Jonathan Milan køyre rett inn i telefonen til ein tilskodar, før ein ryttar ti kilometer seinare måtte vinke unna ein tilskodar som skulle ta eit bilde.
– Det er fantastisk å sjå alle desse menneska langs vegen, men dei må halde seg på sida av vegen, sa Milan etter etappen til Bicisport.
UNNA VEG: Tilskodaren reagerte raskt då ryttaren framfor han begynte å veive med armen.
Foto: Skjermdump: TV 2Fekk telefon i kragebeinet
Også for dei norske ryttarane har telefonar blitt eit tema. Jonas Abrahamsen, som på nærast mirakuløst vis er i Tour de France etter å ha fått eit brot i det eine kragebeinet to veker før rittet, fekk merke det på den første etappen.
– I første etappe fekk eg ein telefon inn i kragebeinet mitt, så ein må vere forsiktig, fortel Abrahamsen.
Nordmannen heldt seg på sykkelen i den situasjonen, men meiner at det handlar om respekt for ryttarane.
– Det handlar berre om å vise respekt og tenke at vi kjem i veldig høg fart. Det er fare for dei og for oss, fortset han.
Følg Tour de France kvar dag på radio.
Tour-debutanten Stian Edvardsen-Fredheim merkar at det fleire ivrige folk langs løypa enn det han er vand til.
– Det er nok noko ein må bli vand til, å sjå nokon som tar høgare risiko enn andre, seier han.
Tour de France-arrangøren ASO har komme med fleire oppdateringar i sosiale medium dei siste åra der dei oppfordrar tilskodarar til å vise aktsemd.
Det skjedde blant anna etter denne hendinga i Tour de France i 2021:
Hushovd: – Det må publikum skjønne
Lagsjef for det norske Uno-X-laget er tydeleg i oppfordringa si.
– Når du er ein tilskodar på opne vegar der det ikkje er gjerde, så har du eit ansvar. Det må publikum skjønne, seier Hushovd.
Ved målgang og ei rekke kritiske punkt er det sett ut gjerde langs vegane, men på store delar av etappane er det ingen gjerde å sjå. Dermed er det lite som hindrar folk langs vegen til å lene seg inn i vegbanen.
– Det går jo på vanleg sunn fornuft og vanleg oppseding. Men folk blir rivne med og gjer dumme ting, seier Hushovd, og legg til:
– Vi i feltet, førebilda og ryttarane må fokusere på det.
– Små marginar
Kaggestad meiner at nærleiken til tilskodarane er noko av det som gjer Tour det France unikt.
– Tour de France har køyrt i mange år på at publikum viser ryttarane med respekt. Det går veldig fort, og det er veldig små marginar.
Farten i feltet er svært høg, og i massespurtane kan toppfarten vere over 70 kilometer i timen. Kaggestad meiner ryttarane tar høg nok risiko, derfor må dei sleppe å forhalde seg til tilskodarane på sida av vegane.
– Det blir for uføreseieleg når dei må ta omsyn til rørslene til tilskodarane på sida. Viss tilskodarane plutseleg stikk ut ein arm, eller har ei rørsle der dei mistar balansen og dyttar borti ryttarane i den farten dei har, så er det veldig farleg, seier Kaggestad.
SELFIE: Det blir tatt nokre selfiar i løpet av Tour de France. Her blir det gjort i ein trygg situasjon.
Foto: Benoit Tessier / Reuters / NTB– Burde det innførast avgrensingar?
– Eg trur ikkje det er mogleg å avgrense. Ein må berre drive haldningsskapande arbeid, og folk må bli kjente med syklistane og få solidaritet med situasjonen dei er i, meiner Kaggestad.
PS! Måndagsetappen, den tredje i Tour de France i år, blei vunne av Tim Merlier. Det etter ein dag med fleire veltar, der også arrangøren fekk kritikk frå fleire hald for ei farleg avslutning.
Lagkameratens påfunn: – Tenkt at jeg hadde blitt gal 00:48
Publisert 07.07.2025, kl. 22.04