«Om det går an å jukse i norske val, korleis kan me då stole på resultatet?»
Orda over høyrer til varaordførar i Tysnes, Trond Borg (VIPartiet).
I tida etter stortingsvalet har han publisert fleire postar med liknande innhald, og delt frå andre brukarar som langt på veg hevdar at det har gått føre seg juks med stemmesedlar, og at stortingsvalet var rigga.
Biletet av USAs avgåtte president Joe Biden, saman med finansminister og tidlegare Nato-sjef Jens Stoltenberg (Ap), er tydeleg KI-generert.
Også dette bildet av Høyre-leder Erna Solberg, statsminister Jonas Gahr Støre og Jens Stoltenberg (Ap) er generert av KI.
I tillegg til ordførarvervet, sit Borg også i valstyret, og er med det ansvarleg for å gjennomføra valet i kommunen.
Det får ordførar Synnøve Bakke (Ap) til å reagere.
– Den dobbeltrolla ved at han både sit i valstyret og at han då ser ut til å ikkje tru at valet blir gjennomført på ein god måte, er problematisk seier ho.
Sjølv står han inne for innlegga og meiningsinnhaldet, og er ordknapp i svara sine til NRK.
– Eg meiner dette er innafor ytringsfridomen. Og viss det er mogleg å juksa, kan me då stola på eit resultat, spør Borg.
Trond Borg representerte Industri- og næringspartiet (INP) då han blei varaordførar i 2023. Sidan har han meldt overgang til Velferd og Innovasjonspartiet (VIPartiet).
Foto: Tysnes kommuneDeler KI-generert innhald
Eit av innlegga som er delt, inneheld eit intervju med det som blir hevda å vere ein «uavhengig valobservatør» som har følgt med på gjennomføringa av stortingsvalet.
Den angivelige valobservatøren er ikkje namngitt.
Høyr klippet under:
– Du deler innlegg med KI-bilde, og eit intervju med det som kan høyrast ut som ein KI-generert stemme. Er det innafor?
– Eg veit ikkje om det er ei KI-stemme, da det ikkje er mitt innlegg, svarer Borg.
Ikkje grunnlag for å hevde valjuks
Han har også lagt ut innlegg der redaktørstyrte medium blir skulda for løgn. Sjølv kommenterer han at styresmaktene prøver å skjula dødstal knytt til koronavaksinen.
– Media forfølger eit narrativ som er eg opplever er etablert i samråd med politikarane i dei største partia, meiner han.
Ordførar Synnøve Bakke har tidlegare jobba 28 år i NRK, blant anna i Brennpunkt-redaksjonen, og har vunne fleire journalistprisar.
Ho reagerer sterkt på utsegna til Borg.
– Eg har full tillit til redaktørstyrte medium, og det som kjem fram der. Meir enn det som kjem fram hos enkeltpersonar rundt omkring.
Sjølv om Borg tilsynelatande står inne for delinga og meiningsinnhaldet i postane, har han sletta fleire innlegg etter at NRK gjorde han oppmerksam på saka.
Ordførar i Tysnes kommune, Synnøve Bakke (Ap) tar avstand frå kollegaens delingar.
Foto: Eli BjellandBorg understrekar at han ikkje har grunnlag for å seia at valet er rigga eller at det har føregått juks.
– Eg deler berre meiningane til andre, seier han.
Valdirektoratet: – Eit forsøk på å svekka tillit
Erik Knudsen forskar på folks bruk av kunstig intelligens ved Universitetet i Bergen. Han kommenterer saka på generelt grunnlag.
– Dersom man må bruke kunstig intelligens, tyder det på at man ikkje har klart å finne nokon til å sei det man ynskjer å få fram, seier han.
Erik Knudsen er førsteamanuensis i medievitskap ved UiB.
Foto: UiBMedieforskaren meiner delinga er problematisk, sjølv om man ikkje sjølv står for posten.
– Uavhengig av om det er brukt det eller ei, kan det å legge ut den type videoar, og så tvil om valsystemet og stemmeteljinga være problematisk dersom man ikkje har tilstrekkeleg dokumentasjon.
Valdirektoratet har ikkje sett innlegga til Borg, men seier at det ikkje er noko som tyder på at det har gått føre seg nokre ulovligheter i forsøk på å påverke valresultatet.
Er det innafor at ein varaordførar deler slikt innhald?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
– På generelt grunnlag er det uheldig viss det blir spreidd usanningar om gjennomføringa av valet i eit forsøk på å svekka tilliten og skapa tvil om resultatet, seier kommunikasjonsansvarleg Kjetil Vataker Johansen i Valdirektoratet.
Trudde Borg var blitt hacka
Borgs innlegg på sosiale medium møter sterk kritikk frå fleire av hans politikarkollegaar.
– Det er svært urovekkande og spesielt problematisk at ein varaorfører og folkevald er med på å dele desinformasjon og konspirasjonsteoriar, i ei tid der falske nyheiter er eit stadig større samfunnsproblem, seier Kristi Pedersen Madsen (H).
Kommunestyrerepresentanten fryktar at innlegga påverkar folks tillit til styresmakter og informasjon frå redaksjonsstyrte medium.
– Ein konsekvens av dette er at folk kan bli usikre, om ikkje slike teoriar møtast med fakta. Dette kan også føre til at færre brukar stemmeretten sin på sikt, eller mistar tilliten til at stemma deira tel, seier ho.
Kristi Pedersen Madsen representerer Høgre i Tysnes. Her frå eit tidlegare kommunestyremøte.
Foto: Eli BjellandMadsen får støtte frå kommunestyrekollega Arne Leite frå Senterpartiet, som sjølv har vore varaordførar i kommunen.
Han er god ven av Borg, og er skuffa over det han har gjort.
– Eg trudde faktisk først at han var blitt hacka. Men viss han ikkje er det, då er det ikkje greitt at ein som er så langt inne i den politiske leiinga i lokaldemokratiet vårt, ikkje er meir etterretteleg enn dette.
Har fortsatt tillit
– Svekker dette tilliten du har til Trond Borg?
– Ja, viss dette er det som no representerer varaordføraren vår, så blir tilliten svekt. Men eg har ikkje snakka med han sjølv, svarar Leite, som meiner det er viktig å ta tak i saka vidare.
Også Madsen meiner dette kan løysast ved å prate med Trond på tomannshand.
– Eg har i utgangspunktet stor sans for varaordføraren vår, og har framleis tillit til han.
Ordførar Synnøve Bakke ser framleis alvorleg på saka, og seier ho vil ta ein prat med varaordføraren.
Publisert 18.09.2025, kl. 22.22