Gammal kjærleik rustar ikkje, heiter det.
Men i naturskjønne Flakstad vest i Lofoten ligg det an til å bli svært jamt, når innbyggjarane i dag skal stemme over om kommunen skal finne tilbake til eksen, og slå seg saman med naboane i Moskenes og Vestvågøy.
Då dei same innbyggjarane i fjor haust skulle seie ja eller nei til å greie ut ei mogleg kommunesamanslåing, skilde det fem stemmer.
No er spørsmålet meir konkret: «Ønsker du at Flakstad kommune skal bli ein del av nye Vest-Lofoten kommune?»
Det blei nesten dødt løp då folk i Flakstad sa ja eller nei til utgreiing om ny storkommune i Lofoten i fjor haust.
Foto: Brynjar Mangor Myrtveit Osgjerd / NRK– Det er jo grunn til å tru at det kjem til å bli eit veldig jamt løp. Vi står overfor eit delt samfunn. Det verkar veldig jamt og veldig steilt mellom ja og nei.
Det seier redaktør Jan Eivind Fredly i Lofotposten, som nyleg leia ein politisk debatt i kommunen med 1.229 innbyggjarar.
– Det som er veldig tydeleg i denne debatten, er at det er lite fakta og mykje kjensler.
Skilsmissekommune
Tre kommunar kan bli til ein: Moskenes og Vestvågøy har allereie vedtatt å slå seg saman frå 2028. No kan dei få følgje av Flakstad.
Flakstad har prøvd det før. Forholdet til Moskenes er som eit gammalt ekteskap som har havarert to gonger, og enda med skilsmisse. Først i 1916, før dei fann kvarandre igjen og på nytt skilde seg i 1976.
No er situasjonen annleis. Gjeldstyngd Moskenes har allereie gitt handa si til den litt meir folkerike naboen med betre økonomi, flyplass og sjukehus i Vestvågøy kommune. Saman vil dei opprette Vest-Lofoten kommune frå januar 2028.
Sjefredaktør Jan Eivind Fredly i Lofotposten
Foto: NRKFlakstad ligg klemt i mellom dei to turtelduene. Valet folket i kommunen i dag må ta, er om dei skal stryke ut kommunen sin sjølveksistens, eller bli «driten i midten». Fredly seier mange i Flakstad tviler.
– Trur ein på intensjonsavtalen med dei beste hensikter dersom Flakstad går inn i den nye kommunen? Eller skal ein tru at ein står betre rusta ved at ein har sjølvråderett. Det er tru og tvil i Flakstad, seier Fredly.
Millionar i potten
Bør Flakstad slå seg saman med nabokommunane?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
For idylliske Moskenes, ytst av landkommunane i Lofoten, var valet enkelt då regjeringa la pengar på bordet i april i fjor. Robek-kommunen skulle få drygt 160 millionar kroner i medgift frå staten for å dekke gjeld, om den slo seg saman med Vestvågøy.
Om ein ser på kartet, kan det virke ulogisk at Flakstad skal stå igjen som sjølvstendig kommune, klemt mellom dei to. Men der handlar det om meir enn pengar.
Vestvågøy blir klart størst i forholdet, med sine 11.000 innbyggarar. I Flakstad fryktar fleire at skuler og tilbod i eldreomsorga skal bli lagt ned, og sentralisert til kjempa i aust, og med det øydeleggje levande lokalsamfunn.
– Trur ein på intensjonsavtalen med dei beste hensikter dersom Flakstad går inn i den nye kommunen? Eller skal ein tru at ein står betre rusta ved at ein har sjølvråderett. Det er tru og tvil i Flakstad, seier Fredly.
Sjølv om folket i Flakstad gir eit klart svar under dagens folkerøysting, er den berre rådgjevande.
Saka skal til vidare politisk behandling i kommunestyret i Flakstad, samt i dei andre involverte kommunane.
– Eg oppfordrar flakstadfjæringane der og da til å ha et bevisst forhold til det som skjer etterpå. Dei skal leve saman side om side, så ha et bevisst forhold til det. Og la nå ikkje frontane bli så skjerpa at det kan bli vanskeleg.
Publisert 08.06.2026, kl. 11.13 Oppdatert 08.06.2026, kl. 11.18












English (US)