Reinhaldar Zhanshat streikar – direktør kallar det «ei utfordring» å leva av løna hennar

9 hours ago 3



– Eg sit igjen med rundt 25.000-28.000 utbetalt etter skatt. Alt, både mat og straum, er blitt dyrare, så eg håpar me kan få litt betre løn.

Det seier fulltidstilsette Zhanshat Abisheva.

I over seks år har ho vore tilsett i konsernet Toma Facility Noreg AS, kor ho har vore utplassert på verftet Aker Solutions på Stord.

Der er ho no ein av 43 reinhaldarar som streikar. På landsbasis er talet oppe i nærare 700 streikande reinhaldarar.

– Me streikar så lenge me må, seier Abisheva.

en gruppe mennesker iført streikevester (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Zhanshat Abisheva (i midten framme) har budd og jobba på Stord i 6,5 år, og er opphavleg frå Kasakhstan. Her saman med kollegaer på Aker Solutions på Stord.

Foto: Eli Bjelland / NRK

9. mai braut meklinga saman mellom NHO Service og Handel og Norsk Arbeidsmandsforbund.

For Aker Solutions vart det nok ei belastning. Dei er frå før ramma av hotell- og restaurantstreiken.

Totalt er rundt 200 arbeidarar som syt for kantinedrift, reinhald og resepsjonstenester i streik. Verftet har no bede rundt 500 kontortilsette om å ha heimekontor.

Strid om sjukepengar

Tysdag besøkte forbundsleiar Brede Edvardsen i Norsk Arbeidsmandsforbund dei streikande på Aker Solutions på Stord.

– Desse er det me kallar lågtlønte, seier Edvardsen og legg til:

– Ei full årsløn for ein reinhaldar er litt over 400.000 kroner. Men det reelle lønsnivået er endå lågare på grunn av mykje deltid.

streikemarkering på Stord

Brede Edvardsen i Norsk Arbeidsmandsforbund besøkte dei streikande på Stord.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Dei streikar for betre løn og vilkår.

Sentralt er kravet om forskottering av sjukepengar. Her står partane langt frå kvarandre. ​​​

Edvardsen meiner selskapa som er ramma av streiken, har ressursar og kapasitet til å betala for at sjuke tilsette ikkje må risikera å venta på lang behandlingstid i Nav.

– Desse verksemdene klarar dette heilt fint.

streikemarkering på Stord

Dei streikande i både Norsk Arbeidsmandsforbund og Fellesforbundet var samla til streikemøte på Aker Solutions på Stord tysdag.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Næringslivet kan ikkje vera gratis bank for staten

NHO Handel og Service har ei heilt anna oppfatning.

Administrerande direktør Vegard Einan meiner det vil bli heilt feil å leggja kravet om å forskottera sjukepengar på alle bedrifter – utan å sjå på kva for størrelse og marginar dei har.

Einan meiner ein må skilja mellom Aker Solutions som har råd og allereie forskotterer sjukepengar, og andre som Toma Facility Noreg AS.

– Det er stor skilnad på ei reinhaldsverksemd og ei industriverksemd når det gjeld kor mykje som går til lønn. Industriverksemda har større marginar, seier Einan.

Regiondirektør i NHO Viken Oslo, Vegard Einan, ser i kamera.

Vegard Einan i NHO Handel og Service.

Foto: Roy Pettersen / NRK

Einan og NHO meiner at Nav må ta ansvaret sitt og sjølv svare på kvifor mange blir ventande lenge på utbetaling av sjukepengar.

– Det er urimeleg å påstå at små og mellomstore verksemder skal ha administrasjon, eller kapasitet til å handtera oppgåvene til Nav.

– Dei må løysa sine eigne utfordringar. Næringslivet kan ikkje vera gratis bank for staten.

Seks landsforeiningar i NHO som representerer fleire enn 16.000 verksemder, har sendt brev til Stortinget.

I brevet ber dei om ei politisk løysing på striden rundt sjukepengar.

Verksemder med milliardomsetnad

I 2024 omsette Toma Facility Noreg AS for 1,6 milliardar, og hadde eit årsresultat på 41 millionar kroner.

Selskapet blei nyleg seld til det danske storkonsernet ISS.

Administrerande direktør i selskapet, Christer Gavelli, seier til NRK at ei stor verksemd som Toma vil klara å forskottera sjukepengar – men meiner det ikkje er deira ansvar.

– Me har stor respekt for at folk skal få utbetalt sjukepengane sine, men når me blir pålagde å gjera dette fordi Nav ikkje klarer det så meiner me det er feil.

Skulle Toma sjølv ha forskottert sjukepengar, måtte dei ha tilsett fleire i administrasjonen for å kunna handtera oppgåva, påpeikar Gavelli.

Han spør seg også om kva slags mandat dei i så tilfelle skulle hatt til å ettergå sjukepengar, noko Nav kan.

– Derfor oppfattar me dette som urimeleg, seier Gavelli.

– Det hadde vore ei utfordring

Årsrapporten til Toma frå 2024 viser 3000 tilsette i Noreg og om lag 1800 årsverk.

Snittløna for kvinnelege reinhaldarar i selskapet var i 2024 på rundt 36.000 kroner per månad.

Månadsløna i Noreg same år var 59.000 kroner i snitt, ifølgje SSB.

– Det er ikkje eit yrke med høg løn, men slik kontraktane er sette opp i Noreg er det mange som ikkje har fulle stillingar, seier Gavelli om tala.

Ville du klart deg på 36.000 kroner i månaden?

– Nei. Det hadde, som du skjønar, vore ei utfordring, svarer Gavelli.

Publisert 15.05.2026, kl. 13.19

Read Entire Article