Rekordmange avrettingar i Saudi-Arabia

2 hours ago 1



Denne veka blei tre menneske avretta i Saudi-Arabia.

Dermed har landet avretta totalt 340 fangar i 2025, ifølge ei oppteljing frå nyheitsbyrået AFP.

Tala er baserte på kunngjeringar frå det saudiske innanriksdepartementet og statlege Saudi Press Agency (SPA).

– Saudi-Arabia har alltid hatt mange avrettingar, men nivået dei siste åra er høgare enn det vi har sett før, seier Charlotte Lysa, forskar ved Universitetet i Oslo.

Også i fjor sette Saudi-Arabia «rekord», då 344 menneske blei avretta.

Det er andre året på rad at landet slår sitt eige rekordnivå.

En gruppe mennesker går langs en bred gangvei foran en stor bygning i en solfylt by. Noen personer er kledd i tradisjonelle klær, mens andre har på seg moderne klær. Bakgrunnen viser flere personer som også beveger seg mot inngangen til bygningen. Omgivelsene preges av lys og steinlagte flater. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Dirah-plassen i Riyadh var tidlegare kjend som stad for offentlege avrettingar, men er i dag brukt som ein historisk og turistprega plass. Offentlege avrettingar blir ikkje lenger gjennomførte.

Foto: Sidsel Wold / NRK

Mange arbeidsmigrantar blant dei avretta

Ifølge styresmaktene er fleirtalet av avrettingane knytte til narkotikarelaterte lovbrot.

I 2023 starta landet ein «krig mot narkotika», med strengare kontroll og hardare straffer.

AFP sine tal viser at 232 av dei 340 avrettingane i 2025 gjeld narkotikasaker.

Arbeidsmigrantar utgjer omlag 13 millionar av arbeidskrafta i landet.

Bilde viser to menn, en i militæruniform og en iført T-skjorte, som står foran en grønn duk. De begge har på seg svarte masker og er i ferd med å håndtere en stor mengde hvite granuler, muligens en type rusmiddel. I bakgrunnen kan man se en vegg med arabisk tekst og emblemer. Bildet gir inntrykk av en pressekonferanse knyttet til beslag av illegale stoffer. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Saudiarabisk narkotikapoliti viser fram beslaglagd captagon i Jidda i 2022. Stoffet er eit amfetaminliknande rusmiddel og eit sentralt mål i landet sin kamp mot narkotika.

Foto: FAYEZ NURELDINE / AFP / NTB

– Over 30 prosent av befolkninga i Saudi-Arabia er utanlandske statsborgarar, men dei utgjer nesten halvparten av dei som blir avretta, seier Lysa ved UiO.

Saudi-Arabia har i mange år vore avhengig av millionar av utanlandske arbeidarar for å bygge infrastruktur og arbeide i private heimar, som ifølge Lysa har ofte har ein svak posisjon i rettssystemet.

– Særleg dei som ikkje snakkar arabisk, har ein svak posisjon. Det finst mange døme på at dei ikkje får god informasjon om skuldingane mot seg eller om dommen.

Gruppe menn sitter samlet på en grønn matte i et urbant område. De er engasjert i et kortspill, og flere av dem holder kort i hånden. Omgivelsene viser en gate med asfalt og personer som går forbi i bakgrunnen. Det er en avslappet atmosfære med casual antrekk. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Arbeidsmigrantar spelar kort i gamlebyen i Jeddah. Bilete frå november 2020 då Saudi-Arabia varsla reformer som skulle lette nokre av restriksjonane for migrantarbeidarar.

Foto: Amr Nabil / AP / NTB

Ho forklarer at rettsprosessane generelt er lite opne, noko som kan gjere situasjonen endå meir krevjande for utlendingar.

Avviser kritikken

Menneskerettsorganisasjonar har lenge kritisert bruken av dødsstraff i Saudi-Arabia.

Human Rights Watch (HRW) har dokumentert fleire tilfelle der personar er dømde til døden etter å ha blitt tiltala under Saudi-Arabias antiterrorlover.

To personer sitter på en scene under en offisiell seremoni. Den første personen er kledd i en mørk dress, mens den andre er iført tradisjonell arabisk drakt med rødt og hvitt sjal. Begge ser mot en annen del av arrangementet, omgitt av et publikum. Omgivelsene gir inntrykk av en formell begivenhet med flere tilskuere i bakgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Kronprins Mohammed bin Salman og president Emmanuel Macron under One Water Summit i Riyadh 3. desember 2024.

Foto: - / AFP / NTB

– Dette er ikkje valdelege kriminelle, og dei fleste er utanlandske statsborgarar. Å avrette dei bryt med folkeretten, som seier at dødsstraff berre kan brukast ved overlagt drap, seier Harriet McCulloch i menneskerettsorganisasjonen Reprieve.

Etter ein pause på rundt tre år tok Saudi-Arabia i slutten av 2022 opp att bruken av dødsstraff i narkotikasaker. Det reagerte FN sterkt på.

Saudiske styresmakter avviser kritikken.

Dei meiner dødsstraff er nødvendig for å halde oppe lov og orden, og at straffa berre blir brukt etter at alle ankemoglegheiter er uttømde.

Et anonymisert individ, iført tradisjonelle klær, gestikulerer med hånden. Bakgrunnen viser en stilren innendørs setting, delvis dekorert med tekstiler som representerer en arabisk kultur. Det ser ut til å være en samtale eller diskusjon i gang. Det er ingen kommersielle elementer eller grafiske innhold i bildet. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Mohammed bin Salman tok over makta i 2017.

Foto: BANDAR AL-JALOUD / AFP / NTB

Vanskeleg å få oversikt over politiske motstemmer

Ifølge Lysa finst det døme på at dødsstraff er brukt, men det er vanskeleg å få full oversikt.

– Det har vore tilfelle der dødsstraff er brukt i saker behandla i terrordomstolen. Lovgivinga er svært vag, og mykje kan bli definert som trugsmål mot statens tryggleik.

Charlotte Lysa, forsker

Charlotte Lysa, forskar på Midtausten, særleg Saudi-Arabia og Qatar ved Universitetet i Oslo.

Foto: Ksenia Novikova

Menneskerettsorganisasjonar viser til desse sakene som politisk relaterte:

  • Mohammed al-Ghamdi – pensjonert lærar, dømd til døden i 2023 etter å ha blitt tiltalt under landets antiterrorlov for ytringar på sosiale medium, ifølge HRW.
  • Youssef al-Manasif – sjiamuslim, dømd til døden etter demonstrasjonar. Var mindreårig då han blei arrestert, ifølge ein amerikansk kommisjon.
  • Ali al-Mabiouq – dømd til døden i samband med protestar. Også han var mindreårig då han blei arrestert, ifølge HRW.
  • Salman al-Awda – kjend sunnimuslimsk aktivist som har vore fengsla sidan 2017. Saudisk påtalemakt har bedt om dødsstraff, men saka har vore behandla for stengde dører og er framleis uavklart, ifølge ein amerikansk kommisjon.

– Har ikkje vore ei politisk liberalisering

– Det mest påfallande er kanskje ikkje at dødsstraffa finst, men korleis ho blir presentert. Staten har blitt meir opptatt av image, og dødsstraffa er i større grad flytta ut av det offentlege rommet, seier Lysa.

Ho meiner mykje av endringa handlar om korleis Saudi-Arabia ønsker å framstå overfor omverda.

En mann står utendørs med en hvit skjorte og har en falk på armen. Falken har hvit fjærdrakt med svarte prikker, og den sitter på en grønn hanske. Bakgrunnen viser en bygning med steinvegg og palmer i horisonten. Lyset er klart og omgivelsene ser ut til å være en offentlig plass. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Saudi-Arabia har brukt mange ressursar på å profilere seg som ein turist og sportsattraksjon. Her eit offisielt besøk av Lionel Messi i mai 2023.

Foto: HANDOUT / Reuters / NTB

Sidan kronprins Mohammed bin Salman, tok over den reelle makta i 2017, har landet jobba for å framstå som eit meir moderne og ope land.

Dei har investert tungt i kultur, turisme og internasjonal idrett, mellom anna gjennom store fotballsatsingar og sportsarrangement.

Landet møter vedvarande kritikk frå menneskerettsorganisasjonar for den omfattande bruken av dødsstraff.

To personer sitter i en møtesetting med en luksuriøs innredning. Den ene personen er iført tradisjonell arabisk drakt, mens den andre har på seg dress med rød slips. Begge ser ut til å delta i en samtale, med en rekke gjenstander på bordet mellom dem. Omgivelsene inkluderer utsmykkede vegger og møbler som gir et inntrykk av høy status. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

MBS under eit offisielt besøket til USA i november 2025, her med den amerikanske presidenten Donald Trump.

Foto: Evan Vucci / AP / NTB

Organisasjonane meiner praksisen står i sterk kontrast til biletet landet ønsker å vise verda, som er ein sentral del av kronprinsen si Vision 2030-satsing.

Lysa påpeikar det viktig å skilje mellom sosial og politisk utvikling i landet.

– Det har vore ei omfattande sosial liberalisering, men det har ikkje vore ei politisk liberalisering. Tvert imot har landet blitt meir autoritært.

Publisert 20.12.2025, kl. 21.20

Read Entire Article