Roser kronprinsessa

15 hours ago 4



Statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) roser kronprinsesse Mette Marit for sin openheit om lungesjukdomen.

Fredag vart det kjent at sjukdommen hennar er forverra, og at ho no vert forberedt på ein mogleg lungetransplantasjon.

– Eg vil anerkjenna kronprinsessa for at ho deler. Eg trur det kan gje tryggleik at ho snakkar om helsesituasjonen.

Støre meiner det er viktig med openheit om helse – innanfor grenser ein set sjølv.

– Men når kronprinsessa har vore open og delt på denne måten, trur eg det kan gi tryggleik for mange som føler at dei er åleine i ein vanskeleg helsesituasjon.

Read Entire Article