52 år gamle Anita Øvrebø Pettersen var på veg til jobb ein tidleg morgon i mars i fjor.
Like nord for Vikatunnelen i Namsos kom ein semitrailer og kolliderte med bilen hennar på det glatte føret. Livet hennar enda der.
Ektemann Rune Pettersen følgde rettssaka mot ein yrkessjåfør førre veke.
– Ei sånn dame fortener å få eit ansikt utetter.
Han valde sjølv å sette seg i vitneboksen under rettssaka.
Ektemann Rune Pettersen fortalde i retten om Anita som var veldig viktig for han og familien.
Foto: Rita Kleven / NRKVille seie korleis ho var
Anita blei eit nytt trafikkoffer. Ho er ei av mange som mista livet på norske vegar i fjor.
Han fortalde i retten korleis ho var som menneske. Han meiner det var viktig å få fram. Det er ikkje berre eit namn.
– Ikkje minst alle ho tok til seg. Ho har fire barn sjølv, stebarn, stebarnebarn og kjempestor familie. Alle ho møtte likte ho.
Faklar tente for trafikkoffer på minnemarkering til Trygg Trafikk i Verdal tidlegare i år.
Foto: NRKBlei med i Trygg Trafikk
Kvart år er det fakkeltog og minnemarkering for dei som har mista livet i trafikken, slik det blir no i januar. Også Rune Pettersen bar ein fakkel i Verdal tidlegare i år.
Etter ulykka har han blitt med i Trygg Trafikk, og han håpar å gjere ein forskjell.
– Det har på ein måte blitt veldig fint i ein sorgprosess.
Han deler med andre kva han sjølv har opplevd, og seier førebygging med russen er veldig, veldig viktig.
Også i år er det for mange omkomne i trafikken, seier han.
Trykk og høyr litt av låta «Vegen til tryggleiken», med tekst og melodi av Joakim Pettersen.
Son skreiv song
Sonen til Rune, Joakim Pettersen laga songen «Vegen til tryggleiken», etter at Anita mista livet.
Songen er gitt ut i samarbeid med blant anna Trygg Trafikk.
– Eg bruker å seie det at du bør ta vegen til tryggleiken, når du ferdast i trafikken, seier Rune Pettersen.
Frode Tiller Skjervø, regionleiar Trygg Trafikk.
Foto: Trygg TrafikkSørgeleg høgt
Utviklinga i talet på drepne i trafikken i år er berre tragisk, seier regionleiar Frode Tiller Skjervø i Trygg Trafikk. I fjor mista 87 menneske livet, mens det så langt i år er 103 drepne.
– Vi hadde ei positiv utvikling på talet på drepne i fjor og året før der, og så er vi tilbake igjen over 100 drepne. Det er sørgeleg høgt.
For Trygg Trafikk betyr det mykje at pårørande engasjerer seg, som Rune har gjort.
– Det er ei veldig tragisk oppleving dei står i, og har stått i. Men at dei då vil dele korleis det faktisk er å miste nokon, har ein veldig bra førebyggande effekt, seier han.
Bistandsadvokaten Lise Ligaard og Rune Pettersen i retten.
Foto: Rita Kleven / NRKDå verda rasa
15. desember kom dommen.
Ein yrkessjåfør blei dømd til fengsel i fire månader, og tapte førarretten i tre år.
Tida etter ulykka har vore tung for Rune.
– Dei siste orda eg sa til ho, var om kvelden då vi la oss. Dagen etter er ho faktisk borte. Verda rasar.
Han seier han har vore heldig som har hatt veldig gode folk rundt seg i tida etterpå.
Publisert 18.12.2025, kl. 16.59
















English (US)