Russland ser ut til å vinna kampen om Georgia

1 hour ago 2



DEBATT: Svært få ortodokse prestar i Georgia vågar å protestera mot det autoritære styret som søkjer seg inn i famnen til Vladimir Putin. Dei få som gjer det, får betala prisen.

Det autoritære styret i Georgia søkjer heller mot Vladimir Putin enn mot EU Foto: Gavriil Grigorov / Reuters / NTB
  • Johannes Morken

    Johannes Morken

    Redaktør, Stefanusalliansen

Publisert: Publisert:

For mindre enn 20 minutter siden

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Russland ser ut til å vinna kampen om Georgia. EU er i ferd med å gje opp Georgia som framtidig medlemsland, to år etter at landet, som sjølv søkte, fekk status som kandidatland. Georgia har teke ein dramatisk u-sving.

Georgisk Draum

Desse to åra har det meir og meir autoritære regimet i det sør-kaukasiske landet brukt til faneflukt frå demokrati og rettsstat. Leia av partiet Georgisk Draum kveler regimet opposisjonen. Også for uavhengige media, sivilsamfunnet og fengsla aktivistar er Georgisk Draum blitt eit mareritt. Fjerninga av eit kontor som kjempar mot korrupsjon, er endå eit steg vekk frå rettsstaten.

Regjeringspartiet framstiller EU som ei farleg makt som undergrev Georgia, kyrkja og dei nasjonale verdiane, som familieverdiar. Ein EU-diplomat sa nyleg at Georgia er lengre unna medlemskap i dag enn i 2023. Han kalla utviklinga «øydeleggjande».

Den ortodokse kyrkja har spelt ei viktig nasjonal rolle og har over 80 prosent av folket som medlemmer. I kampen om Georgia skal gå mot Moskva eller Europa, er det tett allianse mellom statsmakt og kyrkjemakt. På same vis som i Russland der også kyrkje og stat er allierte, er LHBT eit «trumfkort» mot Vesten.

Taus motstand

Med så sterk folkeleg motstand som det er mot regjeringa i Georgia, er det truleg også i kyrkja utbreidd misnøye. Men dei aller fleste er tause, gitt det aggressive klimaet. Men nokre få ortodokse prestar vågar seg ut med offentleg kritikk.

Tbilisi-presten Dorothe Kurashvili har protestert mot Georgisk Draum og sagt at landet må gå vestover og ikkje mot Moskva og det autoritære. Statskontrollert tv har retta sterke angrep mot han. Leiinga i kyrkja meiner Kurashvili «bryt ned moralen» og «krenkjer» andre prestar.

Eg møtte nyleg ein annan ortodoks prest, George Tserotze. Han åtvarar mot «aggressiv retorikk som speglar eit autoritært regime og undergrev sivilsamfunnet».

Stemplar sivilsamfunnet

Tserotze viser ikkje minst til den mektige forretningsmannen Bidzina Ivanishvili. Han er den reelle leiaren i Georgisk Draum, også etter at han i 2013 gjekk av som statsminister. Ivanishvili vart rik på handel med Moskva og styrer landet mot Vladimir Putin. Ivanishvili hevdar Europa og EU er styrt av «den djupe staten». Framfor parlamentet i hovudstaden Tbilisi hevda Ivanishvili i april i fjor at Georgia vert truga av eit «globalt krigsparti». Han stempla georgisk sivilsamfunn som «utanlandske agentar».

Georgia innførte i fjor «den russiske lova»: Alle organisasjonar som får ei viss økonomisk støtte utanfrå, også frå EU, må registera seg som «utanlandske agentar». I år kom ei lov som forbyr å ta imot pengar frå utlandet utan løyve. Mange organisasjonar nektar å registrera seg som agentar og prøver å unngå å søkja godkjenning. Men presset aukar. Også for demonstrantar og aktivistar – det er nærast daglege demonstrasjonar – er den georgiske draumen i ferd med å bli eit mareritt.

«Eit vitnemål om trua mi»

Eg kan ikkje vere taus når menneskeverd og samfunnsfridom er truga.

George Tserotze trur at det liberale demokratiet og eit fritt sivilsamfunn – med alle sine manglar – er «det næraste vi her på jorda kjem den fridomen og det menneskeverdet som vi er kalla til, og som fullt ut først vil bli openberra i Guds rike». Han legg til:

«For meg er det å slutta meg til protestane ikkje berre ei politisk ytring i snever forstand, men eit vitnemål om trua mi. Eg kan ikkje vere taus når menneskeverd og samfunnsfridom er truga.»

Tserotze har, som tidlegare prest i hæren, hatt ei krevjande karriere. Han fullførte presteutdanning i Storbritannia i 2012 og deltok i eit amerikansk gjesteprogram for leiarutvikling. Tserotze hadde jamvel eit introduksjonsmøte med sjefen for prestane i det amerikanske luftforsvaret.

Skiftet for Tserotze kom under pandemien. Den georgiske ortodokse kyrkja gjekk mot vaksinering og bad folk ignorera smittevernreglar. Ein opprørt Tserotze tok offentleg til orde for vaksinering. Tserotze ville ta omsyn til smittefaren også ved utdeling av nattverden, det ville kyrkja ikkje.

Vart oppsagt
Tserotze vart truga med å bli avskilta som prest og bli oppsagt frå prestejobben i hæren. Han unngjekk det i første runde. Men då Tserotze heldt fram med å tala på internasjonale konferansar og på arrangement i regi av sivilsamfunn, vart han oppsagt.

Den dåverande forsvarsministeren, som forresten nyleg blei arrestert for korrupsjon, signerte ordren. Sjølv er Tserotze overtydd om at oppseiinga var koordinert med leiinga i kyrkja. At både kyrkjeleiarar og statsleiarar stort sett er tause når den oppsagde presten framleis protesterer, skuldast – trur Tserotze – at makta meiner at «dei alt har straffa han».

I private samtalar har også mange ortodokse prestar støtta Tserotze. «For meg kan teologi og kyrkjeliv aldri tena som dekke for frykt eller konformitet. Tvert imot er det den teologiske grunnvollen i ortodoksien som tvingar meg til å tala ope når menneskeverd blir nekta og når vegen vik vekk frå Guds rike.»

Han og andre aktivistar eg kjenner i Georgia, kjempar framleis for draumen, mot marerittet.

Publisert:

Publisert: 26. november 2025 11:54

Read Entire Article