Rustar opp 130 år gammal veg for Instagram-turistar

1 week ago 13



På Osterøy i Vestland fylke ligg ein spektakulær grusveg.

Opp gjennom eit bratt skar, langt inni skogen, går det sytten krappe svingar, kalla Kossdalssvingane.

Den imponerande vegen blei bygd for hand for 130 år sidan for å frakte bønder og varer ned til vatnet og vidare ut i verda.

Med tida kom nye vegar, og Kossdalssvingane blei gløymd og sto til forfall.

Så har det skjedd noko dei siste åra, ifølgje lokal kjentmann Øystein Øvsthus.

– No kjem dei frå heile verda for å ta bilete og sjå utover den flotte naturen her.

Ronald Hole Fossåskaret/NRK

Frå kvardagsveg til Instagram-magnet

Øvsthus er leiar i foreininga Vener av Kossdalsvegen.

– Det er utruleg at nokon kom på å bygge svingar opp her i det heile.

Vennskapet mellom mannen og vegen går så langt tilbake at han ikkje kan hugse første turen opp dei bratte bakkane.

Øystein Øvsthus

Øystein Øvsthus har brukt mange laurdagar på å rydde vegen.

Foto: Ronald Hole Fossåskaret / NRK

Den gong var vegen endå brukt som transportåre, fortel ostringen.

Så kom ein periode der vegen sto ubrukt, og vegetasjon tok over for vandrande.

I nyare tid har vegen blitt henta fram frå gløymsla av lokale mosjonistar.

Og internasjonale Instagram-turistar.

Utsikta mot Kossdalsvatnet har blitt eit populært motiv for turistar

Ronald Hole Fossåskaret/NRK

I fleire år har Øvsthus og veneforeininga lagt ned dugnadstimar for å halda vegen ved like.

Men skal vegen tole pågangen som er spådd må det meir arbeid til.

Nytt liv som turistmagnet

– Dei siste åra har det kome folk frå heile verda, og trafikken er aukande, seier ordførar Lars Fjeldstad.

Sosiale medium som Instagram og TikTok merkar ordføraren at har gjeve reiselystne verda over nyss i den gøymde vegen på vestlandet.

Skjermdump frå Instagram viser at svingane er eit poulært motiv

Kossdalsvatnet med svingane i forgrunnen er blitt eit populært motiv, gjerne med ryggen mot kamera.

Foto: Skerjmdump Instagram

– Det er jo nokre heilt unike bilete. Sjølv eg som har vore her mange gonger får lyst å ta ein tur når eg ser dei.

Og Instagram-venlege vegar er noko kommunen ønskjer å satse på.

Men å vere vidgjeten på sosiale medium kan bere med seg utfordringar for berekraft og sikkerheit:

  • I Moskenes i Lofoten har Instagram-pågangen vore så stor at kommunen såg seg nøydd til å sperre turvegen for å unngå fleire ulykker og dødsfall.
  • Stalheimskleivane i Voss, ein annan imponerande vestlandsveg, vart permanent stengd for trafikk då vegen ikkje tolte turist-trykket.
  • Urnes stavkyrkje i Lustrafjorden er berre éin av fleire reisemål som har opplevd turistbæsj på avvege.
  • Ved Trolltunga såg dei seg nøydde til å tilsette vaktar for å hindre turistar i å ta fatt på turen i «crocs».

Med ei stigning på 27% er det ein bratt tur som ventar før ein får biletet frå toppen

Ronald Hole Fossåskaret/NRK

Og 130 år i vestlandsvêr set preg, sjølv på ein ingeniørbragd som Kossdalssvingane.

Nokre stader har vatnet allereie rend av garde med vegen.

– Me ønskjer turistane velkomen. Samstundes er det viktig at dette skjer på ein berekraftig måte, og at det er trygt å ferdast her.

Ordførar Lars Fjeldstad i Kossdalssvingane

Ordførar Lars Fjeldstad seier dei var nøydd å førebu seg på aukande turisme for å gjere pågangen mest mogleg knirkefri.

Foto: Ronald Hole Fossåskaret / NRK

For å ta imot turiststraumane så knirkefritt som mogleg har Osterøy kommune sett av 700.000 kroner til å gjere vegen klar for sitt nye liv som turistmagnet.

– Først og fremst fordi det er eit viktig kulturminne, seier Fjeldstad.

Men ordføraren kallar det òg ei investering i reiselivet.

– Wow, dit vil eg òg!

– Så klart har eg vore i Kossdalssvingane!

Benedicte Ødegaard er ansvarleg for marknad og sosiale medium i Den Norske Turistforening, og har sjølv fått hanka inn blinkskotet frå toppen av svingane.

Kossdalsvatnet med Kossdalssvingane i forgrunnen

– Eit smått spektakulært turmål som verkeleg set Osterøy på kartet, seier Ødegaard om turen.

Foto: Benedicte Ødegaard

Ho er ikkje i tvil om at sosiale medium bidreg til å få fleire ut i friluft.

– Delingskulturen i sosiale medium gjer at populært innhald blir sett av mange som tenkjer “Wow, dit vil eg òg!”

Dei ser òg at meir merksemd fører til meir ferdsel.

– Det er viktig at alle som jobbar med å legge til rette for friluftsliv passar på å informere om sporlaus ferdsel og sender folk til turmål som toler det.

På gamlemåten

– Vegen har sige ut om lag ein meter og er heilt lealaus, seier Kjetil Monstad.

Kjetil Monstad står ved sidan av turvegen og lener seg på krafsa.

Kjetil Monstad er tradisjonshandverkar, og sjølv om han har litt maskinhjelp til dei tyngste løfta blir arbeidet gjort på gamlemåten.

Foto: Ronald Hole Fossåskaret / NRK

– Det var fare for at ho skulle rasa ut.

Med krafse og litt maskinhjelp er han no i full sving med å gjere svingane klare for eit nytt liv som turistmagnet.

Sjølv om vegen må rustast opp er tradisjonshandverkaren imponert over den gamle vegen.

– Det aller, aller meste står like fint i dag som då det vart bygd. Det er eit bra vitnemål om godt handverk.

Og godt handverk skal dei halda fast i, for vegen skal byggast opp att på gamlemåten – for å vare.

– Det skal nok overleve meg i alle fall, seier handverkaren og ler.

Er du nysgjerrig på korleis arbeidet blei, eller i manko på gode Instagram-motiv?

Her kan du sjå kvar på øya Kossdalssvingane ligg:

Her ligg den spektakulære motbakken – med Instagram-motiv på toppen som gulrot.

Ikkje alle er like glade for kva Instagram-turismen kan gjere med norsk natur og reisemål. Les meir om det i Ytring-artikkelen under.

Publisert 19.04.2024, kl. 18.48

Read Entire Article