Me oppdaterer saka.
Det blei grei skuring for Casper Ruud då han møtte Alejandro Davidovich Fokina i 16.-delsfinalen i ATP-1000-turneringa Madrid Open.
Men midtvegs i første sett skjedde det noko uventa.
– Nå skjer det noko på tribunen her. Det er nokon om skrik at det har skjedd noko der, sa TV 2 kommentator Sverre Krogh Sundbø.
Ruud såg forskrekka opp på tribunen og måtte stoppe spelet. Publikum var også stille eit sekund før dei byrja å pipe noko veldig.
– Det ser rett og slett ut som ein slåstkamp oppe der, fortsette Sundbø.
Også dei britiske kommentatorane reagerte:
– Det har eg aldri sett før, sa den britiske kommentatoren på TV 2 si hovudsending og fortsette:
– Kva i huleste er det som skjer klokka 11.30 på morgonen?!
Kamera filma ikkje opp på hendinga. Ifølgje Sundbø ville ikkje arrangøren gje oppførselen merksemd.
– Då er du sterk altså. Når du møter opp klokka halv tolv ein måndags føremiddag på tennisarena i Madrid og byrjar å bråke, sa Sundbø.
SERVA HARDT: Casper Ruus serva hardt i nettet og nettet spretta opp.
Foto: Violeta Santos Moura / REUTERS,NTB– Litt merkeleg situasjon
Kort tid etter bråket i på tribunen skjedde det ei ny uføresett hending.
Då det første settet gjekk mot slutten, var det Ruud som var grunnen til ei ny forseinking. Nordmannen serva knallhardt. Ballen smalt inn nedst på midten av nettet, som blei delvis øydelagt.
– Han har rett og slett slått i hel metallbiten. Du er for sterk, Casper Ruud, sa Sundbø etter at kampen blei stansa for andre gong.
– Litt merkeleg situasjon der eg tek den første serven min i nettet og så knekk den metallkroken og nettet sprett opp og me får ein seks minuttar lang pause, seier Ruud til arrangøren etter kampen og fortset:
– Det er rart å få ein så lang pause midt i eit game. Heldigvis for meg får eg ein ny førsteserve, og bryjar poenget på nytt. Dei to poenga er viktig, og få snøra att det første settet. Det var eit viktig første sett å dra i land.
VIDARE I MADRID OPEN: Casper Ruud tok seg enkelt vidare i Madrid Open. Her takkar han og Fokina for kampen.
Foto: Violeta Santos Moura / REUTERS,NTBStorspelte
Ruud vann med settsifra 6–3, 6–1 etter å ha brote den spanske motstandaren sin ved første høve i begge setta.
– Eg har spelt veldig bra grustennis. Eg har klart å setje saman gode poeng. Frå linja føler eg at eg er tilbake til fjoråret. Kvar gong eg går ut på grusen her, har eg gode minne. Eg nyt det medan eg kan, seier Ruud til arrangøren etter kampen.
– Eit eventyr av ein avslutning av Casper Ruud, måten han avsluttar det siste gamet er spinnvilt, seier Sundbø.
Fokina er ranka som 24 i verda, medan Ruud er nummer 15.
Det er ikkje lengre enn eit år sidan nordmannen oppnådde sin største triumf i karrieren då han vann nettopp Madrid Open etter å ha slått Jack Draper i finalen.
Publisert 27.04.2026, kl. 12.32 Oppdatert 27.04.2026, kl. 12.54







.jpg)





English (US)