– Dette døgnet har vore heilt absurd, seier Elisabeth Siebke.
Denne veka gjekk ho av som klinikksjef ved Ålesund sjukehus. Bakgrunnen er at ho meiner kutta ho blei pålagd å gjere er umoglege å gjennomføre.
Når NRK møter henne dagen etter nyheita blei kjent, er ho tydeleg rørt når ho fortel om meldingane som har komme til henne. Telefonen har ifølge Siebke ikkje vore stille. Det har tikka inn frå både kollegaer, pårørande og pasientar.
– Eg har fått meldingar frå heile Noreg. Dei er glade for at eg tok det valet som eg kjente var rett for meg, seier ho.
Elisabeth Siebke seier dei siste dagane har vore tøffe. Ho hadde eigentleg planlagt å sitte i jobben til ho blei 70 år.
Foto: Frederik Winness Ringnes / NRKMed sparekutt på over 90 millionar hengande over seg, fortel klinikksjefen at ho til slutt ikkje fekk sove. Sjølv om ho klarte å finne tiltak for 30 av millionane, klarte ho ikkje dei siste 60. Rammene var for små.
– Eg er oppriktig kjempebekymra for korleis det skal gå framover, om vi skal stramme den skruen enda meir, seier ho.
– Umogleg oppgåve
Helse Møre og Romsdal skal i 2026 kutte 410 millionar for å få budsjettet i balanse.
Nye sjukehusbygg er ein del av grunnen til det store underskotet i Helse Møre og Romsdal. I tillegg blir det peika på innføringa av journalsystemet Helseplattforma.
Tillitsvald for overlegane i helseføretaket, Igor Jokic, meiner avgangen til klinikksjefen er eit tydeleg signal.
– Å leie sjukehuset med dagens rammer er ei umogleg oppgåve. Dette er eit signal til helseministeren og Stortinget, det er der ifrå ordrane kjem, meiner Jokic.
Igor Jokic er tillitsvald for overlegane i Helse Møre og Romsdal.
Foto: Remi Sagen / NRKHovudtillitsvalt for Norsk Sykepleierforbund ved Ålesund sjukehus, Kjetil Bjørdal, meiner helseministeren har fleire alternativ han kan ty til for å få helseføretaket opp av den økonomiske hengemyra.
Han meiner helseministeren enten kan løyve tilstrekkelege midlar, kutte rentekrav på statlege lån eller ta ansvar for å vedta kva helsetilbod helsevesenet skal slutte med.
Kjetil Bjørdal er hovudtillitsvald for Norsk Sykepleierforbund ved Ålesund sjukehus.
Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK– Somme politikarar viser jo at dei prøver å gjere noko med situasjonen. Problemet er vel at fleirtalet av politikarane må skjønne alvoret, seier han.
Forventar at helseministeren kjem på bana
Frp-leiar Sylvi Listhaug meiner det har vore ein alvorleg situasjon i helseføretaket lenge, og seier at tilsette har prøvd å seie frå gjentatte gongar.
Når det kulminerer i at klinikksjefar går av meiner ho det er på tide at helseministeren tar saka på alvor.
– Han tar jo ingen ansvar. Vi har jo advart mot dette i fleire år.
Frp-leiar Sylvi Listhaug meiner helseministeren må gripe inn.
Foto: Aurora Ytreberg Meløe / NRKHo legg til at Frp har foreslått å løyve ekstra midlar til Helse Møre og Romsdal.
– Viss ikkje det kjem på plass meir pengar kjem det til å bli alvorlege kutt i helsetilbodet. Og når sjefen som går av frå sjukehuset seier at dette ikkje er forsvarleg, då må ein begynne å vakne.
Også på motsett side av den politiske skalaen blir det reagert.
Seher Aydar meiner det som skjer i Ålesund må få varsellampane til å blinke.
Foto: Hallgeir Aunan / NRKHelsepolitisk talsperson i Raudt, Seher Aydar, meiner at det er opplagt at det vil gå utover pasientane og arbeidsvilkåra til dei tilsette når sjukehusa sjølv må spare til nye bygg.
– Det som skjer i Ålesund må få varsellampene til å blinke, skriv ho i ein e-post til NRK.
Får ikkje meir pengar
Helseminister Jan Christian Vestre (Ap) seier han tek situasjonen på alvor, men at det er opp til helseføretaket å ordne opp i økonomien.
– Vi kjem ikkje til å gi ekstra pengar til sjukehusa ein månad inn i eit nytt budsjettår. Stortinget vedtok budsjettet i desember, det gir ein realvekst til sjukehusa på ganske mykje pengar. Den ramma må sjukehusa forhalde seg til.
– Men når dei tilsette seier at det går ut over pasienttilbodet, kva då?
– Eg tek alle tilbakemeldingar på alvor. Samtidig kan ein ikkje bruke meir pengar enn ein har. Og når bemanningsveksten over år har vore høgare enn det budsjetta legg opp til, så må ein også gå inn og prioritere.
Helseminister Jan Christian Vestre seier at sjukehusa må bruke dei pengane dei har.
Foto: Håkon Benjaminsen / NRK– Det er du som er høgste ansvarleg for sjukehusa. Vil du ikkje ta ansvaret det inneber?
– Eg tek ansvaret for at vi skal ha gode helsetenester i Noreg. Eg tek også ansvaret for at vi no har rekordstore sjukehusbudsjett. Men alle sjukehus må forhalde seg til dei rammene Stortinget har sett, og viss ein brukar meir pengar enn ein har, så må ein tilpasse drifta der etter. Men det skal ikkje gå utover pasientsikkerheita eller svekke kvaliteten i tenestene.
NRK har vore i kontakt med Helse Midt-Norge, som ikkje vil kommentere saka. Dei viser til Helse Møre og Romsdal, som heller ikkje vil svare.
– Ikkje berre tenke politikk
Elisabeth Siebke er framleis tilsett i helseføretaket. Ho vil no gå over i ei rådgivarrolle fram til ho er pensjonist.
Elisabeth Siebke vil nå gå over i ei rådgivarrolle fram til ho blir pensjonist neste vår.
Foto: Frederik Winness Ringnes / NRKOppfordringa hennar til helseministeren er klar.
– Eg kjenner på at han no må lytte godt til rådgivarane sine og løfte fagfanen, og ikkje berre tenke politikk, seier ho.
Publisert 29.01.2026, kl. 18.00 Oppdatert 29.01.2026, kl. 19.35
















English (US)