– VM er så prestisjefylt, og fotball er så populært i Saudi-Arabia at det å gi frå seg vertskapet ville vore ein altfor audmjukande tanke – særleg fordi det ville vore ei innrømming av svakheit og feilprioritering som saudiarane ikkje ønsker å utstråle.
Det seier Kristian Coates Ulrichsen, som er forskar og Midtausten-ekspert ved Baker Institute ved Rice University i Houston til NRK.
– Er Saudi-Arabias sportsboom over?, spør Financial Times.
Kronprins Mohammed bin Salman er Saudi-Arabias mektigaste mann. Han er deira «Nicolai Tangen», men også mykje meir og mektigare.
SAUDI-VENN: Cristiano Ronaldo.
Foto: Hamad I Mohammed / REUTERS,NTBSaudi-Arabias statlege investeringsfond PIF blir leidd av kronprinsen. No har han bestemt at dei skal tenke meir på inntening fram til 2030.
Det kan gå ut over sportsinvesteringane.
– Revurdert og nedskalert
Midtausten-ekspert Ulrichsen svarer slik når NRK spør om kva signal det gir at Saudi-Arabia trekker seg ut av golftouren LIV:
– At dei trekker støtta til LIV er eit teikn på at saudiarabiske tenestepersonar straumlinjeformer investeringane i tråd med den nye femårsplanen til det statlege investeringsfondet. Dei tar nå ein grundigare kikk på vedvarande tapsbringande initiativ som viser lite teikn til nokon gong å bli lønnsame, svarer Ulrichsen.
SLUTTSPEL: Elena Rybakina vann WTA-sluttspelet i Riyadh i 2025. Nå blir truleg avtalen skrinlagd med Saudi-Arabia.
Foto: Fatima Shbair / AP,NTB– Finst det andre signal som peikar i same retning?
– Vi har allereie sett saudiarane gi frå seg vertskapsrettane til dei asiatiske vinterleikane i 2029 og i praksis legge bort arbeidet med vintersportsstaden Trojena. Det ser også ut til at den treårige avtalen om å arrangere sesongavslutninga til kvinnene i tennis (WTA Finals) ikkje vil bli fornya.
EKSPERT: Kristian Coates Ulrichsen ved Baker Institute.
Grafikk: Rice UniversityForskaren trekker fram fleire eksempel utanfor idrettsverda på at Saudi-Arabia tenker meir på inntening enn dei gjorde for få år sidan.
– Prosjektet «The Line» har blitt nedskalert og vil kanskje aldri bli fullført, det same gjeld Mukaab-prosjektet i Riyadh. Saudiarane har brukt mykje av dei siste to åra på å signalisere at store prosjekt og initiativ no blir revurderte og nedskalerte.
STADION-BYGGING: Saudi-Arabia la i VM-søknaden sin fram imponerande planar om bygging av stadion. Kva skjer nå?
Foto: AFP– Kva tenker du om Saudi-Arabias førebuingar til fotball-VM i 2034?
– Mi oppfatning er at saudiarane vil prøve å skjerme 2034-VM frå eventuelle kutt, og vil prioritere turneringa sjølv om dei trappar ned andre stader. Dette er i stor grad fordi VM er så prestisjefylt og fotball er så populært i Saudi-Arabia at det å gi frå seg vertskapet ville vore ein altfor audmjukande tanke.
Likevel kan dei komme til å snu meir på krona, eller rettare sagt rijalen sin, enn dei plana.
– VM-planane inneber bygging av elleve nye stadion, og desse kan bli gjenstand for revurdering, som for eksempel anlegget i Neom. Vi såg ei liknande revurdering i Qatar i 2014, då dei opphavlege planane om å arrangere VM i 2022 på tolv stadion blei nedjusterte til åtte, og sju var nybygg, seier Kristian Coates Ulrichsen.
GOLF-TOUR: Jom Rahm blei hylla som vinnar av Liv-touren.
Foto: Peter Powell / REUTERS,NTBLIV har vore eit kostbart eksperiment. Etter å ha investert over fem milliardar dollar i eit forsøk på å skape ein global rival til PGA-touren i golf, kan det no sjå ut som golftouren lever på lånt tid.
Vendepunkt
Når det statlege investeringsfondet trekker seg ut, blir det trøbbel.
I eit sjeldan intervju med Fox News i 2023 snakka kronprinsen om at sport skulle utgjere ein stadig større del av verdiskapinga i landet. Men den nye strategien fram mot 2030 kan bety eit vendepunkt.
Sjølv om LIV har klart å lokke stjernespelarar med feite premiar og har sikra seg ei handfull sponsorar, har dei slite med å tiltrekke seg eit publikum.
Utan ein fanbase er det vanskeleg å bli berekraftig. No som PIF skal stramme pengebruken, synest det opplagt å kvitte seg med LIV.
GODE BUSSAR: FIFA-sjef Gianni Infantino og Saudi-Arabias Mohammed bin Salman.
Foto: AFPDet har altså komme fleire teikn. Ulrichsen nemnde kvinnetennisen. Investeringsfondet har selt eigardelen sin i fotballklubben Al-Hilal, med spelarar som Kalidou Koulibaly, Karim Benzema og Rúben Neves. Planane om å arrangere VM i rugby skal vere skrinlagt, i alle fall foreløpig og ei snooker-turnering har blitt lagd ned etter berre to av planlagde ti år.
Saudi-Arabia har brukt milliardar på å etablere seg sjølve som ei global sportsstormakt det siste ti året – med store arrangement som boksing, Formel 1, tennis og hesteløp.
I ei pressemelding der dei fortel at dei trekker seg ut av Liv-golfen, seier PIF samtidig at dei framleis vil investere i ulik sport – som ein «prioritert sektor».
Det er oppsiktsvekkande at dei kjem med ei slik forsikring. Det hadde ikkje vore nødvendig for relativt kort tid sidan.
Kommentator Kevin Palmer i Irish Independent uttrykker seg omtrent som Ulrichsen i avisa si:
– Foreløpig har det ikkje komme nokon påstandar om at saudiarane vurderer å trekke seg frå vertskapsrolla for 2034. Årsaka til at dette prosjektet sannsynlegvis vil fortsette som planlagt, er at dei meiner dei kan levere ei turnering som vil vere både lønnsam og overkommeleg for fansen, samtidig som han gir turistnæringa eit løft.
Lokka stjerner
Den enorme pengebruken har klart å lokke mange av dei største fotballstjernene i verda – inkludert Cristiano Ronaldo – til sin heimlege fotballiga. Samtidig har Saudi-Arabia sikra seg aksjemajoriteten i Newcastle.
Det har herska uvisse om kva dei vil gjere vidare med Premier League-klubben, som berre er nummer 15 på tabellen nå.
Sist veke kom gutane frå Golfen til England. Trenar Eddie Howe seier ifølge BBC at ønsket til Newcastle-eigarane om å nå toppen held fram med å vere «uendra».
POKAL: Newcastles styreleiar Yasir al-Rumayyan jublar over triumf i ligacupen i 2024/2025.
Foto: HENRY NICHOLLS / AFP,NTBStyreleiar Yasir al-Rumayyan, som leier Saudi-Arabias offentlege investeringsfond (PIF), og minoritetseigar Jamie Reuben var blant dei som møttest til samlinga om framtida til klubben.
– Sjølv om PIF skal trekke si støtte på fleire milliardar dollar til LIV Golf ved slutten av sesongen, fekk leiinga i Newcastle beskjed for eit par veker sidan om at tilbaketrekkinga derfrå ikkje vil påverke klubben, melder BBC.
– Dei er veldig ambisiøse på vegner av fotballklubben, seier Howe.
– Enorme kostnader
Eit underskot for Saudi-Arabia på over 700 milliardar kroner i fjor, drive av auka pengebruk og lågare oljeinntekter, gjer at dei må tenke annleis i Riyadh.
– Med VM i 2034 i sikte står Saudi-Arabia overfor enorme kostnader knytt til infrastruktur og gjennomføring, seier Dr. Johan Rewilak, ekspert på sportsleiing ved Loughborough University, til BBC.
– Det er sannsynleg at regjeringa omfordeler kapital og gjer ei ny vurdering av den breiare sportsporteføljen sin. Geopolitiske spenningar og aukande byggekostnader kan også bidra til å framskunde desse avgjerdene, slik at pengebruken blir prioritert mot sikkerheit og essensiell infrastruktur framfor prestisjetunge sportseigedelar, avsluttar eksperten.
Publisert 17.05.2026, kl. 14.07




















English (US)