Ser klar tendens: – Mange treng hjelp

1 hour ago 2



«Hvis du skal drepe deg selv, kan du like gjerne drepe flest mulig innvandrere i samme slengen, så politiet skyter deg. Da vil du bli kjent og husket.»

Dette er berre eitt døme på korleis personar som uttrykker tankar om sjølvmord og depresjon blir møtt på nett. 

Dømet er frå Norgestråden på nettforumet «4Chan» og viser korleis sårbare mennesker kan bli utsett for radikalising på digitale plattformer. 

 Skjermdump 4Chan / Montasje: Frode Sunde / TV 2
TUNGE TANKAR: Fleire skriv om sjølvmordstankar og depresjon på 4Chan. Foto: Skjermdump 4Chan / Montasje: Frode Sunde / TV 2

Mykje psykisk uhelse

Sosiale medium og nettforum blir sett på som ein av dei største arenaene for radikalisering og rekruttering til høgreekstremistiske miljø. 

 Marie Grensbraten Lorvik / TV 2
RADIKALISERING: PST fryktar unge blir radikalisert og rekruttert til kriminalitet og ekstreme miljø på sosiale medium. Foto: Marie Grensbraten Lorvik / TV 2

PST har uttrykt bekymring over at barn nede i tolvårsalderen blir radikalisert og rekruttert via sosiale medium. 

No har forskarar sett nærmare på kva som faktisk rører seg inne på eitt av foruma som er kjent for å vere full av ekstremistiske utsegn, nemleg biletforumet «4Chan». 

– Det overraska oss at det var eit så stort lidelsestrykk hos mange av brukarane. Dei snakkar mykje om sjølvmord, depresjon, utanforskap og einsemd, seier Per Moum Hellevik, forskar ved NKVTS. 

 NKTVS
FORSKAR: Per Moum Hellevik er forskar ved Nasjonalt kunnskapssenter for vald og traumatisk stress, som står bak rapporten. Foto: NKTVS

– Veldig uheldig

Forskarane har henta ut 1,7 millionar innlegg frå norske samtaletrådar på «4Chan», og analysert innlegg posta over ein periode på to år.  

Forumet er kjent som ei plattform der ekstremt og ekstremistisk tankegods florerer, og er ofte assosiert med mørk humor, hets og ekstreme ytringar. 

Kva er «4 Chan»?

4 Chan er et anonymt biletforum. Brukarane deler bilete og memes med kvarandre, ofte med kort tekst.

Nettstaden starta som ein stad å diskutere japansk anime og manga, men tiltrakk seg brukarar med dryge ytringar på grunn av den låge modereringa.

For brukarane er grenseoverskriding sentralt, og dei finn spenning i å vere kontrære og kontroversielle.

Innlegga vekslar mellom å vere ironiske og genuine. Det kan vere vanskeleg å skilje kva som er sanne og usanne meiningar.

Terroristar som Philip Manhaus og Brenton Tarrant har vore aktive brukarar.

Ifølgje 4Chan sjølv er brukarane i gjennomsnitt mellom 18 til 34 år, og rundt 70 prosent menn og 30 prosent kvinner.

Men det som overraska forskaren mest i gjennomgangen, var kor mykje brukarane sjølv delte innlegg om dårleg psykisk helse, og korleis dei blei møtt av andre inne på forumet.

 Skjermdump / 4Chan
MENTAL HELSE: Dette er døme på postar på Norgestråden på 4Chan. Foto: Skjermdump / 4Chan

– Dei som postar har ikkje noko sosialt nettverk rundt seg. Dei sit mykje åleine og denne tråden er kanskje eitt av dei få sosiale nettverka dei har, seier han, og legg til: 

– Det er sjølvsagt veldig uheldig om dette er den einaste arenaen ein får input frå. 

Sjølvmordstankar og oppmoding til vald

For medan nokre av brukarane blir møtt med både støtte og trøyst, blir andre møtt med hets, konspirasjonsteoriar om helsevesenet, eller til og med oppmodingar til vald. 

Rapporten viser mellom anna til ein post der ein brukar skreiv at sjølvmord var einaste utveg. Han får følgande svar: 

«Det er feil. Du kan jo bli terrorist».

 Agnieszka Iwanska / TV 2
EKSTREME YTRINGAR: Ekstreme ytringar blir gjerne pakka inn i humor og ironi. Det kan gjere at utsegna blir meir «akseptable», samstundes som det blir vanskeleg å skilje kva som er trolling og kva som er seriøse haldningar. Foto: Agnieszka Iwanska / TV 2

Sjølv om denne typen oppmodingar ikkje er spesielt hyppige, understrekar forskarane at konsekvensane kan bli ekstremt alvorlege.

– Fleire skriv kanskje slikt på tull, men for dei mest sårbare individa kan det likevel føre til at det byrjar å forme seg bilde, tankar og idear, seier Hellevik. 

Treng du nokon å snakke med?

Det finst fleire hjelpetelefonar, chat-tenester og støttegrupper der du kan dele tankar og kjensler heilt anonymt, og få støtte, råd og rettleiing.

Mental Helse Hjelpetelefonen: Ring 116 123. Tast 2 for foreldresupport. Tilbyr også chat: sidetmedord.no.

Kirkens SOS: Ring 22 40 00 40.

Kors på halsen: Ring 800 333 21. Tenesta er tilbode av Røde Kors og er for deg under 18 år.

Akutt sjølvmordsfare? Ring 113 når det er akutt og står om liv. Ring legevakt på tlf. 116117 for strakshjelp.

Radikaliserande

Torsdag lanserer NKVTS rapporten «Digital radikalisering og psykisk uhelse: Sårbarhet på ekstreme plattformer».

Der kjem det fram at mange brukar «4Chan» til å dele tankar om psykiske plagar, og at det kan vere ein mogleg veg inn til radikalisering. 

Innhaldet på slike forum består ofte av konspirasjonsteoriar, feilaktige oppfatningar om helsehjelp, lite hensiktsmessige helseråd og hets. 

I tillegg blir kvinnehat, rasisme og høgreekstremistiske synspunkt ofte pakka inn i humor og ironi. 

Rapporten viser mellom anna til ein «meme» som kan oppfattast som ein hyllest til terroristen Brenton Tarrant som drepte 51 mennesker i Christchurch, New Zealand i 2019.

Meme frå 4chan, henta frå NKVTS sin rapport.
Meme frå 4chan, henta frå NKVTS sin rapport.

Både Tarrant og den norske terroristen Phillip Manshaus har fortalt at dei var på «4Chan» i periodar i forkant av angrepa.

Etterlyser førebygging 

Forskarane meiner diskusjonane på slike forum kan vere radikaliserande. Likevel er førebyggingsapparatet i liten grad til stades på slike plattformer. 

– Vi er for passive når det gjeld førebygging på nett. Vårt viktigaste bodskap er at vi kan klare å gjere ein del førebygging på dette nivået, seier Hellevik. 

Forskarane håpar rapporten kan hjelpe med å finne ut korleis slik førebygging kan føregå i praksis. 

 Agnieszka Iwanska / TV 2
TROLLING OG HETS: Forskarane seier det er vanskeleg å vite kor seriøst meint fleire av innlegga på 4Chan er. Postane kan likevel få konsekvensar. Foto: Agnieszka Iwanska / TV 2

– Det vårt funn kan bidra med, er å vise at mange treng hjelp med psykiske helseplager og sosial interaksjon. Det kan vere sentrale inngangsportar for førebyggings- og hjelpeapparat, står det i rapporten. 

Trappar opp

Oslo er blant kommunane som no trappar opp for å undersøke korleis dei kan drive oppsøkande arbeid også på nett. 

– Dette har vi ikkje vore gode nok på så langt. Ungdom sjølv seier at dei ønskjer at vaksne skal vere meir til stades på nettet, så no tenker vi det er på tide, seier Martin Bråstigen. 

 Privat
MÅ PÅ NETT: Martin Bråstigen i Salto-sekretariatet meiner ein må drive meir førebygging og oppsøkande arbeid også på nett. Foto: Privat

Han er spesialkonsulent i SaLTo-sekretariatet, som er ein del av kriminalitetsførebyggande seksjon i Oslo kommune.

Dei held no på å lansere ein rettleiar for korleis tilsette i kommunen også kan drive oppsøkande arbeid også på nett, på ein måte som ivaretar omsyn til juss, personvern og etikk. 

– Det er ei krevjande øving, og ei rekke ting som må vere på plass for at vi skal føle oss trygge og levere godt på nett innanfor dei rammene vi har. Dette er eit arbeid som må utviklast i tråd med teknologien. 

Han meiner likevel det er heilt naudsynt. 

– Vi ser at vi ikkje har noko val. Vi må vere meir til stades der ungdommane er, seier Bråstigen. 

Read Entire Article