«Sexistisk sirkus», meinte teaterkritikaren. Gjort med glimt i auget, svarar direktøren

1 month ago 55



Bergens Tidende sin teatermeldar besøkte Cirkus Agora sist helg, på sjølvaste kvinnedagen 8. mars.

– Eg får «palmesjokk» av antrekka til kvinnene i showet, som konsekvent er vanvitig lettkledde, skreiv Charlotte Myrbråten under tittelen «Sexistisk sirkus».

Frå Cirkus Agora si framsyning i Bergen 13.3.25

Myrbråten meiner at minimalt kledde kvinner i sirkus er ein bransjenorm prega av det mannlege blikket.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Den sjølverklærte feministen peika på forskjellen mellom kvinner og elefantar.

– Tida for store elefantar og sjeldne dyr i bur på sirkus er heldigvis over på grunn av strengare reglar for dyrevelferd. Men gammaldagse kjønnsroller og sexisme har dei derimot ikkje gidda å kvitta seg med.

– Det er ikkje intensjonen min å slutshame eller noko her altså, men den eine dama som sjonglerer ser ut som ho kjem rett frå Tony Sopranos klubb Bada Bing, meinte ho.

Medan Myrbråten filma sjongløren, lurte 8-åringen hennar på om det ikkje var «flaut for damen å vise rumpen?»

– Vi byr på oss sjølve

Reaksjonane let ikkje venta på seg, kunne BT og BA fortelja nokre dagar seinare.

– Dette er skivebom og heilt feil. Det vil alltid vera litt glitter og glamour i sirkusverda. Det er veldig med glimt i auget samtidig med dyktigheit. Sjarmen og at vi byr på oss sjølve, er det vi lever av, meinte sirkusdirektør Jan-Ketil Smørdal i Cirkus Agora.

– Før hadde ein kvinner med skjegg som attraksjon, og det var heilt motbydeleg. I dag har vi festlege hundar, flotte kvinner, dyktige artistar.

Direktør Jon-Ketil Smørdal. Frå Cirkus Agora si framsyning i Bergen 13.3.25

– Sånn har det vore, og sånn er det, seier ein både velkledd og fullt påkledd direktør Jan-Ketil Smørdal om hud og paljettar i sirkus.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Han får støtte frå ein ikkje heilt tilfeldig kollega.

– Det hjelper ikkje å seia at ein ikkje vil slutshame​​​​​. Det er som å seia at ein ikkje eigentleg er rasist, meinte Jørn Kvist.

Han er teatersjef for Fyllingsdalen teater – men også svigerson til Smørdal.

Han kalla teaterkritikaren «arrogant, forutinntatt, dømmande og nedsettande om sterke kvinner i sirkus på sjølvaste kvinnedagen».

  • Frå Cirkus Agora si framsyning i Bergen 13.3.25

    Kvinne jublar for mann i skjorte,...

  • Frå Cirkus Agora si framsyning i Bergen 13.3.25

    ... sjonglerer mellom mannebein,...

  • Frå Cirkus Agora si framsyning i Bergen 13.3.25

    ... og får applaus.

Meiner bikinivolleyball er meir vågalt

Smørdal fortel at kritikken til Myrbråten har sett sinna i kok i sirkusmiljøet i både inn- og utland. Då NRK møter han like før torsdagsførestillinga, er han framleis litt rysta.

– Den meldinga var langt over streken. Eg såg aldri den komme, faktisk.

– Dei norske sandvolleyballdamene protesterte mot kravet om å spela i bikini, og vann fram. Heng sirkus fast i sexisme og gammaldags kvinnesyn?

– Desse bikiniane var jo veldig vågale. Dette her er ingenting i forhold, meiner Smørdal.

– Litt hud toler vi

– Myrbråten manglar respekt og forståing for kva ein held på i det tradisjonelle sirkuset. Sirkus har jo tradisjon for å visa litt hud og ha mykje paljettar. Det tenker eg vi toler, meinte Kvist.

– Sånn har det vore i sirkuskunsten i mange hundre år. Sånn er det, seier Smørdal.

Cirkus Agora i Bergen 13.3.25

Det blei «fyr i sirkusteltet» etter kritikken frå Myrbråten.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Hakket for harry

Både dei og artistar ved Cirkus Agora understrekar at det er artistane sjølve som vel kva kostyme dei vil bruka.

Men Myrbråten held på sitt:

– Det var G-strengar, nettingstrømper, ein dress med opne hol der puppene er. Mykje umotivert nakenskap.

– Hadde ein berre sett eit opptak av dette, kunne ein nok tenkt at dette var frå ein strippeklubb og ikkje frå eit show der store delar av publikum er barn.

Charlotte Myrbråten

– Eg er ikkje redd for at barns mentale helse har blitt forkvakla av dette, men dette er hakket for harry, meiner Myrbråten.

Foto: Privat

– Kvinnekropp brukt for å selja

Ho understrekar at ho kritiserer seksualiserande samfunnsstrukturar, ikkje dei enkelte utøvarane.

– Dette handlar ikkje om moralisme frå mi side, men å påpeika undertrykkande maktstrukturar som gjennomsyrer samfunnet. Vi lever i eit samfunn der kvinnekropp blir brukt til å selja alt mellom himmel og jord.

  • Helene Breivik. Frå Cirkus Agora si framsyning i Bergen 13.3.25

    Luftakrobat Helene Breivik seier ho må bruka tettsittande drakt.

  • Helene Breivik. Frå Cirkus Agora si framsyning i Bergen 13.3.25

    – Hadde eg hatt masse laust stoff, kunne det vore farleg.

  • Helene Breivik. Frå Cirkus Agora si framsyning i Bergen 13.3.25

    – Og så vil eg jo gå i noko eg kjenner meg vel og fin i, da.

– Eg er feminist og har i mange år og jobba for at kvinner skal kunna kle seg som dei vil, ligga med så mange dei vil og gjera kva dei vil, seier Myrbråten

Ho meiner det er naivt å visa til at artistane vel kostymet sjølv.

– Individuelle val skjer ikkje i eit vakuum. I sirkus er det ein bransjenorm at kvinnene er meir avkledde enn mennene. Viss ein kvinneleg artist føler at ho må kle seg i stringtruse for å vera konkurransedyktig, er det verdt å spørja seg kvifor det er sånn.

Ho har ei oppmoding til sirkusdirektøren.

– Prøv å ta på deg nokon av kostyma til dei damene, og sjå kor dumt det er.

Frå Cirkus Agora si framsyning i Bergen 13. mars 2025

I førestillinga leikar Cirkus Agora også litt med kjønnsrollene.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Publisert 14.03.2025, kl. 10.33

Read Entire Article