Tre knakk som fyrstikker og ramla over kraftlinjer under ekstremvêret «Amy» i helga.
Også kraftmaster måtte gi tapt for naturkreftene.
Resultatet var over 120.000 husstandar utan straum på det verste.
I etterkant har det dukka opp kritiske spørsmål om linjeryddinga er god nok langs Noregs 130.000 kilometer med kraftlinjer.
Straumselskapet BKK på Vestlandet har åleine 22.500 km linjer som dei jamleg ryddar langs med.
Men oppi arbeidet kjenner dei på eit dilemma:
– Det er jo ei avveging av kor mykje natur vi skal ta vekk. Kor breie skal gatene vere, kor mykje skog skal ta ned, og kor ofte vi skal gjere det, seier Arild Fleten, divisjonsleiar for teknologi og utvikling i BKK.
Han seier fleire andre kraftselskap har den same utfordringa.
Arild Fleten i BKK seier dei jamleg ryddar langs med linjene. Samstundes vil dei også passe på at dei ikkje tek ned for mykje skog.
Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRKOg det er ikkje utan grunn. Kvart år blir det bygd ned svært mykje natur i Noreg.
I fjor varsla statsminister Jonas Gahr Støre «eit historisk løft» for å ta vare på naturen.
Samstundes skaper skogen utfordringar når stormar som «Amy» herjar. Slikt ekstremvêr vil også kome oftare og råke hardare, åtvarar klimaforskarar.
Trur ikkje samfunnet vil betale kostnaden
Glitre Nett held til i Buskerud og Agder. Også dei kjenner på ein vanskeleg balansegang mellom skogrydding og nedbygging av natur.
– Det er eit stort dilemma når vi bygger nye linjer, men ikkje like stort på eksisterande linjer, seier Petter Tollefsen, leiar drift og vedlikehald.
«Amy» reiv ned mange tre i helga, slik som her på Fløyen i Bergen.
Foto: Sigurd Hamre / NRKGlitre har 7000 km kraftlinjer og potensielt sett kan opp mot 15 millionar tre dette ned på desse, fortel han.
Kraftgatene deira er frå 8–50 meter breie. Men sjølv om Glitre skulle ønskt at gatene på dei nye linjene var breiare, er ikkje det beint fram. Både grunneigarar og Statsforvaltar kan nemleg sette foten ned. I tillegg kostar det mykje pengar å hogge ned skogen.
På eksisterande nett er det heller ikkje nok å utvide gatene med ein meter eller to. Då må ein ta ned 30–40 meter fordi den eksisterande skogen vernar for vêr og vind, forklarar Tollefsen.
– Men dette trur eg ikkje samfunnet vil betale kostnaden for, korkje i kroner og ører, men også i tapt natur.
– Bør hogge mindre, men oftare
For å ta vare på naturen og beredskapen, bør det heller hoggast mindre, men oftare.
Det seier Arnodd Håpnes, fagrådgivar på naturmangfald i Naturvernforbundet.
Han meiner det er mogleg å få betre linjerydding.
– I dag blir ofte all skog både under og på sida av linjene barbert vekk. Det er mogleg å ha mykje og variert skog under linjene, og berre ta ut dei trea som er så lange at dei kan dette på linja.
Håpnes meiner det også går an å nedprioriterer skogryddinga langs linjer som er mindre viktig for beredskapen.
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB, seier til NRK etter helgas ekstremvêr at samfunnet må investere i førebyggjande tiltak som til dømes linjerydding for å møte framtidige stormar.
NVE krev at straumselskapa gjer grep
Statsforvaltaren i Vestland er samd med kraftselskapa at det ikkje er beint fram å hogge ned skog langs kraftlinjene. Også naturen er viktig å ta vare på.
– Kva er viktigast av desse?
– Her må omsyna balanserast. Samfunnstryggleiken må ivaretakast, samstundes som det ikkje vert hogd ned meir enn naudsynt, seier miljødirektør Aslaug Aalen.
Klimaendringar, meir skog og forsyningstryggleik er viktige utfordringar for kraftbransjen i åra framover.
Det seier Eldri Naadland Holo, seksjonssjef i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE)
NVE krev at bransjen gjer tiltak for å redusere at straumen forsvinn under uvêr.
– Dette kan innebere å rydde meir skog i nokre område og til dømes fjerne risikotre. Samstundes er vi i NVE opptatt av at det blir teke omsyn til miljøet, og at hogsten under og langs kraftleidningane ikkje gir unødvendige ulempe, fortel seksjonssjefen.
Av den grunn har NVE laga ein rettleiar som tek for seg dette.
NVE har tidlegare kritisert straumselskap for dårleg linjerydding, og bede dei ta grep.
Publisert 07.10.2025, kl. 14.15 Oppdatert 07.10.2025, kl. 14.31