Sindre Tjelmeland blir ny hovudtrenar for MFK

3 hours ago 1



Sindre Tjelmeland skal ha takka ja til å bli den nye hovudtrenaren til MFK. Det stadfestar klubben i ei pressemelding søndag ettermiddag.

Den siste tida skal Tjelmeland og MFK ha vore i samtaler om trenarjobben, som endeleg er landa.

Tjelmeland er for tida assistenttrenar for det polske laget Lech Poznan, og vil ta over i Molde seinast mai 2026, når den polske sesongen er over.

– Først og fremst er eg stolt av å kunne seie at eg skal bli hovudtrenar i Molde. Molde er det ein av dei mest attraktive klubbane i Skandinavia, og eg gler meg verkeleg til å kome i gang, seier han ifølge pressemeldinga.

Avtalen gjeld for tre år, med moglegheit for ytterlegare eit år.

Tjelmeland er frå Etne utanfor Haugesund, og har tidlegare jobba for blant anna Åsane, Ull/Kisa, Start og IFK Göteborg.

Molde / Sarpsborg 3-1

Det vil vere store forventningar til ein ny Molde-trenar. Laget har vore seriemeistrar fem gonger sidan 2011, men har slite den siste tida.

Foto: NTB scanpix

Tar over midlertidig

Molde har i tillegg tilsett Martin Falk (30) som førstelagstrenar. Han vil fungere som midlertidlig trenar fram til Tjelmeland tar over.

Svenske Falk har erfaring som assistenttrenar i AIF og Malmö FF.

Trenarteamet vil dessutan bestå av Mario Chavez, Per Magne Midsund, og Daniel Berg Hestad.

Hoseth går ut

Mange har spekulert i kven som skulle ta over trenarjobben i Molde og fleire supportarar peika på Magne Hoseth som hovudtrenar.

Han er eigentleg assistenttrenar for MFK, men har fungert som hovudtrenar dei siste månadene.

en mann i sportsuniform

Magne Hoseth går ut av trenarteamet.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

I pressemeldinga skriv klubben at Hoseth no har valt å gå ut av trenarteamet, men det er ikkje avklart kva han skal gjere. Dei diskuterer roller og moglegheiter i klubben.

Klubben har stått utan hovudtrenar sidan september, då Per-Mathias Høgmo slutta i MFK. Sesongen var prega av svært dårlege resultat.

Molde har kalla inn til pressekonferanse kl. 18.30. NRK vil vere til stades.

Publisert 21.12.2025, kl. 16.05 Oppdatert 21.12.2025, kl. 16.47

Read Entire Article