Mannen i 40-åra erkjente seksuell fetisj for regnklede og gjørme.
No er mannen i 40-åra dømd til eitt år og tre månadar fengsel for seksuelle overgrep og seksuelt krenkande atferd mot i alt fire mindreårige gutar.
Offera var deltidstilsette i selskapet til mannen og dommen omhandlar straffbare hendingar heilt frå 2022 og fram til 2025.
Mot den eine guten har Sogn og Fjordane tingrett funne det bevist at han vart utsett for fleire titals overgrep.
– Retten ser særleg alvorleg på at tiltalte grovt har misbrukt stillinga si som arbeidsgjevar og arbeidsleiar, skriv tingretten i dommen og viser til eitt av offera sin forklaring.
– Han hadde inntrykk av at han måtte delta for å få meir arbeid og tene meir pengar.
Overgrep i gjørmehol i terrenget
I dommen kjem det fram at fleire av overgrepa skjedde etter arbeidstid på fredagar.
Til retten fortalde mannen at han tenner seksuelt på synet av folk i skitne regnklede og at han sjølv likar å legge seg i «blaute gjørmehol ute i terrenget».
Han erkjente å ha masturbert seg sjølv medan han låg i gjørma, med gutane til stades. Han erkjente også å ha sendt seksualiserte meldingar til dei fornærma.
Men han nekta for kroppskontakt med gutane i samband med gjørmebada.
Det festar retten inga lit til.
«Alle gjer det»
Det eine offeret fortalde retten at han gav etter for presset frå mannen, etter å ha fått fleire meldingar på Snapchat om at gjørmebad var heilt vanleg og at «alle gjorde det».
Det som hende han i gjørmebada svarar til seksuell omgang med barn i straffelova.
– Han har forklart at det var tungt å bere på det han var med på, men at tiltalte hadde sagt at det skulle vera deira hemmelegheit. Han skjønte etterkvart at det han var med på var «galskap» men turte ikkje fortelje foreldra om det, skriv tingretten.
Fleire ulike overgrep
Når det gjeld dei tre siste fornærma, er tiltalte dømd for fleire tilfelle av seksuelt krenkande atferd mot dei.
Det gjeld både masturbering av seg sjølv framfor dei, meldingar med seksuelt innhald og meldingar med bilete av sin eigen erigerte penis.
Mot ein av gutane er også mannen dømd for seksuell handling mot barn, også det i eit gjørmehol.
– Det er skjerpande at rammene for den seksuelle omgangen var tiltalte sin bisarre fetisj for gjørmehol og regnklede ute i terrenget, skriv tingretten.
Straffen på eitt år og tre månadar fengsel er strengare enn møtande aktor ba om. I tillegg må mannen betale 100.000 kroner i erstatning totalt til tre av gutane.
– Han tek dommen med fatning, men bad om betenkningstid i forhold til om han vil anka. Vi skal gå gjennom dommen saman, seier forsvarar Ivar Eivind Hauge til TV 2.




.jpg)




English (US)