Skal gifte seg framfor 7000 menneske – om alt går som planlagt

1 week ago 14



– Det er spennande. Det er jo ikkje ein gisselsituasjon dette her, det skal vere frivillig, seier Kåss Furuseth.

I haust lanserte ho bryllaup i Oslo si storstove.

I vinter har ho treft ulike menn, og gjennom programmet hennar «Else» på TVNorge har publikum fått vere med på fleire av møta – og prosessen fram mot giftarmålet.

Skjermdump fra Else Kåss Furuseth sin Instagram-konto

Vil du gifte deg med meg?, skreiv Kåss Furuseth då ho posta dette bildet på sin eigen Instagram-konto for fem månader sidan.

Foto: Privat

Dagen før dagen seier programleiaren og komikaren at ho er forelska.

Men ho har ikkje garanti for at brudgommen møter til bryllaupet i Oslo Spektrum laurdag.

– Men er de kjærastar?

– Eg kryssar fingrane, smiler ho.

Liknar på Baloo

Mange har spekulert i om det faktisk er eit ekte bryllaup. Svaret kjem nok ikkje før i dag.

På spørsmål om kva bruda likar med den utvalde, seier ho at han er litt som bjørnen Baloo i «Jungelboken».

– Han tek ting litt som det fell seg, og er snill, morosam og omtenksam.

– Er han den rette?

– Eg håpar det.

Jungelboken

Kåss Furuseth meiner mannen ho har funne minner om Bjørnen Baloo i eventyret Jungelboken.

Ho meiner prosjektet har vore vellykka, sjølv om den utvalde ikkje skulle møte i Spektrum.

Det er noko med å tørre og seie openhjartig kva du drøymer om, og vere sårbar. For meg har det vore veldig fint.

Vigde av Eidsvåg

Bryllaupet nærmar seg utseld og 7000 gjestar skal ta plass i Oslo Spektrum. Artist og prest Bjørn Eidsvåg er seremonimeister, medan komikar Sigrid Bonde Tusvik er toastmaster.

Dette er galskap og inderlegdom, seier Kåss Furuseth. .

Ho håpar å vise at «idioti kan gi kjærleik».

– Det er ikkje lenge sidan eg sat her med psykolog Peder Kjøs og fekk beskjed om at dette var ein dårleg ide.

pKwa018YNVE

Bjørn Eidsvåg er seremonimeister og skal vie paret.

Foto: NTB

Prosjektet starta fordi ho sjølv meiner det er vanskeleg å treffe nokon i 2024.

– Vi famlar det vekk på Tinder og andre stader.

I dag får både bruda og dei mange tusen gjestane svaret. Blir det ekteskap på Else Kåss Furuseth?

I kveld skal ho prøve brudekjolen. Utdrikkingslag har det ikkje vore tid til.

– Men for min del føler eg at livet er eit utdrikkingslag allereie.

Frykt for vidare opptrapping av konflikten.

Publisert 20.04.2024, kl. 09.04

Read Entire Article