Skal kutte 55 årsverk i 2024: – Vi blir nøydde til å seie opp tilsette

1 week ago 16



– Eg er svært uroa. Vi misser mykje kompetanse. Og eg er usikker på om vi klarer å oppretthalde ei forsvarleg drift.

Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak er prega av alvoret. Den økonomiske situasjonen har blitt svært krevjande. Og politikarane har sagt nei til fleire av hennar forslag for å få kontroll på pengebruken.

Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak under fylkestinget i Møre og Romsdal april 2024.

Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak seier det er krevjande å stå i store omstillingar.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Fleirtalet seier nei til å auke billettprisen på ferjene. Dei vil også bruke 50 millionar kroner ekstra på å asfaltere fylkesvegar. Og det er uaktuelt å auke billettprisen på bussar og hurtigbåtar med 20 prosent.

Og politikarane er samde om å skjerme dei vidaregåande skulane for ytterlegare kutt.

Dermed peikar flasketuten på administrasjonen. Det er her kutta kjem. Kring 55 årsverk skal bort i 2024. Det er brutalt. Og det klarer ein ikkje utan å måtte seie opp folk.

– Vi blir nøydde til å seie opp tilsette. Vi kjem ikkje utanom oppseiingar, seier fylkeskommunedirektøren.

På botnnivå i landet

Møre og Romsdal fylkeskommune står i fare for å hamne på Robek-lista dersom det ikkje blir gjennomført naudsynte kutt. Å hamne der inneber at ein ikkje lenger har kontrollen over eigen økonomi.

På fleire område er Møre og Romsdal fylkeskommune på eit botnnivå i landet.

Dei har den klårt høgaste lånegjelda blant alle fylkeskommunane i landet. Faktisk er den nær dobbelt så høg som gjennomsnittet, viser tal frå SSB. Og fordi rentene har auka kraftig dei siste åra blir gjelda tung å bere.

Møre og Romsdal har i tillegg det lågaste netto driftsresultatet blant fylkeskommunane i landet, og er også den fylkeskommunen som har sett av minst pengar på disposisjonsfondet.

Går fondet i null har ein ikkje noko ekstra pengar å sette inn dersom ein skulle gå på ein smell.

Torgeir Dahl (H) i diskusjon under fylkestinget i Møre og Romsdal i april 2024.

Torgeir Dahl (H) i diskusjon om økonomien under fylkestinget i Møre og Romsdal.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Vil ikkje auke ferjebilletten

Det blir brukt meir pengar til ferjedrift i Møre og Romsdal enn det Staten meiner det er behov for. Det har det vore semje om i mange år. Forsøk på å få meir pengar ut av staten til ferjedrifta har ikkje ført fram.

Og ferjer blir fort eit betent spørsmål. Fylkeskommunedirektøren vil auke med to takstsoner. Men det er heilt uaktuelt, seier Frank Sve.

– Vi gjer det vi har gått til val på. Vi aukar ikkje ferjeprisane. Vi vil ikkje gjere kvardagen dyrare for folk flest. Og vi vil bruke 50 millionar kroner ekstra på fylkesvegane. Det er uansvarleg å ikkje gjere det.

Frank Sve er gruppeleiar for Frp i fylkestinget i Møre og Romsdal.

Frp sin gruppeleiar i fylkestinget, Frank Sve, er godt fornøgd med vedtaket i fylkestinget.

Foto: Trond Vestre / NRK

Å banne i kyrkja

Mange av dei vidaregåande skulane har det trongt. Dei må sjølve dekke det meirforbruket dei hadde i 2023. Og dei får merke verknadane av kuttet på ein prosent som fylkeskommunedirektøren la opp til i sitt forslag

Men skulane blir skjerma i politikarane sine prioriteringar. No tar fleire til orde for å gjere større grep. Dei har ikkje lenger noko tru på at ostehøvelkutt frå år til år vil ha noko verknad.

– Eg meiner vi er nøydde til å sjå på skulestrukturen. Vi har heldt på med prosentkutt i mange år utan at situasjonen har blitt noko betre, sa Line Hoem (Ap) under debatten.

Line Hoem (Ap) under økonomidebatten i fylkestinget i Møre og Romsdal i april 2024.

Line Hoem (Ap) tar til orde for å sjå på skulestrukturen

Foto: Trond Vestre / NRK

Å kutte i skulestrukturen inneber at det blir færre skular. Det er ikkje populært. Men også Hans Kjetil Knutsen (Tverrpolitisk liste for Sunnmøre) opnar for å gjere noko med skulestrukturen i fylket.

– Vi er nøydde til å tenkje meir langsiktig enn vi gjer no. Vi kan ikkje halde fram med denne flikkinga lenger. Dette er kanskje å banne i kyrkja. Men vi må sjå på strukturane. Dette gjeld også dei vidaregåande skulane.

Hans Kjetil Knutsen (Tverrpolitisk liste for Sunnmøre) i fylkestinget i Møre og Romsdal i april.

Hans Kjetil Knutsen (Tverrpolitisk liste for Sunnmøre) meiner politikarane må tenkje meir langsiktig.

Foto: Trond Vestre / NRK

Ubalanse i drifta

Men no handlar det om å få hovudet over vatnet i 2024. Det blir krevjande. Møre og Romsdal fylkeskommune kjem høgst sannsynleg til å gå med underskot i 2024.

Og fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak seier at dei vedtaka som politikarane har gjort, ikkje betrar balansen i fylkeskommunen si drift.

– Desse kutta blir brukt til å omdisponere pengar til andre føremål. Vi har framleis ein stor ubalanse i drifta vår.

Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak under fylkestinget i Møre og Romsdal april 2024.

Fylkeskommunedirektør Toril Hovdenak meiner vedtaket som politikarane har gjort ikkje betrar balansen i drifta.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Publisert 23.04.2024, kl. 16.32 Oppdatert 23.04.2024, kl. 17.05

Read Entire Article