Skal treffe blink – det blir skiskyting på Team Pølsa

2 hours ago 1



Med eit snitt på over 1,2 millionar sjåarar har «Team Pølsa» rørt store deler av den norske befolkninga.

No kjem det ny sesong med nye ungdommar med funksjonsvariasjonar. Denne gongen med ny idrettsgrein, og nye utfordringar.

– Eg gjekk nokre rundar med meg sjølv før eg takka ja. Men dette prosjektet er viktig. Vi er blitt eit talerøyr for alle dei som ikkje får bli med, og viktige stemmer for innanfor­skap, seier programleiar Øystein «Pølsa» Pettersen.

Han er tilbake som coach og følgesvein for deltakarane i alderen 11–14 år.

Øystein "Pølsa" Pettersen gir ut boka "Helt deg!"

Øystein «Pølsa» Pettersen er klar for å ta på seg ansvar for å lede ein ny gjeng tenåringar gjennom nye utfordringar denne sesongen.

Foto: NRK

Frå langrenn til skiskyting – du må tørre å trekke av

I første sesong handla det om å lære å gå på ski. No skal deltakarane også lære å skyte, og takle overgangen mellom intens innsats og indre ro.

– Langrenn handlar om å gi alt. Skyting handlar om å roe heilt ned, sikte og skyte, seier Pølsa.

– Den kontrasten er vanskeleg, men også ein fin metafor for livet. Du må tørre å trekkje av, ikkje berre sikte. Det tryggaste er å la vere, men då skjer det heller ingenting, seier Pettersen.

Han er open på at han sjølv har mykje å lære.

– Eg kan ingenting om skiskyting. Heldigvis er det ikkje eg som skal lære ungdommane å skyte. Men det viser også noko viktig: Dersom du tør å be om hjelp, kan du lære utruleg mykje. Det gjeld både i idretten og i livet.

Pølsa og Petter

Petter Northug (t.h) og Øystein Pettersen jublar under blomsterseremonien etter å ha vunne OL-gull i langrenn lagsprint under i OL Vancouver 2010.

Foto: NTB

Krevjande – men mogleg for alle

Årets sesong skjer i samarbeid med Noregs Skiskytterforbund, der utviklingssjef Anders Brun Hennum er ein del av trenarteamet til «Team Pølsa».

Han meiner skiskyting er krevjande, men langt frå umogleg for unge utøvarar.

– Reint ferdigheitsmessig kan det vere meir krevjande for enkelte, men det finst alltid løysingar. Når dei får øvd mykje, er det ikkje nødvendigvis vanskelegare for dei enn for andre.

Han legg til at mykje handlar om mental styrke og evna til å halde fokus, uavhengig av funksjonsnivå.

– Konsentrasjon er kanskje det mest utfordrande i skiskyting – uansett kven du er. Denne gjengen er utruleg tøff. Det er imponerande å sjå korleis dei har handtert treninga så langt.

Handlar om meir enn idrett

Sjølv om skiskyting er ramma for serien, er det ikkje sport som er hovudtemaet.

– Dette starta som eit prosjekt for å lage eit skiskyttarlag. Men ganske tidleg merka eg at det handla om noko mykje viktigare. Ungdommane tar opp utanforskap og mobbing som treff meg midt i magen. Dei snakkar rett frå levra, og det er sterkt, seier Pettersen.

Serien løftar fram unge stemmer og det å finne sin plass i fellesskapet.

– Det handlar om å få ein sjanse – og tørre å ta den. Dei står i noko mange kjenner seg igjen i. Det er derfor dette betyr så mykje.

Syver i Team Pølsa

Syver Blindheim rørte mange hjarter med sitt smittande gode humør i førre sesong, han er blind og lid av den sjeldne tilstanden barnedemens.

Foto: NRK

Eit prosjekt som set spor

– I fjor jobba vi mykje med fysiske utfordringar. Denne gongen handlar det meir om konsentrasjon, kommunikasjon og det å forstå seg sjølv og andre, seier Pettersen.

Han understrekar at årets gjeng ikkje skal fylle nokon andre sine sko, dei skal gå i sine eigne.

– Dei er heilt rå. Eg set enormt stor pris på denne gjengen – ikkje fordi dei liknar på den førre, men fordi dei er seg sjølve. Dei tør å vere opne og gi seg sjølv ein sjanse. Det smittar.

Sjølv om Pølsa er kjend for å jobbe hardt, legg ikkje Pettersen skjul på at prosjektet også kostar på det personlege planet.

– Eg har stor arbeidskapasitet, men heilt gjennomsnittleg emosjonell kapasitet. Det er relasjonsbygginga som tek mest. Eg vrenger meg sjølv i dette prosjektet, og nokre gonger må eg trekkje meg litt tilbake for å hente meg inn igjen.

NRK-serien "TV Pølsa" har gjort Øystein Pettersen en del erfaringer rikere.

NRK-serien «Team Pølsa» har gjort Øystein Pettersen mange erfaringar rikare. Her i samtale med ein av førre sesongs deltakarar, Trygve Kroken-Braate.

Foto: Ole Petter Hodnungseth

Får framleis gåsehud

Innspelinga starta i juni, og produksjonen er framleis i gang. Når den nye sesongen startar på NRK i starten av 2026, er finalen endå ikkje gjennomført.

– Vi veit faktisk ikkje korleis det går. Det gjer det endå meir ekte. Når TV-sjåarane begynner å følgje reisa, er vi framleis midt i den.

I samarbeid med MOT og Holmenkollen Skifestival er elevar på mellomtrinnet frå Osloskulen inviterte til å sjå Team Pølsa i dette rennet.

Ettersom finalen er av, med og for unge, vil det difor ikkje bli selt ordinære billettar til dette arrangementet.

– Dette gjer vi fordi vi ønskjer å prioritere elevane i Osloskulen på denne unike arenaen for fellesskap og like moglegheiter, seier Marthe Bøhler, prosjektleiar for skiskyting i Holmenkollen Skifestival.

– Vi gler oss veldig til ein finale med skiskyting. Det blir heilt klart ei stor utfordring for ungdomane i den nye sesongen av Team Pølsa, når dei i tillegg til skirennet også skal meistre pust, nervar og fokus for å treffe blink, seier Randi Helland, redaksjonssjef i NRK.

Publisert 05.12.2025, kl. 15.00

Read Entire Article