Skaut opp nødrakett frå land: – Tankelaust og uansvarleg

11 hours ago 1



Seint laurdag kveld blei det starta ein omfattande aksjon etter at det blei observert ein nødrakett i område mellom Flø og Vattøya i Ulstein kommune.

Politiet fekk ein rekke meldingar frå personar som observerte raketten.

Hovedredningssentralen koordinerte aksjonen og fleire naudetatar blei involverte. Det blei både brukt redningshelikopter, brannbåt, ambulansebåt og ei redningsskøyte i søket.

Like etter midnatt melde politiet at aksjonen var avslutta.

– Det er bekrefta at ingen er i nød på sjøen. Raketten er sendt opp frå land, opplyste Arild Reite, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Arild Even Reite, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Arild Reite, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Casper Kanestrøm / Politiet

– Tankelaust og uansvarleg

Det blei funne restar der raketten skal ha blitt skote opp.

Politiet har i natt vore på staden og gjort undersøkingar.

Dei har så langt ikkje funne personen eller personane som sende om nødraketten.

– Det er tankelaust og uansvarleg å sende opp nødrakettar utan å vere i ein nødssituasjon, skriv Reite i politiet i Politiloggen.

– Det blir sett i verk store og kostbare ressursar og det kan i verste fall føre til redusert kapasitet eller forseinkingar for dei som verkeleg er i nød, legg han til.

Ber om tips

Søndag morgon er det ingen som har fått status som mistenkt i saka. Det seier Thomas Arseth Holte, operasjonsleiar i politiet, til NRK.

– Vi har snakka med ein del vitne og vore i kontakt med nokre personar.

Holte seier dei ser alvorleg på saka.

– Det med å sende opp nødrakettar utan å vere i nød, og å potensielt sette i sving store ressursar, er alvorleg. Det kan også vere med å undergrave hensikta med nødrakettane om det blir for mange falske.

Politiet ber folk om å ta kontakt om dei har tips eller opplysningar om kven som står bak oppskytinga.

– Og om det er nokon som har lyst å lette på samvitet sitt og stå for det dei har gjort, så oppfordrar vi dei til å ta kontakt, seier Holte.

Nødraketten blei observert i område mellom Flø og Vattøya.

Ikkje første gong

Også i starten av november i fjor blei det sett i gang ein omfattande aksjon etter at det blei observert fleire nødbluss i Ulstein.

I etterkant av hendinga melde fire menn i 20- og 30-åra seg til politiet og innrømte at det var dei som hadde stått bak.

Dei er alle tiltalte for å ha sendt opp eit nødbluss utan å vere i nød.

Publisert 01.02.2026, kl. 08.48

Read Entire Article