Skip evakuerer frå Oman – 20 nordmenn om bord

3 hours ago 2



Totalt 41 personar er om bord. 20 av desse er norske statsborgarar.

– Dei føler på uro og utryggleik. Det er ein helt annan situasjon enn det dei er vant til. Dette er personell som ikkje er tilsette i Havforskingsinstituttet for å drive med sikkerheitsutsett arbeid, seier reiarlagssjef Inge Andre Utåker i Havforskingsinstituttet.

Han seier at skipet no trekk seg ut av Oman og seglar sørover.

– Alle som vi har snakket med, sa at Oman truleg ville fortsette å vere ein nøytral oase i dette her. Det viste seg å vere ei feilvurdering, seier Utåker til NRK.

BT omtalte skipet si plassering i Muskat i går.

MUSKAT: Skipet ligg i Muskat i Oman. Hamna er rett nok aust for Hormuzstredet, som er ei utrygg passasje mellom Persiabukta og omverda. Iran har sagt at dei vil sette fyr på alle skip som forsøker å passere.

– Feilvurdering

Skipet er eigd av Norad og er engasjert i norsk bistandsarbeid. Det er ein del av Nansen-programmet og har primært operert i Afrika. For augeblinken er skipet utleigd til fiskerimyndigheitene i Oman for å kartlegge fiskeriressursar, opplyser HI.

Skipet har vore i Oman i tre veker, og la til kai i Muskat førre veke. Då kom nytt mannskap ned, og det førre mannskapet reiste heim.

– Båten skulle vore i gang med tokt nummer to på dette oppdraget, opplyser Utåker.

Men grunna eskaleringa i Midtausten har dei no avgjort å forlate Oman og segle sørover.

I forkant av oppdraget har det vore klareringar med fleire instansar, mellom anna Utenriksdepartementet og Norad. At Oman skulle vere nøytralt viste seg å vere ei feilvurdering, seier Utåker.

– Berre eitt døgn inn i denne krigen så var det også angrep i Oman. Det var ei overrasking. Det var ikkje det vi hadde vurdert oss fram til. Og det var ikkje i tråd med dei råda som vi fikk frå andre institusjonar.

Kjenner på ei utryggleik om bord

Utåker fortel at situasjonen har blitt meir og meir anstrengande for mannskapet om bord på skipet.

– Når dei les om hendingane som er rundt i landet, så har dei følt meir og meir press.

Utryggleiken dei kjenner på er også delar av årsaka til at skipet no forlèt Oman.

Uklar trusselsituasjon

Skipet skulle i utgangspunktet på tokt langs sørkysten av Oman og enda opp i Salalah om cirka fire veker. Dei er difor relativt upåverka av Iran si sperring av Hormuzstredet lenger nord, men opplever likevel at situasjonen er utrygg.

Utåker peiker på droneangrep mot Oman, mellom anna i Salalahhamn og Muskat. I tillegg til at tankfartøy og handelsskip har blitt angripne i området.

– Så totalvurderinga er at per no er det tryggare å kome seg ut av området enn å fortsette å vente der, seier Utåker.

Publisert 03.03.2026, kl. 12.33 Oppdatert 03.03.2026, kl. 12.59

Read Entire Article