Skremte hestar fór til fjells – funne på 800 meter

4 days ago 15



Det er velkjent at mange slit med å roe ned panikkslegne hundar som vil rømme heimanfrå på nyttårsaftan.

Men Anne Holter Vae fekk ei utfordring av eit heilt anna kaliber:

Så langt har store delar av det nye året har gått med på hente inn seks skrekkslegne hestar frå fjellheimen i Etne.

Haugesunds Avis omtalte saka først.

Til fjells i panikk

– Det har alltid vore vanskeleg å vite kva me skal gjere på nyttår, seier Vae.

Etter å ha prøvd seg fram med ting som øyreproppar, sløkte lys, og lukka dører, har ho funne ut at dei er rolegast når dei får gå opp i lia eit stykke.

Vanlegvis kjem dei ned når det har roa seg, og i tilfelle noko skulle skje har dei GPS-sporing på ein av hestane.

Men denne gongen gjekk det ikkje som planlagt.

– Litt over midnatt såg me at GPS-signalet fòr oppover, så høgt som me aldri har sett dei før.

På vegen har dei fått seg over gjerda som skulle halde dei på plass, og trossa bratt terreng i snøvêret.

– Dei må ha hatt panikk, for dette er heilt unormal oppførsel, seier Vea.

Leigde inn helikopter

Då eigarane til slutt fann GPS-signalet, var det berre halvparten av hestebanden dei fann.

Sjølv om det var gjensynsglede over å sjå tre hestar igjen, var Vae bekymra for dei siste.

En person og hester på et snødekt fjell (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Hesteflokken på seks dyr splitta lag, noko som er uvanleg. Det førte til ein leiteaksjon etter dei siste tre.

Foto: Privat

– At dei hadde splitta lag er ikkje normalt, så noko må ha skjedd på veg opp, seier ho.

Men med døtrer heime som sakna dei firbeinte vennane sine kunne ikkje Vae og mannen gje opp.

– Me kunne ikkje leve med oss sjølv om me ikkje gjorde alt me kunne for å finne dei i live, seier ho.

Å finne dei tre siste skulle vise seg å vere utfordrande – og dyrt.

Eit snødekt fjell sett gjennom vindauge i helikopteretSnødekt fjell sett gjennom frontruta på eit helikopter, pilot med hjelm i forgrunnen til høgre

Ved hjelp av helikopteret fann dei hestane like nedfor antenna på Stølehetta, 776 meter over havet.

Foto: Privat

Då eit søk med varmesøkjande drone ikkje førte fram, bestemte dei seg for å leige inn eit helikopter til om lag 20.000 kroner timen.

– Hestane er jo ikkje så mykje målt i pengar, men målt i andre verdiar er det jo noko anna, seier matmora.

Funne nær 800 meter over havet

I helikopteret var familien førebudd på det verste, seier Vea.

– Me hadde med oss ein jeger med børse, i tilfelle me fann dei skada.

Men denne historia har ein lukkeleg, om enn smått utruleg, slutt:

På Stølehetta, det høgaste punktet mellom Etne og nabobygda Skånevik med sine 776 meter over havet, hadde dei tre hestane søkt tilflukt.

En gruppe hunder som går på snøen (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Det blei ein lang tur heim att for hestane som stakk til fjells nyttårsaftan.

Foto: Privat

– Me var veldig, veldig glad for å finne dei heile og fine, og dei var veldig glad for å sjå oss og kom oss i møte, seier Vea om den luftige gjenforeininga.

Då hadde hestane vore på flukt i over halvanna døgn.

I mellomtida har ein kjenning oppretta ein Spleis for å dekke utgiftene til helikopter.

– Det er heilt utruleg korleis bygda har engasjert seg for desse hestane, seier Vea.

en gruppe dyr som går på snø (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

På heile 800 meters høgde blei hestane funne til slutt.

Foto: Privat

Om Spleisen mot skulle dra inn meir det kosta med helikopter, skal folk få pengane sine att, seier matmora.

– Viss det ikkje går så får eg gje dei til ein organisasjon som sprenger landminer. Heller det enn fyrverkeri, seier ho.

tre jenter og to hester

Det var stor glede i heimen for Signe (til venstre), Linnea og Johanne Vae då hestane var vel heime att.

Foto: Privat

Publisert 03.01.2026, kl. 10.46

Read Entire Article