Dokument nr. 15:1746 (2023-2024)
Innlevert: 12.04.2024
Sendt: 12.04.2024
Til behandling

Birgit Oline Kjerstad (SV)

Spørsmål

Birgit Oline Kjerstad (SV): Vil Justisministeren umiddelbart stille utsending i etiopia-saker i bero og nytte instruksjonsmyndet etter §76 og til UNE har gjennomført stornemndsmøte slik Utlendingeforskrifta §16-4 andre ledd seier som hovudregel skal gjerast i minste ei representativ sak når forvatlningspraksis er i strid med FNs høykommisær for flyktninger(UNCHR) sine råd om land, og hvis UNE ikkje sjølv krev stornemndsmøte, vil Statsråden kreve at UNE gjer det for å sørge for at regelverket vert fylgt?

Begrunnelse

På utlendingeinternatet på Trandum sit det no minst 21 etiopiske asylsøkarar som er tenkt returnert til Etiopia.
I mars 2022 publiserte UNHCR sine landspesifikke tilrådinger for Etiopia og rår imot retur til fleire område. UNHCR er tydeleg på at dei som kjem frå konfliktområder oftast vil ha rett på beskyttelse, jfr avsnitt 31 i tilrådingane;

“All claims of nationals and former habitual residents of Ethiopia seeking international protection should be processed in fair and efficient procedures in accordance with international and regional refugee law. UNHCR considers that persons fleeing any of the conflict situations in Ethiopia are likely to be in need of international refugee protection in accordance with Article 1(2) of the 1969 OAU Convention. In addition, persons fleeing any of the conflicts in Ethiopia may also meet the 1951 Convention criteria for refugee status.”

Videre så er det fråråda internflukt i avsnitt 34 i dei samme tilrådingane.

«In the current circumstances, with ongoing conflict and violence in parts of the country, large-scale internal displacement, and severe humanitarian needs, UNHCR does not consider it appropriate for States to deny persons from Ethiopia international protection on the basis of an internal flight or relocation alternative”

I eit oppslag i nettavisa opplyser NOAS at organisasjonen seinast i mars i år fekk stadfesta frå UNCHR at tilrådingane står ved lag. UNCHR peiker samtidig på at situasjonen i Oromia er forverra på grunn av at fredsforhandlingane der har brote saman

Det vil kunne bety at ein praksis med utvisning av asylsøkjarar frå Etiopia som har søkt om vern i Norge, kan vere i strid med UNHCR sine landspesifikke tilrådingar. I ein slik situasjon seier utlendingsforskriftena § 16-4 at minst ei representativ sak skal prøvast for stornemnd. Hvis UNE ikkje av eige initiativ gjennomfører stornemnd i samsvar med § 16-4 andr ledd, så kan Departementet kreve dette, jfr § 16-4 tredje ledd.
Etiopia opplever no ei alvorlig humanitær krise.
Fleire regioner er under streng militær kontroll, noko som hindrar folk å reise fritt og hindrar tilgang til å få dekt grunnleggande behov. 5 millionar etioparar er internt fordrivne etter 2018. Meir enn 1,5 millionar har mista livet i konfliktanei landet.

Svar

Svaret er ennå ikke tilgjengelig