Då regjeringa la fram kor mykje pengar kommunane skal få i frie midlar i 2027 i dag, var politikarane i Alver opptekne på heilt anna hald.
For sjølv om overføringane til kommunane aukar noko, er det svært uvisst om dette er nok til å unngå store kutt i budsjetta.
Det er berre eitt år sidan Alver kommune stengde tre grendeskular, og i dag kom det framlegg frå kommunedirektøren om å leggja ned endå fleire.
KJEMPAR MOT: Mange har vist si misnøye mot tidlegare nedleggingsframlegg. Her frå eit tidlegare kommunestyremøte.
Foto: Oddgeir Øystese / NRKDenne runden med skulenedleggingar kan spara Alver kommune for 25 millionar kroner, seier kommunedirektør Christian Fotland.
Dette er ein del av tiltaket som skal kutta budsjettet med mellom 10 og 15 prosent dei neste to åra.
FRAMLEGG: Kommunedirektør Christian Fotland tilrår politikarane å leggja ned fleire skular i Alver.
Foto: Leif Rune Løland / NRKNedleggingstruga skule vil gå med flagget til topps
Sæbø skule er ein av skulane i Alver som kommunedirektøren meiner bør bli nedlagde.
NRK møter rektor Karoline Holta Brandsæter når ho akkurat har fått nyheita.
REKTOR: Karoline Holta Brandsæter meiner det viktigaste framover blir å ta vare på elevane.
Foto: Leif Rune Løland / NRK– Det viktigaste blir å sørga for at skulekvardagen blir mest mogleg normal framover, og at elevane blir høyrde i høyringsrunden, seier ho, og held fram:
– Uansett kva utfallet blir så er målet å gå med flagget til topps, seier ho.
Rektoren peiker særleg på at mange av dei yngste barna no kan kjenna seg utrygge, og at skulen må jobba for å snakka godt med dei framover.
– Det er vanskeleg å vera seks år og skjøna dette, så me må trygga dei best mogleg, og gje dei beskjed om at dei er ønskte, om det blir her eller på ein annan skule, seier ho.
KAN BLI NEDLAGD: Elevane på Sæbø skule kan måtte gå på ein annan skule i framtida.
Foto: Leif Rune Løland / NRK– Mange oppgåver å løysa
Regjeringa opplyser at dei frie midlane til kommunane vil auka med mellom 3.5 og 4 milliardar kroner neste år.
Men justert for det som blir kalla demografiske endringar, altså befolkningssamansettinga, aukar handlingsrommet til kommunane berre med mellom ein halv og ein milliard kroner, ifølgje kommuneorganisasjonen KS.
Varaordførar Nina Bognøy (Ap) i Alver seier det førebels er uvisst om auken i dei frie inntektene er nok for å unngå skulenedleggingar.
– Dei pengane som kjem skal gå til alle dei lovpålagde oppgåvene våre. Me er heilt skrapa når det gjeld vedlikehald av bygningar, og me er i ein krevjande økonomisk situasjon, seier ho.
VARAORDFØRAR: Nina Bognøy frå Arbeidarpartiet seier Alver er i ein krevjande økonomisk situasjon.
Foto: Leif Rune Løland / NRKBognøy seier vidare at ho ventar at folk i dei ulike bygdene kjem til å mobilisera for å redda sin skule.
– Eg reknar med at dei vil gjera eit godt arbeid. Det å risikera å mista skulen er ein ekstremt krevjande situasjon, og eg har stor forståing for det, seier varaordføraren.
Krev vekst i dei frie inntektene
KS seier framlegget frå regjeringa ikkje endrar biletet av økonomien i kommunane.
Organisasjonen peiker på at kommunane står overfor store omstillingar, som ei varsla eldrebølgje, grøn omstilling og digitalisering.
Og dei har eitt råd til stortingspolitikarane som no skal behandla framlegget:
– Det er svært viktig at auke i midlane til kommunane kjem som frie midlar, og at det ikkje blir detaljstyrt kva kommunane skal bruka pengar på, seier områdedirektør Helge Eide.
KS: Områdedirektør Helge Eide meiner vekst i dei frie inntektene må til for å betra kommuneøkonomien.
Foto: Jon Petrusson / NRKEide kjem med døme på kva han meiner er feil prioriteringar frå stortingspolitikarane:
– Det er å øyremerka pengar til bemanning i barnehagar, eller å bruka mykje pengar på å innføra nasjonalt månadskort i kollektivtrafikken, seier Eide, og held fram:
– Det vil bli samrøystes godt motteke i kommunane om auken i midlar berre kjem som frie midlar.
Varslar kamp
Tilbake på Sæbø skule i Alver varslar Foreldrerådets arbeidsutval kamp mot nedlegginga. FAU-leiar Thomas Wiik seier brevskriving i stor skala i høyringsperioden blir metoden.
– Me skal arrangera fleire skrivestover, der folk kan koma og skriva høyringssvar. Me skal ikkje ha eitt brev med 400 underskrifter, men 400 brev med ei underskrift, seier han.
GJEV IKKJE OPP: FAU – leiar Thomas Wiik vil kjempa for skulen.
Foto: Leif Rune Løland / NRKWiik seier målet er å la innbyggjarane seia si meining, men også opplyse politikarane om kva som er realitetane.
– Dette er ikkje over før det er over. Me gjev oss ikkje.
– Må ha ansvarlege budsjett
Kommunalminister Bjørnar Skjæran understrekar at framlegget i dag kjem på toppen av det han kallar ein historisk vekst i dei frie inntektene til kommunane dei siste åra.
– Me må ha trygge og ansvarlege budsjett. Også staten må bidra til å halde prisveksten nede. Det er viktig for at folk skal få betre råd, seier Skjæran.
– Men den reelle veksten til kommunane er på mellom ein halv milliard og ein milliard kroner. Gjev det betre tenester til folk?
– Kommunane har ein stor jobb å gjera med å omstilla seg, og byggja ut helse – og omsorgstenestene, som ei følgje av ei anna befolkningssamansetting. Regjeringa skal bidra med gode økonomiske rammer, og mindre statleg detaljstyring, seier statsråden.
Publisert 12.05.2026, kl. 17.19



















English (US)