Skule­elevar innestengd på buss i tre og ein halv time: – Vi hadde ikkje nokon plass å gå

3 hours ago 1



Like før klokka 17 torsdag fekk politiet beskjed om at ein buss hadde køyrd utfor vegen i Frei i Kristiansund.

Uhellet hadde skjedd ca. to timar før politiet fekk beskjed, og det var ein rutebuss frå selskapet Tide med skuleelevar frå ungdomsskule og vidaregåande som hadde køyrd utfor.

14 år gamle Kornelia Romfo Mikalsen frå Frei i Kristiansund var ein av dei som sto fast på bussen.

– Det var ikkje gøy. Det var skikkeleg varmt, og vi hadde ikkje nokon plass å gå.

Buss køyrde utfor i Frei

Slik var utsikta for 14-år gamle Kornelia i nokre timar.

Foto: Kornelia Romfo Mikalsen / Privat

Lang tid før hjelpa kom

Tove Holst-Dyrnes i politiet seier at dei fekk meldinga om uhellet ca. to timar etter det hadde skjedd.

– Det var eit ettermeldt trafikkuhell, som hadde skjedd to timar før vi fekk meldinga.

Utforkøyringa i seg sjølv skal ha vore udramatisk, då bussen sklei ut av vegen i låg hastigheit, ifølgje politiet.

Likevel tok det lang tid før hjelpa kom.

Jeanett Romfo Mikalsen er mor til 14 år gamle Kornelia. Ho seier at ho stadig hadde kontakt med dottera.

– Me hadde kontakt over telefonen, eg fekk melding litt over klokka 15, og ho kom heim 18:30. Ho var i bussen i snart fire timar.

Men ho er glad for at elevane var såpass vaksne.

– Heldigvis var dei i ungdomsskule- og vidaregåandealder, og ikkje nede i barneskulealder.

Ifølgje Jeanett Romfo Mikalsen kom det til slutt ein annan buss for å hente elevane. Men det var ikkje før det hadde gått lang tid.

Og Kornelia (14) seier at fleire av medelevane var redde.

Det var nokon som grein og sånn. Eg var lei og sliten, seier 14-åringen.

– Vil beklage

Harald Hella er regionsjef i Tide, og skriv i ein e-post at dei beklagar situasjonen.

– Først og fremst vil vi beklage for passasjerar som blei råka. Sjåføren hadde eit håp og ønske om å løyse situasjonen raskare, men det tok dessverre lengre tid på grunn av utfordringar med framkomst for bergingsbilen. Vi håper det går bra med alle.

Vidare skriv han at alle hendingar er ulike, og at dei derfor evaluerer årsaka og korleis dei skal handtere det undervegs.

Han peiker på at det har vore ein krevjande trafikksituasjonen i området dei siste dagane.

Publisert 20.11.2025, kl. 20.46 Oppdatert 20.11.2025, kl. 21.02

Read Entire Article