Skulesaka i Lom: Framtida til Eldri er i spel – i dag kjem dommen

1 hour ago 5



Eldri Galde Tråstad er i siste innspurt før ho er ferdig med å gå på vidaregåande skule.

Ho ligg an til toppkarakter i alle fag, og ønsker å bli veterinær.

Men fordi ho tok siste året på Jotunheimen Privatistskule i Lom, er det no usikkert om ho får søke på utdanning som fyrstegongssøkar.

Torsdag skal Stortinget ta stilling til dette.

– Eg visste ingenting om at skulen kunne bli lagt ned mens eg gjekk på vidaregåande. Så eg søkte meg inn i Lom, uvitande om det som skulle skje då, seier Tråstad.

Dei som går siste året på vidaregåande skule i Lom, får ikkje fyrstegongsvitnemål, sjølv om dei tok dei to fyrste åra på offentleg skule.

Det er fordi dei avsluttar som privatistar.

– Det er litt urettferdig, meiner ho.

d

Eldri Galde Tråsdad går sisteåret på Jotunheimen Privatistskule i vår.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Forskjellsbehandling

Hanna Flækøy Skjåkødegård er dagleg leiar ved Jotunheimen Privatistskule.

Ho beskriv eit år der det har vore mykje fram og tilbake på om privatistane får førstegongsvitnemål.

– Det er krevjande. Dette er jo elevar som tek eksamen i alle fag. Dei har ei lang eksamensperiode nå i vår. Så får dei denne usikkerheita som blir lagt på dei av regjeringa på toppen av det heile, seier Skjåkødegård til NRK.

I februar bad eit fleirtal på Stortinget, beståande av SV, Senterpartiet, Frp, KrF, Raudt og MDG regjeringa sikra at privatistane i år som er ferdige ved skulen får rett på førstegongsvitnemål.

Torsdag kjem saka igjen tilbake til Stortinget, etter at regjeringa har vurdert saka.

En kvinne med mørkt hår

Hanna Flækøy Skjåkødegård, dagleg leiar i Jotunheimen Privatistskule.

Foto: Even Lusæter / NRK

– Vart informert

Sidan saka sist vart behandla i Stortinget, har Kunnskapsdepartementet vurdert saka.

Departementet meiner det vil vera i strid med likskapsprinsippet og forbodet mot usakleg forskjellsbehandling, skulle privatistane ved skulen i Lom få førstegongsvitnemål.

– Det er forskjell på vera elev og å vera privatist, mellom anna ved at elevar får dokumentert kompetansen gjennom standpunktkarakter i alle fag. Førstegongsvitnemål blir gitt til elevar, ikkje til privatistar, seier statssekretær Øyvind Jacobsen (Ap).

– Ungdommen i Lom vart informert om at dei ville mista moglegheita til å få førstegongsvitnemål dersom dei valde å følgja opplæring ved privatistskulen dette skuleåret, legg han til.

En mann står med armene krysset foran brystet, iført blazer og skjorte. Bakgrunnen består av en mørk vegg med tekst og grafikk. Det er innendørs belysning, som gir et lyst miljø. Mannen har et alvorlig uttrykk.

Statssekretær Øyvind Jacobsen (Ap) i Kunnskapsdepartementet.

Foto: Nadir Alam / NRK

Miljøpartiet Dei Grøne, som støtta forslaget som vart behandla i februar, er av same oppfatning. Partiet varslar at dei ikkje vil støtta eit forslag om å gi privatistane i år førstegongsvitnemål.

– Om me opnar for ei slik lovendring er me redd den me skapa ein presedens for saker me ikkje har møtt endå, men som me vil møta, sjølv om lovendringa er avgrensa, seier Siren Jensen (MDG).

Siren Jensen

Siren Jensen (MDG).

Foto: William Jobling / NRK

– Trudd alt var i orden

Utdanningspolitisk talsperson for Senterpartiet, Erling Sande, er klar på at lovendringa ikkje skal vere noko større endring for privatistar. Men at han ønsker å løyse eit problem for «ei gruppe elevar i Lom».

– Målet er å bruke sunn fornuft og ramme inn løysinga, for å finne ei løysing for dei elevane som no står i fare for å ikkje få førstegongsvitnemål, seier Sande-

Statsråd Erling Sande

Erling Sande (Sp).

Foto: Eivind Aabakken / NRK

Andre nestleiar i Utdannings- og forskingskomiteen, Hege Bae Nyholt i Raudt, meiner det er rett at elevane ved skulen i Lom i år blir sikra førstegongsvitnemål.

– Dei har trudd at alt var i orden. Me er opptekne av å finna ei løysing som sikrar at dei får dette, men som ikkje er eit frislepp.

Nyholt påpeikar at denne opninga i regelverket berre gjeld privatistane i år, ettersom neste års privatistar vil få førstegongsvitnemål.

en person som står utenfor

Andre nestleiar i Utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget, Hege Bae Nyholt i Raudt.

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

– Det er ei handfull elevar dette er snakk om, men for dei dette gjeld så er dette viktig.

Sjølv om Raudt vil gi denne handstrekninga til elevane ved skulen i Lom, vil partiet ikkje opna for førstegongsvitnemål for alle privatistelevar.

– Skuleløpet er meir enn å ta eksamenar, det handlar også om å følgja undervisningar, seier Nyholt.

– Skjebnen til enkeltungdom

Leiaren av privatistskulen i Lom har eit siste håp om at Stortinget og regjeringa skal komme elevane til unnsetning.

– Dette handlar om enkeltindividet. Det handlar om skjebnen til enkeltungdom, som nå har blitt lova noko av Stortinget, seier Skjåkødegård.

– Her må Stortinget inn og rydda opp. Regjeringa må halde seg til det Stortinget vedtek.

Eldri Galde Tråstad har òg eit håp om at ho får førstegångsvitnemål. Men skulle det ikkje gå hennar veg, har ho ei tanke om kva ho må gjere, om ho skal bli veterinær.

– Då blir det nok fleire år med å ta opp fag. Kanskje inn i militæret eit år for å få nokon poeng der, seier ho, og legg til:

– Det tar iallfall mange år. Kanskje må eg endre kva eg vil bli.

Publisert 04.06.2026, kl. 11.52

Read Entire Article