Nedlegginga av vgs. i Lom og dei andre skulane er det mest distrikts-fiendtlege vedtaket etter andre verdskrigen, seier Stig Banken. No blir det heilt slutt for Ap-laget i nabobygda Skjåk.
- Nedlegginga av vidaregåande i Lom skaper framleis bølgjer; Ap-laget i Skjåk blir oppløyst etter over hundre år.
- Stig Banken konstaterer at lokallaget ikkje kunne leve med beslutninga om å legge ned den offentlege vidaregåande skulen i Lom.
Over hundre år med Arbeidarpartiet som partilag er over, konstaterer Banken som har leia Ap lokalt dei siste åra.
Det har gått mot nedlegging av lokalpartiet ei stund. Men det vart bestemt å halde fram - i fjor haust.
Men no på ettersommaren 2025 har styret i Skjåk Ap, som i praksis er Banken og eit par til, samla seg om full stopp.
– Når oss gjer slike «huggulause»
vedtak som å legge ned skulane, så er dette konsekvensen, seier Stig Banken til VG.VG møtte han måndag under den høgtidelege opninga av Jotunheimen privatistskule i Skjåk si nabobygd, Lom.
Banken hadde pynta seg i slips og kvit sommarskjorte. Men han var ikkje spesielt høgtidsstemt over at Ap også var blant partia som ikkje tilrådde at den nye skulen skal bli offentleg godkjend av Utdanningsdirektoratet.
– Kunne ikkje du og dine partifeller lokalt heller ha jobba internt i Ap for å påverke i skulestriden framfor å legge ned heile lokalpartiet?
– Ja, men det er akkurat det vi har gjort. Vi har verkeleg jobba knallhardt.
Vi har tilbakevist at det blir elevtalsnedgong her - og sett spørsmåltegn heile tida om feil og manghlar i saksgrunnlaget. Men Innlandet Ap har køyrt eit rått løp i fylkestinget for å gjennomføre det dei vil, uansett, svarar Banken.
På det meste hadde Skjåk Ap eit tresifra tal med medlemer. No er det berre tre som har betalt full kontingent og nokre pensjonistar, ifølgje Stig Banken.
– Kva røystar du 8. september?
– Eg vil nok røyste Arbeidarpartiet. Eg håpar folk ser skilnaden på Ap i regjering og det som har skjedd lokalt i Innlandet. Og så vil eg unngå ei blåblå regjering med alle dei distriktsulempene det vil medføre som dårlegare kommuneøkonomi, sosiale ordningar og landbruk.
– Burde Ap sine regjeringsfolk ha gripe meir inn i skulestriden i Innlandet?
– Ja, dei kunne nok det. Men dei er frykteleg varsame med å blande seg inn i lokale saker. Og det er jo fylkestinget som har ansvar for dei vidaregåande skulane.
Frå før er i praksis Arbeiderpartiet sitt lokallag i Lom også nedlagt - grunna fylkestingsgruppa si handtering av skulestrukturen i Innlandet.
Partiet fekk også kritikk for ikkje å sende nokre av sine største «kanoner» til skuleopninga i Lom.
Det har enno ikkje lukkast VG å få ein kommentar til nedlegginga frå leiar Lise Selnes i Innlandet Ap.
Då Lom Ap vart lagt ned, skreiv ho i ein sms:
– Det er sjølvsagt frivilleg å vere medlem i Arbeiderpartiet. Vi kjem til å starte arbeidet med å få til eit nytt lokallag i Lom. For oss er det viktig å ha aktive lokallag i alle dei 46 kommunane i Innlandet.
Dåverande partisekretær, no kommunalministar, Kjersti Stenseng frå Innlandet, oppmoda folk om å halde fram i partiet:
– Eg veit at saka om skulestruktur i Innlandet har skapt stort engasjement, naturleg nok, ho er viktig for mange. Mi oppmoding er å jobbe aktivt for det dei meiner er rette løysingar og halde fram med å engasjere seg i Arbeidarpartiet.