Drøymen om kvit jul blir dessverre ikkje oppfylt over heile landet. Men lurer du på korleis vêret blir til nyttår?
Sjølv om det framleis er litt tidleg å seie heilt sikkert, sit Magnus Ovhed i Meteorologisk institutt på eit mogleg svar.
METEOROLOG: Magnus Ovhed i Meteorologisk institutt kan endå ikkje seie sikkert korleis vêret blir nyttårsaftan.
Foto: Meteorologisk instituttMeteorologen forklarer at det ligg eit høgtrykk over Sør-Noreg, som gjer det kaldt i indre strøk, men at det langs kysten kan vere plussgrader i romjula opp mot nyttår.
– Langs Mørekysten og oppe i Trøndelag, og framfor alt, i Nordland og Troms, så blir det vesentleg fuktigare.
Det som startar som regnbyer i romjula, kan utvikle seg til snøbyer, seier han.
– Det er ein ganske kald luftstraum over Nord-Noreg. Det er framleis litt usikkert langs sør, men i Nord-Noreg kan ein få periodar med snøbyer ut over romjula. Både i Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark.
Kor langt sør i landet desse snøbyene vil strekke seg, seier meteorologen at det framleis er for tidleg å seie noko om.
I Lillehammer er det meldt -3 til -5 grader, overskya og sol.
Foto: Henrik Einangshaug / NRKKvit nyttår?
Dermed blir nyttårsaftan ulik, avhengig av kvar i landet ein bur.
I Sør-Noreg forklarer meteorologen at ein vil kunne få rolege vindforhold, og at mesteparten av vinden på nyttårsaftan vil komme i Nordland og Troms.
Korleis nyttårsvêret blir i Møre og Romsdal, er ikkje enkelt for meteorologen å stadfeste.
– Der er det litt sånn «gambling». Om ein er heldig så kan det komme restar frå høgtrykket, litt kjølig og eit lett skydekke. Om ein er uheldig, får ein sludd eller snøbyer.
FYRVERKERI: Det er ikkje sikkert det blir klar himmel til nyttår.
Foto: Oskar Rennedal / NRKFyrverkeri på klar himmel
Kanskje du drøymer om klar himmel og minusgrader til å skyte opp fyrverkeri. Sjølv om det er litt tidleg å seie, er meteorologen klar på kor ein mest sannsynleg vil vere heldigast.
– Om ein ser på rakettar, så kan det vere nokre stadar i Nord-Noreg som kan få opphald i byene om ein er heldig. Og så er det ein del stader i Sør-Noreg som kan ha ganske gode forhold, seier Ovhed.
Konkrete byar eller tettstadar går ikkje meteorologen inn på, men seier at Indre Finnmark kan bli «veldig ålreit», med eit smil om munnen.
Publisert 22.12.2025, kl. 14.07

















English (US)