Slik blir samferdslepengane fordelt: Meir til jernbane – vekk med gratisferjene

1 day ago 4



I dag la regjeringa fram forslaget til statsbudsjett for 2026. Og eit av dei områda det alltid er knytt stor spenning til er samferdsle.

Totalt foreslår regjeringa 102,1 milliardar til samferdsle i 2026.

50,4 milliardar til veg, 35,7 milliardar til jernbane, 7,1 milliardar til byområde, og 4,9 milliardar til luftfart.

Men neste år sett dei ikkje av pengar til gratis ferjer.

Dette gjeld til samfunn utan vegsamband til fastlandet, der ferjesamband har under 100.000 passasjerar i året.

I tillegg vil delstrekningane Bodø–Værøy–Røst i sambandet Bodø–Værøy–Røst–Moskenes i Nordland, og Hjelmeland–Skipavik i sambandet Hjelmeland–Skipavik–Nesvik i Rogaland, avviklast som gratis delstrekning, skriv regjeringa.

For eit par år tilbake var dette ein viktig sak for regjeringa:

I debatten på Stortinget i dag sa finansminister Jens Stoltenberg at dei vil kutta gratis ferjer etter fleire tilbakemeldingar.

– Det er tilbakemeldingar om kø, ikkje mogleg å få folk med på ferjene, og difor er det andre tiltak som er viktigare, sa Stoltenberg, og viste til at dei framleis vil halda fram med halverte ferjetakstar for mange strekningar.

25 bobiler sto i kø for å komme på fergen til Værøy.

Her er bubilkøen frå Værøy ein dag i mai. Regjeringa meiner at ordninga med gratis ferje har skapt store problem for mange fastbuande på øysamfunn.

Foto: Asbjørn Krogh / NRK

Slagsvold Vedum rasar mot kutt

Kutta mot mellom anna gratis ferje får Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum rett og slett til å rasa.

– Det som ligg her er reine distriktskutt på alle område, og her må Ap gå til Høgre som dei tilsynelatande er mest samde med, sa Vedum i eit intervju med NRK.

Og trekker blant anna fram fjerninga av gratisferjer.

– Med dette budsjettet kuttar dei gratis ferjer til kysten, og dei har tatt dei pengane frå kystfylka – ein kvart milliard kroner – og sendt rekninga til folka på kysten, ved at dei må byrja å betala igjen, seier han.

Mats Rønning og Trygve Slagsvold Vedum under intervju, begge ved ståbord, i vandrehallen i stortinget

Senterparti-leiar Trygve Slagsvold Vedum var ikkje nådig mot regjeringa og forslaget til statsbudsjett.

Foto: Lars Nehru Sand / NRK

Meir til jernbane

Regjeringa foreslår å løyve i alt 35,7 milliardar kroner til jernbanen i 2026.

Av dette er 13,5 milliardar kroner foreslått til drift, vedlikehald og fornying av. Det er ei auke frå saldert budsjett for 2020, skriv samferdsledepartementet i ei pressemelding.

Drift, vedlikehald og utbetringar blei alt for lenge ikkje prioritert. Vedlikehaldet av kritisk transportinfrastruktur har ikkje halde følgje med behovet, skriv samferdsleminister Jon-Ivar Nygård i ei pressemelding.

Dei vil også kjøpa 13 nye regiontog, i tillegg til 72 nye toga som allereie er bestilt.

Dette grunna at mange gamle tog er meir utsette for feil, og har lågare komfort, meiner regjeringa.

I forslaget til budsjett for 2026 er det løyvd 4,9 milliardar berre til Norske Tog.

Totalt legg regjeringa opp til altså å bruka 35,7 milliardar på jernbaneføremål i 2026, noko som er ein auke frå 11 prosent frå det salderte budsjettet for 2025.

en gruppe mennesker som står på en steinete åsside

Regjeringa vil bruka meir pengar på oppgradering av infrastruktur på jernbanen. Her etter eit ras på Oppdal.

Foto: NRK

Desse vegprosjekta er prioriterte

Nasjonal Transportplan legg føringar på kva prosjekt som skal få prioritet fram til 2036.

Men pengane vert løyvd gjennom statsbudsjettet.

Difor er det først når pengane kjem at prosjekta kan verta starta opp.

Mellom anna tok det fleire år før byggjearbeidet på tunnel på E134 i Røldal mellom aust og vest faktisk vart starta opp.

Drone Kløfta utenfor Alta

E45 Kløfta i Finnmark er prioritert av regjeringa.

Foto: Kai Erik Bull / NRK

Trass i at prosjektet hadde vore nemnt i NTP i lang tid.

I 2026 vil regjeringa investera 24,5 milliardar til riksvegane. Dette inkluderer løyvingar til selskapet Nye Veier.

Dyrare prosjekt

Regjeringa vil også starta opp andre byggetrinn av E134 Oslofjordforbindelsen i Akershus, E45 Kløfta i Finnmark, fellesprosjektet Vossebanen E16 Arna-Stanghelle i Vestland.

Men ifølgje budsjettdokumenta har prosjektet med eit ekstra tunnelløp under Oslofjorden på E134 vorte dyrare enn Statens vegvesen såg for seg.

Vidare er E39 Figgjo-Ålgård i Rogaland prioritert.

Regjeringa skriv vidare at dei vil prioritera grunnerverv på E18 Retvet-Vinterbro i Akershus, det vert sett av statlege midlar til å vidareføra bygginga av ny E18/E39 på strekninga Gartnerløkka-Kolsdalen i Agder, og det er planoppstart for strekninga Bilstad-Bue i Lund, Eigersund og Bjerkreim kommunar.

Ifølgje forslaget frå statsbudsjettet skal prosjektet Arendal-Grimstad på E18 starta planlegging i 2026.

Bård Hoksrud (Frp), samferdslepolitisk talsperson og leiar i Transport- og kommunikasjonskomiteen, meiner regjeringa i prinsippet stoppar alle nye prosjekt.

– Lista over bilfiendtlege tiltak i dette statsbudsjettet er lang. Det er i stor grad full stopp for nye vegprosjekt, og forfallet på vegane vert verre. I tillegg aukar kostnadane for bilistane, med høgare avgifter for elbilar og auka eingongsavgift. Samstundes fjernar ein gratis ferje for mange avgangar i distrikta, seier han.

Og meiner regjeringa legg opp til at forfallet på vegane berre held fram.

Oslofjordtunnelen

Oslofjordforbindelsen er eitt av prosjekta som regjeringa vil prioritera neste år. Det er løyvd pengar til anleggsstart.

Foto: NTB scanpix

Publisert 15.10.2025, kl. 10.23 Oppdatert 15.10.2025, kl. 12.34

Read Entire Article