Rekordmange privatpersonar investerer sparepengane sine i aksjar på Oslo Børs.
No er det om lag 620.000 småsparar på Oslo Børs, med over 20.000 ferske aksjonærar berre i år.
No går det føre seg ei sak i Oslo tingrett som handlar om rettigheitene til både små og store investorar.
At to av Noregs rikaste menn, Kjell Inge Røkke og Christen Sveaas, kranglar for open scene er spektakulært i seg sjølv.
I dag er Røkke i Oslo og skal sitte i vitneboksen i to timar.
Men det dei to kranglar om handlar faktisk om noko som betyr vel så mykje også for småinvestorar.
Har Røkke og hans selskap Aker overkøyrt minoritetsaksjonærane, og stukke av med milliardverdiar i reiarlaget Solstad Offshore – som er eitt av mange selskap ein kan kjøpe aksjar i på Oslo Børs?
Dette skipet, Normand Maximus, er blant verdiane dei to milliardærane no kranglar om.
Foto: Alf-Jørgen TyssingDet meiner finansmannen Sveaas. Men han har også fått med seg 46 andre aksjonærar i å gå rettens veg for å finne ut av nettopp det.
– Ei åtvaring
Fleire av dei er heilt «vanlege folk», som Pål Vaage Martinsen. NRK møter han heime i Skien.
– Eg investerer lite i selskap med store, dominerande eigarar. Det er jo ei åtvaring til alle. For dersom dei vel å køyre over dine minoritetsrettar, korleis skal du handheve din rett?
– Erfaringa mi er at du kan bli overkøyrt, og då er det ingen som stiller opp for deg. Så vi er jo i praksis rettslause, seier Martinsen.
Vart aksjonærar overkøyrde?
Martinsen jobbar som spesialrådgjevar i Skien kommune, men med ein grad i finans har han lenge vore interessert og investert i aksjar i mindre skala.
På heimekontoret i kjellarstova følgjer Pål Vaage Martinsen med på aksjane han har investert i. – Eg tapte mine første pengar i aksjemarknaden under børskrakket i 1991, seier Martinsen.
Foto: Lars Tore Endresen / NRKI 2023 hadde han aksjar i Solstad Offshore, trass i at Røkke og hans Aker var største eigar i selskapet.
For Martinsen, Røkke og fleire andre såg at det var vind i segla for offshoresektoren.
Men Solstad Offshore hadde stor gjeld etter tunge tider under oljekrisa i 2014. Selskapet hadde behov for ei refinansiering, som innebar å hente inn friske pengar.
I slutten av september 2023 ville Røkke og Aker bidra i refinansieringa med ein heimesnikra plan, som selskapet etter kvart gjekk med på.
Og gjennom den planen meiner Sveaas og fleire andre aksjonærar at dei har blitt overkøyrde, medan Røkke som største eigar stakk av med milliardverdiar og auka sin eigardel i selskapet.
Få eit lite innblikk i korleis dette gjekk føre seg her:
– Følelsen av noko urett
– Kvifor er du med på søksmålet?
– Det er ei prinsipiell sak, og det var følelsen av at noko urett har skjedd. Dette er ei sak som bør prøvast for retten, seier Martinsen.
Eit svært viktig prinsipp i Noreg er at aksjonærar i eit selskap skal bli behandla likt.
Treng eit selskap å hente inn meir eigenkapital, til dømes, skal dei som har aksjar i selskapet frå før, ha ein fortrinnsrett til dei nye aksjane.
Har du ein aksje, så skal du ha rett på ein ny aksje. Og så vidare.
Men styret og leiinga i eit selskap kan vike frå dette likebehandlingsprinsippet, dersom dei meiner det er til det beste for selskapet – og utan at det gir ein urimeleg fordel for andre aksjeeigarar.
– Kva som vil vere «urimeleg» er ei konkret og til tider vanskeleg vurdering. Solstad-saka, slik den er referert i media, illustrerer nettopp dette, skriv avdelingsdirektør Marte Voie Opland i Finanstilsynet, i ein e-post.
Tingrettsdommar Helen Engebrigtsen er einaste dommar i saka.
Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTBDet er nettopp dette tingrettsdommar Helen Engebrigtsen skal ta stilling til i saka om Solstad Offshore.
– Utan Sveaas, hadde eg ikkje fått testa mi sak
Og det er denne retten Martinsen snakkar om. For han og andre «vanlege» aksjonærar har det vore heilt avgjerande at finanskjempa Sveaas ville gå til sak.
– Eg har jo inga moglegheit til å ta ei slik sak til domstolane. Ikkje har eg kompetanse og ikkje har eg pengar til å gjere det. Så utan Sveaas, så hadde eg ikkje fått testa mi sak i det heile tatt. Det skal han ha honnør for, seier Martinsen.
Martinsen har også tidlegare engasjert seg i saker som råkar minoritetsaksjonærar, og skrive kronikk i Finansavisen med tittelen «Tilsynet abdiserer».
Foto: Lars Tore Endresen / NRK– Det hadde blitt for dyrt for deg å gå til retten med dette aleine?
– Eg aner ikkje kor eg skulle ha begynt, for å seie det rett ut. Omfanget av denne saka er jo enorm, det snakkast jo om 200 millionar kroner, seier Martinsen.
Har kritisert Finanstilsynet
For det er faktisk slik i dag: Om ein opplever å bli overkøyrt som aksjonær i dag, må ein ta saka til domstolane.
Styresmaktene, i dette tilfelle Finanstilsynet, kan ikkje i dag straffe eller bøtelegge selskap som bryt med likebehandlingsprinsippet.
Kronikken Martinsen hadde i Finansavisen, med bilde av Christen Sveaas i toppen.
Foto: Lars Tore Endresen / NRKMartinsen har tidlegare kritisert nettopp dette i Finansavisen, og fått svar om å gå til domstolen.
– Førestill deg dei som slåst i skulegarden, og så seier læraren «det får dokke fikse sjølv».
– Har du ikkje tillit til investeringslandet Noreg, då?
– Eg har jo tillit, for eg investerer jo. Men eg forheld meg til reglane på savannen, for å seie det slik. Der er det hyenar og løver, og slik eg opplever det er det ingen sheriff som passar på at reglane blir følgde, seier Martinsen.
Tidlegare kunne Oslo Børs gi bøter
Fram til 1. april i år kunne Oslo Børs på eige initiativ bøtelegge selskap dei meinte forskjellsbehandla aksjonærar.
– Men vi er børsnotert og ein kommersiell aktør sjølv, så vi synst ikkje det er rett at vi skal fortsette å ha ei slik rolle. Det ligg til styresmaktene.
Det seier børsdirektør Øivind Amundsen til NRK.
Direktør for Oslo Børs, Øivind Amundsen.
Foto: Ragnhild Vartdal / NRKMen Finanstilsynet har ikkje lov til å sanksjonere på same måte.
– Er det eit problem at vanlege folk skal måtte gå til retten for å bli likebehandla i eit børsnotert selskap?
– Vi har stor tillit til domstolane i Noreg, men det er ein meir omstendeleg prosess. Difor synst vi det var eit godt regime då ein hadde aktørar som følgde opp dette i eit litt enklare format enn domstolsbehandling, seier Amundsen.
Regjeringa har inga avklaring
NRK har vore i dialog med Finanstilsynet om denne saka.
Dei viser til at dei for snart to år sidan, i mars 2024, sende eit brev til regjeringa og bad om avklaringar.
Dei understreka blant anna at dei ikkje har lov til å sanksjonere.
Tilsynet opplyser til NRK har dei heller ikkje har høve til å ta saker til retten på vegner av forbrukarar eller investorar, på same måte som Forbrukartilsynet.
NRK har spurt om intervju med politikarane i Finansdepartementet, men dei vil ikkje stille. Vi får følgjande svar:
«Å gi Finanstilsynet heimel for å kunne ilegge gebyr for brot på likebehandlingsregelen vil kunne vere eit verkemiddel for å sikre at likebehandlingsregelen blir følgt og minoritetsaksjonærane blir tatt vare på ved emisjonar. Dette er noko departementet enda ikkje har tatt stilling til».
Publisert 04.12.2025, kl. 05.31




















English (US)