– Denne set eg sinnssjukt høgt. At eg skulle få oppleve dette med Sola. Det er her eg stammar frå. Det er hallen eg vore i sidan eg var barn. Det er ein draum som har gått i oppfylling, seier Camilla Herrem til NRK etter sigeren.
For superveteranen blei kvelden i Trondheim det endelege punktumet for ei jakt som har vart i to tiår.
Det har vore ein spesiell sesong for Herrem, som har spelt for Sola samstundes som ho har vore gjennom cellegiftbehandling for brystkreft.
Foto: Ole Martin Wold / NTBHo har vunne 11 gull i OL, VM og EM, men aldri den norske eliteserien. I kveld har ho gjort det med barndomsklubben.
Sola måtte berre vinne ein av sine tre siste kampar for å sikre seg seriegullet, og med ein 27–18 siger i Trondheim er det heile avgjort.
For Herrem skjer det også i same sesong som ho har gjennomgått cellegiftbehandling for brystkreft.
Tidlegare denne månaden kunngjorde Camilla Herrem at ho var kreftfri.
Foto: Fredrik VarfjellBerre eitt tap
Sola har berre tapt ein gong denne sesongen. Tapet kom mot Molde 21. desember. Dei andre 22 kampane har enda med siger.
Dette er første gong eit damelag frå Rogaland tar seriegull i handball.
Foto: Ole Martin Wold / NTB– Endeleg eit gull til Rogaland. Det har ikkje skjedd sidan Viking vann i 1998. Det er det første på damesida, seier trenar Steffen Stegavik til NRK etter kampen.
Han held ikkje tilbake på lovorda om laget.
– Det er helt fantastisk. Dei har vore solide i ligaen heile tida. Dei har vore på reise i Meisterligaen. Dei har jobba og studert ved sida av. At vi tar det gullet her i denne sesongen, viser at vi har gjort noko riktig, seier han vidare.
Sola har berre opplevd eit tap denne sesongen.
Foto: Ole Martin Wold / NTBKlubben har vore gjennom ein sportsleg snuoperasjon av dei sjeldne. Sola opplevde eit tungt nedrykk til 1. divisjon i 2018, men har kjempa dei seg tilbake til øvste divisjon.
I 2020/2021-sesongen blei Steffen Stegavik tilsett som hovudtrenar. Allereie i Stegavik sitt første år i trenarstolen klatra laget opp på pallen og sikra bronse, ei bragd dei også klarte dei tre etterfølgande sesongane.
I fjor kunne laget feire sin aller første sølvmedalje. No har satsinga ført laget heilt til topps.
Kristiane Knutsen har levert ein solid sesong for Sola, og er toppskårar for klubben.
Foto: Ole Martin Wold / NTBUnderskot på 1,5 millionar kroner
Sjølv om Sola no gjer det historisk bra på banen, så slit klubben med eit underskot på 1,5 millionar kroner.
– Grunnen er nok at klubben har drive litt over evne i nokre år no. Det har tatt oss litt igjen i 2025. I tillegg så kostar det å drive ein handballklubb, seier dagleg leiar Siw Tårnes.
Både Larvik og Vipers har i kvar sin periode dominert norsk kvinnehandball, men begge hamna i djupe økonomiske kriser som følgje av sportsleg satsing.
Sistnemnde enda til slutt i konkurs. Sola føyer seg dermed inn i rekkja av norske eliteklubben som slit med å balansere økonomi og toppidrett.
Sjølv om klubben leverer historisk gode sportslege resultat, kjempar dei samstundes mot eit underskot på 1,5 millionar kroner.
Foto: Odd Rune Kyllingstad / NRKTårnast er likevel ikkje bekymra for at det same skal skje med Sola.
– No har vi ganske mange lokale spelarar. Vi har ein policy om at vi ikkje skal hente inn dyre spelarar, og Steffen er veldig klar på at dette skal vi klare oss med regionale, eventuelt nasjonale spelarar. Så vi er langt frå ein Viper -situasjon, seier Tårnes.
Publisert 26.03.2026, kl. 19.22 Oppdatert 26.03.2026, kl. 19.59














English (US)