Det er i podkasten «Stick to football» at Ole Gunnar Solskjær igjen snakkar om landslagsjobben.
På spørsmål om Noreg-jobben svarer Solskjær:
– Sjølvsagt. Vi har ein god trenar i Ståle. Vi er på veg til VM. Men om han ein dag ikkje signerer ein ny avtale, sjølvsagt. Kven vil ikkje jobbe med Erling Braut Haaland igjen?
Solskjær var trenar for Haaland då han var i Molde Fotballklubb i 2017 og 2018.
– Ikkje desperat
I august i år fekk Solskjær sparken som trenar for tyrkiske Besiktas. Nordmøringen har også vore trenar for Manchester United, Cardiff og Molde FK.
I podkasten fortel Solskjær at han ikkje er desperat etter å kome tilbake i trenarrolla, men at tilbodet må vere rett.
– Eg er ein fotballmann. Om det er Noreg, Sverige eller kven enn det er. Det handlar om å jobbe med folk og eg prøver å få dei til å bli den beste versjonen av seg sjølv.
Ståle Solbakken har sagt at eit eventuelt VM-sluttspel i 2026 truleg blir det siste han gjer som landslagstrenar.
Det har ført til fleire diskusjonar rundt kven som potensielt kan ta over jobben. Og fleire gongar har Solskjær sitt namn vore nemnt.
Nordmøringen har også tidlegare uttalt at han er positiv til tanken om å bli Noreg-sjef.
– Kronprins i landslagsfotball
Jan Petter Saltvedt, sportskommentator i NRK, seier at Solskjær er ein god kandidat til å ta over trenarjobben etter Solbakken.
– Eg trur eigentleg alle er einige om at Ole Gunnar Solskjær har hatt på seg kronprinskappa i landslagsfotball ei god stund allereie.
At nordmøringen snakkar så opent om det, noko som ikkje heilt liknar han, er endå eit teikn i den retninga, meiner Saltvedt.
– Det ville ikkje ha overraska meg om det allereie har blitt gjort ein slags «gentlemen's» eller «gentlewomen's»- avtale om at jobben er hans den dagen Solbakken gir seg, legg han til.
Noregs Fotballforbund (NFF) opplyser at dei ikkje har anledning til å kommentere påstandane om ein slik avtale i dag på grunn av landskampen torsdag kveld.
Jan Petter Saltvedt trur Solskjær er ein aktuell kandidat til å etter kvart ta over jobben som landslagssjef.
Foto: Martin Leigland– Bygge på det som er gjort
Saltvedt trur Solskjær både kan bygge vidare på det Solbakken har bygd opp, men også bidra med sine styrker.
– Han er ein pragmatisk taktikar, som vil kunne vidareføre Solbakken sine prinsipp utan å skape for mykje usikkerheit. Han har vore trenar på fotballens øvste klubbscene. Det vil vere veldig nyttig om han skal prøve å få det beste ut av nokre av klodens aller største stjerner.
Samtidig seier Saltvedt at det ligg i korta at jobben med å avtale ei forlenging med Ståle Solbakken, utover VM i 2026, startar førstkomande måndag på Ullevaal.
– Eg trur likevel ikkje at det endrar Solskjær si vilje til å vere ein tolmodig avtakar, som kan vere akkurat passe kresen på kva slags utfordringar han eventuelt kan tenke seg i mellomtida.
– Sjansen til å bli norsk landslagstrenar har han openbert ikkje tenkt å gå frå seg, ut ifrå korleis han no uttaler seg, legg Saltvedt til.
Publisert 13.11.2025, kl. 11.16 Oppdatert 13.11.2025, kl. 11.26

















English (US)