Som sliten trebarnsmor var eg positiv til aldersgrense på sosiale media. No er eg blitt engsteleg for noko heilt nytt.

2 hours ago 1



Eg fryktar at det vil bli endå vanskelegare å passe på barna våre, skriver Anne Gunn Halvorsen om aldersgrense på sosiale medier. Foto: Sara Sanderud

Kastar me barna ut av Snapchat og TikTok, kor vil dei gå? På fotballbanen? Ja, du kan håpe og tru.

Publisert: 22.11.2025 09:17

Akkurat no sit regjeringa og les gjennom 8168 meldingar frå menneske, organisasjonar og bedrifter som meiner noko om aldersgrense på sosiale media. Forslaget er å innføre 15-årsgrense. Ifølgje digitaliseringsdepartementet sjølv er dei fleste i bunken positive til denne ideen.

Som sliten trebarnsmor var også eg instinktivt positiv til dette. Yes, statsråd Karianne Tung. Ta denne byrda av mine skuldrer!

Kranglinga var i gang

Eg var ti år då eg logga meg på for fyrste gong. No er eg 41 år og har ei skjermtid på over fire timar dagleg. Dei resterande timane som er att i døgnet etter jobb og husarbeid bruker eg til å kjefte på barna mine for at dei er på skjerm.

Eg tilhøyrar dei som er bekymra og redde for kva internett gjer med oss og barna våre. Eg er såpass stressa over dette at eg har skrive ei heil bok om temaet. Heilt spesifikt om eigen oppvekst med og på internett.

Det fine med å skrive bok er at ein får mykje informasjon. Det er fryktreduserande. Det dumme er at eg no er blitt engsteleg for noko heilt nytt. Med nyare mediehistorie friskt i minne er eg redd lovforslaget skal gå gjennom. Eg fryktar me vil bli sett tilbake i tid, og at det vil bli endå vanskelegare å passe på barna våre.

Meir om dette straks. Først ei påminning om at du som forvirra, frustrert forelder er del av ein lang tradisjon. Allereie i 1994 blir «heime-pc» oppgitt som det føretrekte mediet til barn, ifølgje SSB. Foreldra deira er då mest opptekne av aviser, tidsskrift og radio.

Vaksne ville ha dei sterkt rabatterte datamaskinane, men då dei kom i hus, var det gjerne barna som overtok. Der sat dei og chatta med framande på IRC, medan telefonrekninga steig og ingen andre kunne prate i telefonen. Kranglinga var i gang og har ikkje stoppa sidan.

Generasjonskløfta blir berre djupare utover 1990-talet

Generasjonskløfta blir berre djupare utover 1990-talet. I 1995 sit Thorbjørn Jagland på NRK og fortel at han ikkje får seg til å begynne å bruke datamaskin.

Ja, han veit det er framtida.

Ja, han har trua på informasjonsmotorvegen og alt det der.

Men, seier han, stry seg ømt over skjortebrystet og tryllar fram ein penn: Identiteten og språket hans er så sterkt knytt til denne fyllepennen! Med den har han skrive både foredrag og bøker. Han får seg ikkje til å byte den ut. Og som melodien ofte går: Heime har han to søner som er ekspertar.

«Hvis et voksent menneske snakker om sin hjemme-PC, er det høyst sannsynlig barn eller tenåringer i huset», skriv Gro Harlem Brundtland i denne avisa, vinteren 1996.

Oppveksten på internett

Sjølv med treig nedlasting, elendig brukargrensesnitt, null bilete og knapt med fargar har barna klistra seg til skjermen som møll mot lyset.

I august 1999 var eg sjølv 14 år og 164 timar på nettet. Det var ikkje på grunn av spekulativ teknologi. Det var fordi internett då som no fylte eit behov hjå barn og unge.

I januar 2000 hadde eg som nyttårsforsett å «vere mindre på internett». Eg kan røpe at det gjekk dårleg. I det neste tiåret kom jo digitalkamera, blinkande heimesider, bloggar og norske, eigne nettsamfunn.

Dei vaksne irriterte seg framleis over ungdommen. Så lite klede, så mykje sminke, så dumme meiningar!

I dette tiåret eksisterer den draumen mange ser ut til å bere på no. Ei verd der sosiale media består av eit mangfald, laga av norske ungdommar sjølv eller av redaktørstyrte, norske media.

Når eg held foredrag om boka mi, blir eg ofte ståande att med menneske som har blanke auge og fortel om oppveksten på internett med eit smil om munnen. Ofte gjekk det skikkeleg fint. Mange kan takke Blink, mIRC, Nettby, Hamarungdom, Habbo, Backstage, Mumseby og Biip for venner, ektefellar, karriere, eit godt liv.

Det er også på sin plass å minne om teknologien ein hadde til rådigheit då. All moderering måtte skje manuelt, pågangen var enorm, malen var anonymitet, og dei stakkars programmerarane, Kripos og lovverket kom halsande etter for å sløkke brannar, lage rapporteringsknappar og nye lover så raskt dei greidde. Det var sjølvsagt ikkje raskt nok.

No kjem forsvaret

No er alle desse samfunna vekke. Dei fleste barn og vaksne soknar no til sosialt media med utanlandske eigarar. No kjem det, forsvaret for dei store teknologiselskapa som overvaker våre barn. For ja, dei samlar inn informasjon, spekulerer i våre biologiske instinkt. Nei, dei respekterer ikkje media, ytringsfridom eller skattereglar.

Dei er på absolutt og ingen måte perfekte. Kanskje ikkje ein gong gode. Samstundes: Dei er beste alternativet me har.

Dei siste 30 åra er det blitt tryggare, ikkje farlegare, å vere eit barn på sosiale media. På dei store tenestene Snapchat og TikTok har du eit rikt utbod av måtar å kontrollere appane på.

Barn har snakka med kvarandre på internett i 30 år. Dei kjem ikkje til å slutte med det no.

Snapchat har eit eige foreldresenter kor du ser kven barnet snakkar med, og på TikTok kan du kontrollere og styre algoritmane. Kastar me barna ut av desse tenestene, kor vil dei gå? På fotballbanen? Ja, du kan håpe og tru. Barn har snakka med kvarandre på internett i 30 år. Dei kjem ikkje til å slutte med det no.

I bunken av høyringsfråsegn er det teknologane i foreininga Tek Norge som best artikulerer mi bekymring. Dei er krystallklare. Ei aldersgrense vil gjere internett mindre trygt. Ein risikerer å «dytte dem til uregulerte og dårlig modererte plattformer som ligger utenfor både norsk og europeisk lovgivning».

No er ikkje ei interesseforeining for «det digitale næringsliv» ein heilt objektiv spelar, men historia tyder på at dei har eit solid poeng.

Foreldre som ikkje forstår nokon ting

I 1999 lanserte unge Shawn Fanning den amerikanske fildelingstenesta Napster, og ei heil verd fekk auga opp for kor lett og praktisk det var med fildeling. Plateselskap og andre som tapte pengar, saksøkte tenesta i senk. I 2001 var det over for Napster. Alle gjekk tilbake til å kjøpe cd-plater. Nei, dei gjorde jo ikkje det. Heimesnekra alternativ dukka opp som paddehattar. Ofte på serverar langt unna amerikansk rettssystem.

Kompetansenivået hos foreldra som allereie er svakt, vil med dette bli endå svakare

Det er ikkje å føretrekke at klasse 7B-chatten flytter til ein obskur tråd på Freak.no. Eller at dottera di chattar i veg på Tise. Eller kor det no blir. Eg veit ikkje. Det er poenget. Kompetansenivået hos foreldra som allereie er svakt, vil med dette bli endå svakare.

Våre barn er ikkje første generasjon som veks opp med sosiale media. Det er me som er tredje generasjon foreldre som ikkje «forstår noko ting». Men i motsetnad til våre forgjengarar har me ei historie å lære av. La oss ikkje stenge ute barna før me har eit betre alternativ å tilby dei.

Read Entire Article