Årets andre og siste måneformørking er rett rundt hjørnet, og denne gongen treng ein ikkje stå opp grytidleg for å få den med seg.
Heile formørkinga varer nemleg frå klokka 17:23 fram til 22:59 søndag kveld.
I store delar av landet vil måneformørkinga vere total i tidsrommet mellom klokka 20:00 og 20:30, det vil seie at månen blir heilt skuggelagt av jorda.
Sjå tabell lengre ned i saka for kva tider som gjeld der du er.
Kor i landet kan du sjå den?
Meteorolog Håkon Mjelstad seier det vil vere mogleg å sjå formørkinga i store delar av Sør-Noreg.
– Stort sett heile Austlandet har gode sjansar, også Sørlandet. Vestlandet sør for Stadt er meir usikkert.
– Vestlandet nord for Stadt og Trøndelag har gode moglegheiter. Lenger nord kan eg ikkje love noko som helst, seier meteorologen.
Årsaka er at det skal kome ein god del skyer. Men det er ein stad i nord ein kan sjå formørkinga, nemleg i ytre strøk av Finnmark.
Men Mjelstad seier alle bør følgje med.
Kvifor oppstår ei måneformørking?
Fenomenet oppstår når jorda beveger seg mellom sola og månen, slik at den kastar ein skugge over månen.
– Ei måneformørking skjer når sola, jorda og månen ligg på linje. Og i dette tilfellet då at jorda ligg i midten, og skuggar dermed for det sollyset som normalt ville belyst månen slik som vi ser den på ein vanleg kveldshimmel.
Det forklarar Pål Brekke, som er fagsjef for romforsking ved Norsk romsenter.
Pål Brekke er fagsjef for romforsking på norsk romsenter.
Foto: Terje Bendiksby / NTBBlodmåne
– Når sollyset ikkje når fram til månen, så skulle i prinsippet månen bli heilt svart. Men likevel får vi sjå ein slags raudaktig måne. Det skuldast at noko av sollyset som skin gjennom jordatmosfæren blir bøygd inn mot månen.
Han forklarar vidare at dei ulike fargane i sollyset blir bøygd ulikt, og derfor er det stort sett berre det raude lyset som når fram. Derfor blir det kalla blodmåne.
– Formørkinga er synleg i nesten heile Noreg, unntatt Svalbard. Der ligg det for langt nord, så der er vel ikkje månen synleg for dei.
Sjølv om den totale formørkinga sluttar, vil det vere delvis måneformørking utover kvelden.
Håper han kan få det med seg
Jens Holsbøvåg-Lyngstad er fotograf, og har det som både jobb og hobby.
Han har tatt bilete av både nordlys og stjerner, men dette blir første gongen han kan få eit bilete av måneformørking.
Fotografen har tidlegare tatt desse bileta av både nordlyset og stjenene.
Foto: Jens Holsbøvåg-Lyngstad / Privat– Eg har aldri hatt sjansen til å sjå ei måneformørking. Om forholda legg til rette for det, så må ein jo ta seg ein tur ut og prøve å få med seg den.
Ved bustaden i Nesjestranda i Romsdal, har han gode forhold til å få med seg måneformørkinga, då det ikkje er for mange gatelys der.
Jens Holsbøvåg-Lyngstad har tidlegare tatt desse bileta av fullmånen.
Foto: Jens Holsbøvåg-Lyngstad / PrivatMen dersom vêret blir skya, lir han inga naud.
– Nei, då blir det sofaen og TV, seier han latterfullt.
Romforskar Pål Brekke påpeiker at ein bør vere ein plass med god sikt for å sjå dette best mogleg.
– Månen står veldig lågt på horisonten, så den kjem opp midt under sjølve formørkinga. Det betyr at du må kome deg ein plass kor du har fri sikt langs horisonten. Du må ikkje så bak bygningar eller høge fjell.
Skal du sjå måneformørkinga?
Denne avstemningen viser ikke hva befolkningen mener om spørsmålet. Resultatet viser hva de som selv har valgt å stemme mener, og avstemningen har ikke et utvalg som gjør den representativ for alle som bor i landet.
Vêrmelding
Slik blir vêret der du er:
Har du bilete frå måneformørkinga? Send dei til oss i dette skjemaet:
Publisert 07.09.2025, kl. 11.40