Sonen til artist blei kidnappa: «Æ har hata livet mitt siden det der»

2 weeks ago 11



Før 8. mai 2023

Fleire av dei tiltalte for medvirking til ran av artisten og dei som er dømt for kidnapping av sonen til artisten har kontakt via telefon.

Det er telefonsamtalar og noko meldingar.

8. mai 2023

Fleire av dei trønderske ungdommane som er dømt for å kidnappe sonen til artisten har kontakt via telefon, Instagram og meldingstenesta Signal.

Nokon av dei har også kontakt med svensken som er tiltalt for organisert grovt ran.

Natt til 9. mai 2023

23:30: Sonen til artisten blir tvinga inn i ein bil av tre av dei dømte ungdommane. Han blir køyrd til bustaden til ein av dei, der han blir halden fanga i nokre timar.

00:25: 17-åringen i Trondheim blir køyrd av 19-åringen tilbake til artisten, for å sette artisten i kontakt med svensken og 25-åringen som er tiltalt for å rane artisten.

Eit bilete av at sonen har ein pistol mot hovudet blir vist til artisten som blir trua med at sonen blir drepen med mindre han betalar 1,5 millionar kroner.

Samstundes som dette skjer er sonen framleis kidnappa og halden fanga.

03:30: Sonen til artisten blir pressa inn i bilen like ved der han var halden fanga. Dette filma eit vitne og sende til politiet.

Sonen blir tatt med til ei anna adresse og halden fanga der.

Rundt 04:30: Sonen får gå og tar bussen for å kome seg heim.

I etterkant av dette har dei dømte ungdommane framleis kontakt fram til dei blir arrestert av politiet dei to neste dagane.

9. mai 2023

Artisten er i tre telefonsamtalar med svensken og/eller 25-åringen frå Austlandet. Samtalane varar i til saman 14 minutt.

10. mai 2023

Artisten snakkar på telefon med svensken og/eller 25-åringen på til saman 6 minutt.

16. mai 2023

Artisten mottek ei melding med trussen om at han og familien skal parterast dersom han ikkje betalar:

«Du har til slutten av denne uka på å betale 1,5 millioner kroner før alle på lista får besøk. En etter en skal jeg partere familien din.»

Namnet og adressa til fleire av familiemedlemmene blir lista opp i meldinga.

18. mai 2023

Artisten er i tre telefonsamtalar med svensken og/eller 25-åringen på til saman 8 minutt.

19. mai 2023

Artisten er i ein telefonsamtalar med svensken og/eller 25-åringen på 3 minutt.

20. mai 2023

Artisten er i ein telefonsamtalar med svensken og/eller 25-åringen på 10 minutt.

22. mai 2023

Artisten er i ein telefonsamtalar med svensken og/eller 25-åringen på 5 minutt.

23.–31. mai 2023

Artisten betalte 750.000 kroner til 25-åringen som er tiltalt for grovt ran av artisten.

Politiet har i etterkant klart å sikre 107.000 kroner av dei utbetalte pengane.

2. juni 2023

22. desember 2023

Dei fire trønderske ungdommane blei dømt i Trøndelag tingrett for kidnapping av sonen.

To av dei blei også dømt for medverking til ran av artisten.

8. – 23. april 2024

Rettssak mot dei seks som er tiltalt for medverking til ran av artisten.

Read Entire Article