Søppeldykking i Noreg går viralt – sett 17 millionar gongar

2 weeks ago 14



Salat, eple, bananar, appelsinar, frosenpizza, yoghurt, kaffi og brus.

Søppeldunken bognar av mat.

To personar hentar varer og fyller store plastsekkar. Sekkane blir med heim, og skal bli til måltid for søppeldykkarane.

«Søppeldykking i Noreg kjennest som vanleg matvarehandling», står det over videoen.

Den er sett over 17 millionar gongar på Instagram og TikTok. Videoen har også nådd Paula Kwonyike frå Kenya.

Paula Kwonyike (Kvonyke)

Paula Kwonyike er ei av mange verda over som har sett videoen av søppeldykking i Noreg.

Foto: Privat

– Dette ser ut som god mat, til og med fersk frukt. Kvifor er det i søppelet?

– Eg lurer på kvifor etande mat blir kasta, i staden for å gi den til nokon som treng den.

Dette seier Coop om matkasting

Det er ingen i daglegvarehandelen som ønskjer å kaste mat. Det er utelukkande negativt, både økonomisk, miljømessig og etisk. Så er det ei rekkje forhold som gjer at matsvinn er vanskeleg å unngå. Den store barrieren er optimal planlegging. Vi klarer ikkje å utarbeide perfekte prognosar, altså at vi har akkurat riktig mengde varer, av riktig type, på riktig stad, til riktig tid.

Knut Lutnæs, senior kommunikasjonsrådgivar

Dette seier Norgesgruppen om matkasting

Dette er bilde vi ikkje ønskjer å sjå og heller ikkje kjenner oss igjen i. Vi har jobba systematisk med å redusere matsvinn og har redusert det med 40 prosent sidan 2015. Det siste året har vi innført nedprising av frukt, grønt og bakst, og ser tydeleg at voluma som blir kasta går ned. Det vi ikkje klarer å selje eller donere av overskotsmat går til dyrefôr eller biogassproduksjon.

Kine Søyland, kommunikasjonssjef

Dette seier Rema 1000 om matkasting

Vi jobbar dedikert med både gode bestillingsrutinar, behaldningskontroll, rullering i butikk og nedprising. Det finnast likevel tilfelle der maten endar opp som matavfall. Mat som ligg i våre avfallskonteinarar bør derfor ikkje bli spist, fordi ein ikkje har kontroll på mattryggleiken. Vi tilrår å heller nytte seg av prisa ned varer som nærmar seg utløpsdato.

Lydia Lineikro, leiar for kvalitet

Svinn for 20 milliardar

Det er Nela Michutová frå Tsjekkia som har laga og publisert videoen.

Ho har budd og jobba i Noreg fleire gongar. Då dykka ho etter søppel ein gong i veka.

Ho seier til NRK at opptaka i videoen er frå i fjor, og at søppeldunkane tilhøyrer ein Coop-butikk i Bergen.

– Det er ingen i daglegvarehandelen som ønskjer å kasta mat, seier Knut Lutnæs, kommunikasjonsrådgivar i Coop.

Sjå heile svaret til Coop nedst i saka.

søppeldykking

Denne søppeldunken tilhøyrer ein daglegvarebutikk i Bergen, ifølgje eigaren av videoen.

Foto: Privat

I kommentarfelta er folk nysgjerrige på om videoen er ekte.

– Eg trur videoen er ekte, men forstår godt at folk lurer. Det er sjokkerande at ein kastar mat som er fullt etande, seier Ingrid Kleiva Møller.

Ho er fagrådgivar i miljøorganisasjonen Framtiden i våre hender. Ho sat også i Matsvinnutvalet.

– Det blir kasta heilt enorme mengder mat, dessverre. Dette viser at vi treng ei tydeleg lov for matkasting.

Ingrid Kleiva Møller

Ingrid Kleiva Møller er fagrådgivar i miljøorganisasjonen Framtiden i våre hender.

Foto: Knut Neerland

I snitt kastar nordmenn tre brød og 2,9 kilo frukt og grønt kvart sekund, viser tal frå Norsk institutt for bærekraftsforskning.

Årleg kastar kvar og ein av oss 43 kilo mat. Verdien er på over 20 milliardar kroner.

Søppeldykking, eller «dumpsterdiving», går ut på å leite etter brukbare varer som nokon har kasta. I Noreg er det ulovleg, fordi det blir sett på som steling.

Halvert innan 2030

Paula i Kenya meiner vi må gjere meir for mindre matsvinn.

Det er Tord Dale einig i. Han er berekraftssjef i Virke.

– Det kan vere gode grunnar til at mat blir kasta. Til dømes kan det vere mugg på. Men butikkane må bli flinkare til å finne løysingar, seier han.

Frankrike har ei eiga matkastelov. I januar leverte Matsvinnutvalet sine forslag til korleis halvere matsvinnet innan 2023.

Dale meiner ei eiga lov ikkje er det viktigaste for å få ned svinnet.

– Ubehageleg

Influensar Kornelia Minsaas er ein av dei ivrige søppeldykkarane i Noreg. Ho meiner systemet ikkje er godt nok.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) seier det er ubehageleg å sjå videoen som har gått viralt.

Andreas Bjelland Eriksen

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap).

Foto: NTB

– Det er store mengder bruktbar mat som blir kasta. Ingen bonde står grytidleg opp for å produsere mat for at vi skal kaste den.

– Kva vil du som minister gjere for å få ned matsvinnet?

– No jobbar vi med å følgje opp forslaga frå Matsvinnutvalet. Eg trur vi må gjennomføre tiltak på alle område. Det handlar om informasjon, nye krav og å dytte folk i riktig retning.

Hjelp frå kunstig intelligens

I kampen mot matsvinn kan kunstig intelligens spele ei viktig rolle.

Tord Dale er leder for bærekraft/ politikk i Virke

Tord Dale er berekraftssjef i Virke.

Foto: PRESSEFOTO

Dale i Virke fortel at dei har tatt initiativ til at teknologiselskap og daglegvarebransjen kan møte kvarandre.

– To konkrete eksempel er at butikkar no brukar QR-kodar for å få betre oversikt over utløpsdatoen til ulike produkt. Andre brukar kunstig intelligens for å føresjå kor mykje brød ein treng.

Publisert 14.04.2024, kl. 20.25

Read Entire Article